Ove er ein prinsippfast stabeis på 59 år som har mista kona si for nokre månadar sidan, no har han også mista jobben sin, og han tenkjer det er like greit å ta sjølvmord slik at han kan gå i grava attmed kona. Men så var det dette forbaska livet, då, som trengjer seg på frå alle kantar. Naboar som ikkje kan å rygge med tilhengar, ein heimlaus katt, eit forelska avisbod, det blir vanskeleg å få ei roleg stund for seg sjølv der ein kan gjere ende på alt.

Forteiljinga veklsar mellom hendingar i notid, og å fortelje om livslaupet til Ove. Han lærte seg tidleg verdien av å gjere ordentleg arbeid, og av å kunne hjelpe seg sjølv. Og ikkje minst verdien av å eige ein Saab. Men han opplever mykje motgang gjennom livet, og når han frå før av er ein ganske ordknapp type så gjer dei bitre livserfaringane til at han blir ein mildt sagt spesiell type.

Tonen i boka er humoristisk. Men eg har nok blitt ein gamal surpomp med åra, for vittigheitene traff meg berre sånn middels godt. Jaudå, av og til måtte eg flire, men fleirtalet av poenga blei litt for enkle etter min smak. Men så skal det også seiast at eg køyrer Mitsubishi. Dette har nok ein god del med saka å gjere.

Alt i alt ei triveleg historie, vittig og trist på same tid. Men eg kjem nok ikkje til å prioritere å lese dei neste bøkene av Backman, i alle fall ikkje med det første. Kanskje dersom eg ein gang i framtida finn på å kjøpe ein Saab?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 3 svar.

"Men eg har nok blitt ein gamal surpomp med åra, for vittigheitene traff meg berre sånn middels godt. Jaudå, av og til måtte eg flire, men fleirtalet av poenga blei litt for enkle etter min smak. Men så skal det også seiast at eg køyrer Mitsubishi. Dette har nok ein god del med saka å gjere."

Eg har i så fall rukket å utvikle meg til ei like stor surpomp med mine 28 leveår, og om det er slik utviklinga er så kan jo verda glede seg til min alderdom... huff! Eg opplever nemlig desse (har bare lest ei og ei halv) "humor"-bøkene av Beckman på samme måte som deg (trur eg); at humoren til tider blir så påtvunget, enkelt, og forutsigbar at eg faktisk blir irritert!

Det virker for meg som om dersom ein blir kjend for å vere morsam, så vil ein fort hige etter dette slik at det blir for mykje, og litt tvunget. Eg syntes dette er litt av tendensen hos andre forfattare i samme sjanger også (som f.eks Erlend Loe - eg likar veldig godt hans tidligste bøker. Dei nyaste derimot ... "Not so much", på godt nynorsk).

Eg køyrer for så vidt ikkje Mitsubishi (har faktisk ikkje lappen!), så eg trur ikkje du trenger å tenke på å bytte bil for å få meir glede ut av bøkene!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du skal sjå vi havnar på same gamleheimen til slutt. Stakkar pleiarar, seier eg berre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Pleiarne er nok outsourca av roboter innen mi tid kjem ... så det bør gå fint!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikMalinMarianne AugustaAnn ChristinSynnøve H HoelIngvild SStine AskeKirsten LundEli HagelundGrete AastorpTheaKristofferDaffy EnglundlittymseGro-Anita RoenTine SundalAlex NietoMalinn HjortlandAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryBjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete Gjessing