Sjølv om tittelen tyder «Gabriela, nellik og kanel» så handlar boka i liten grad om nellik og kanel, men ganske mykje om Gabriela. Men mest av alt handlar den om byen Ilhéus på nordaust-kysten av Brasil.

Den sørlege delen av delstaten Bahia, der Ilhéus ligg, opplevde ein eventyrleg økonomisk vekst på 1920-talet på grunn av kakao-plantinga i området. Med utviklinga av kakaohandelen så blei det også eit maktskifte i regionen, frå dei mektige og krigerske jordeigarane til kakao-eksportørane og handelsstanden. Grunna vanskelege havneforhold måtte kakaoen først fraktast landevegen til delstatshovudstaden Salvador, og dermed mista Ilhéus store inntekter frå den vidare eksporten. Sjølve katalysatoren for, og symbolet på, det omtalte maktskiftet var etableringa av ei havn i Ilhéus som var stor nok til å ta imot lasteskip for direkteeksport av kakao.

Det er midt i desse omveltningane vi blir kjende med Nacib, ein livsnytar av Syrisk herkomst som driv ein populær bar i Ilhéus. Når kokka hans pakkar saman og reiser kvelden før han skal servere for eit viktig middagsselskap kjem han i knipe, for det er umogleg å oppdrive kokker i byen. Ved eit slumpetreff kjem han over Gabriela, som har flykta frå tørken i innlandet for å finne ein leveveg i byen, og det viser seg at ho lagar fabelaktig mat. Når ho i tillegg er ei særs attraktiv dame ligg det an til både romantikk og forviklingar.

Kjærleikshistoria er, sjølv om retninga den tek vakte moralsk forargelse i Brasil då boka kom ut i 1958, likevel den minst interessante delen av boka. Det som virkelig løfter forteljinga er Amado sine skildringar av eit rikt og variert persongalleri. Scenene frå byen er mala ut med humor og varme, og ein får beint fram lyst til å klatre inn i boka for å slarve litt saman med gamlekarane i bokhandelen, slenge seg nedpå ein time eller to i baren til Nacib om ettermiddagen, eller dra på rangel nattestid. Og det beste er at når boka er ferdig, så følest det som om eg har vært med på alt dette.

Dette er ei av Amado sine mest kjende bøker, oversatt til over 30 språk, og den er filmatisert i fleire omgangar, tre gangar som TV-serie (1960, 1975 og 2012) og som kino-film (1983). Kinofilmen er å finne her.

Baren til Nacib, Bar Vesúvio, fantest forøvrig i virkeligheita og lever enno i beste velgåande (og det er sikkert ikkje ein ulempe med reklamen frå boka).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Det er utruleg kva ein kan slumpe til å finne på dette internettet. Eg var innom bokklubben sitt romjulssal, klikka meg innpå ei bok som var ukjend for meg og som viste seg å vere ein samling med erotiske tekstar, og der finn eg pinadø ein videosnutt der Jon Michelet (han er påkledd, heldigvis) framsnakkar Jorge Amado og denne boka spesielt.

Det overraska meg at eit utdrag frå denne boka finn vegen inn i ei slik samling, og eg held framleis fast ved at kjærleikseventyret er den minst interessante sida av boka. Men eg har stor sans for Amado, og det gleda meg å sjå at Michelet har same oppfatning.

Videosnutten:
http://bcove.me/mhez23c0

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så spennende - og forfatterens fulle navn er "Amado"? Jeg fikk lyst til å forsøke å finne en oversettelse til engelsk eller skandinavisk! Som du forstår, har jeg null peiling på brasilianske forfattere - og dette virker som et supert sted å starte å gjøre noe med dét. :)

ETA: vel, jeg har liggende Teresa Batizta av en forfatter ved navn Jorge Amado, da - er dette samme forfatteren, Jostein???

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jorge Amado, ja. Same mann. Tereza Batista er etter det eg forstår litt i same gata som Gabriela. Har ikkje lest den enno, men den stend høgt oppe på lista over brasilianske bøker eg skal lese.

Forøvrig er det ikkje så mange bøker som er omsatt til norsk så langt eg veit. Ved siden av Tereza Batista veit eg om berre ei anna, Det store bakholdet eller noko slikt (Tocaia Grande på portugisisk). Men eg trur dei fleste er å få tak i på engelsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Aha. Da bør jeg kanskje finne frem Tereza Batista før jeg eventuelt legger ut på jakt etter Gabriela. Det er på høy tid å få lest noe brasiliansk litteratur - godt med tips fra kjentfolk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Håper du liker den. Jorge Amado har i alle fall blitt ein favoritt for meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det klassiske spørsmålet er: hvor har jeg gjort av den? ;P

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fann du den? Eg tenker meg i gang med denne no, på portugisisk. Reiknar med å bruke minst 4 veker på den, kanskje så mykje som 8 (jaudå, eg skal lese andre bøker i tillegg).

Om du ikkje har lest den enno, så kunne det jo kanskje vere moro med litt prat dersom du skulle finne på å lese den i same perioden,

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

HanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHarald KHeidiMads Leonard HolvikElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupsiljehusmorHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaaseStine SevilhaugInge KnoffGro-Anita RoenKirsten Lundtommy meyerSynnøve H HoelTonje Sivertsen