Har aldri tenkt på meg sjølv som dikt-elskar, ikkje ein gong som diktlikar. Så ein dag plukka eg med meg ei tilfeldig bok frå biblioteket. Trudde det var ei roman. Det var det altså ikkje. Det var ein masse dikt inni ho. Og eg likte dei. Veldig godt.
Djupe og symbolikkrike dikt fenger med ikkje heilt, så her har eg samla dei diktverka EG liker. Ukomplett liste som kjem til å vekse med tida.

Tek meir enn gjerne mot tips til bøker i same gate, så om du har noko å anbefale; kom med det.


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Måtte smile litt av skildringa av korleis du oppdaga at du er ein diktlikar. Men kva for ei samling var det som starta det heile? (Eg sit og tippar på Hovland)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då gjetta du godt! Eg las "Katten til Ivar Aasen møter Hunden frå Baskerville " utallige gonger som ungjente, og har sidan då vore stor fan av Hovland, og av Rune Belsvik. Skriv ein del små-lyrikk sjølv også, men ikkje noko "seriøst" (som i at eg tenker å gjere noko meir med teksten enn å la han forbli inni datamaskinen). Så "gløymde" eg av lyrikk ein stund (fordi eg skreiv ein roman, og dermed hadde fullt fokus på roman-formen) heilt til ei rosa bok (Elsket og Savnet, av Endre Ruset) fenga meg for halvanna år sidan.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var nok først og fremst fordi boka stod øverst på lista at eg tippa på den. Pluss at du i ein annan tråd framheva ei anna av Hovland sine bøker som favorittar i 2016.

Så må eg innrømme at eg blei fryktelig nyfiken på romanen du har skrive. Er den på manuskript-stadiet, eller har den kome ut? Er det lov å spørje kva den heiter?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg starta på boka for fire år siden og hadde ingrunn gitt opp heile prosjektet etter mange "nesten"-er hos fleire forlag. Har fått ein del konsulentuttalelsar, som er meir enn dei fleste får, så forsøker å halde meg positiv. Har no fått kontaktinformasjon til personar hos eit forlag, og har eit anna forlag som har bedt meg skrive litt om (korte ned, for det meste) og sende tilbake. Så no skal eg gjere eit siste forsøk. Boka heiter Ingenting og er ein slags oppvekstroman. Psykiske lidninger, familiekonfliktar, kjærleik, og idrett er nokre av temaene. Skal som sagt i gang no med å skrive om/redigere ein siste gong ...så om du mot all formodning skulle ha tid og lyst til å vere testlesar så må du gjerne sei i frå! :-)

Fekk forresten mi første tekst utgitt no i haust - og sjølv om det berre var eit lite bidrag i ein antologi, så gav det veldig meir smak!

Har ei anna roman også liggande, den har eg ikkje sendt i frå meg enno. Den heiter Skilpaddegull, og er ein slags dagbok kor vi følger ei arbeidsledig kvinne og ein kreftsjuk gutunge (historiane deirar går inn i kverandre) gjennom eit år. Mykje humor, mykje alvor, ein del satire, og mykje aktuelt stoff - både frå politikken og elles.

Ps: eg kan egentlig ikkje nynorsk ... byrja berre skrive det fordi eg fekk det føre meg at eg skulle lære det ein gong for alle ...så det blir veldig "på liksom" til tider. Eg "slapp" nynorsk på videregåande fordi eg budde i USA heile ungdomstida og dermed låg så langt bak dei andre reint språklig. Har i tillegg dysleksi ... (tru det eller ei! Finst vel knapt eit mindre eigna yrke då enn forfattar...hehe)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Oi, det høyrest ut som at dette er eit prosjekt som er liv laga.

Eg har ingen er faring med å vere testlesar for skjønnliteratur, men har korrekturlest ein del faglitteratur (avhandlingar, tidsskriftartiklar, rapportar etc.) Skulle "grinete middelaldrande menn" vere i målgruppa for romanen, så kan eg alltids prøve. Eg har uansett veldig sansen for oppvekstskildringar. Men la meg advare om at eg er frykteleg dårleg på tidsfristar, det er ein viss risiko for at ei eventuell tilbakemelding kjem 2 veker etter at romanen er gått til trykkeriet ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ingen tidsfrist :-)
Jeg ber egentlig bare om kritikk, hva som helst som kan gjøre boka best mulig før jeg sender den inn (og sannsynligvis blir refusert). Så kan jeg iallfall vite at jeg har gjort mitt beste. Du er ikke heeelt i målgruppa, men ett hvert kritisk blikk er nyttig :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

NerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine Olsrød