Parallelt med Kongens fall les eg no i Ditte menneskebarn, også frå Danmark, men frå noko nyare tid (har vondt for å tidfeste handlinga, men eg førestiller meg seint 1800-tal). Her dukkar også skaberakk og rakkar opp, men tydingane har endra seg frå dei opphavelege.
Helga var ålreit, den. Eg har tatt ei lita pause frå lesesirkelboka Kongens fall, for ikkje å kome i mål så altfor tidleg. Men eg held meg i Danmark, for eg har nemleg starta på Ditte menneskebarn av Martin Andersen Nexø. Fin bok så langt, og glimtvis heilt fantastisk.
Det blei ein del bilkøyring i helga, og dermed kom eg også til endes i The Phantom of the Opera. Meir køyring på torsdag denne veka, så eg må snart finne ut av kva neste lydbok skal bli.
Vonar de andre også har hatt ei fin helg.
Mine bokmerke for bruktbok-søk, utover antikvariat.no:
http://antikvariat.samlaget.no/
http://askbok.no/
http://www.bokbua.no/
http://bokbyen.no/
http://nettbutikk.bokbyen-skagerrak.no/
http://www.bokloftet.no/
http://www.bokmarkedet.no/
http://www.bokpanett.no/
http://www.nomeantikvariat.no/
http://www.osebroantikvariat.no/
https://pbok.no/
http://www.skiensantikvariat.no/
http://stavangerantikvariat.no/
Enkelte av desse er nemnde lenger nede i tråden.
Eg har handla på rundt 1/3 av desse nettstadane, og har hittil berre hatt gode opplevingar.
PS, den første lenka, frå samlaget, er ikkje bruktbøker, men rest-lager av gamle bøker. Dyrt, men forhåpentlegvis ubrukt.
Etter hva de gamle fortalte skulle slektas stammor ha vært en jordarbeiderske som hvilte seg med bart sete på den våte jorda. Det ble hun fruktsommelig av og fødte en gutt. Dette ble siden ved med å være et særtrekk i slekta, dens kvinner gikk nødig med undertøy, og barn fikk de for et godt ord. Ennå heter det om dem at de bare trenger å stå i dørtrekken og straks blir de med et pikebarn. For å få en gutt skal de bare suge på en istapp. Det er ikke noe rart at det ble en tallrik og hardfør slekt, som det alltid grodde under hendene på.
Det har alle dager vært betraktet som et tegn på høy byrd å kunne telle anene sine langt bakover, og således kommer Ditte Menneskebarn høyt på strå. Hun tilhører den eldste og tallrikeste slekta i landet, slekta Mann.
Ditte menneskebarn I av Martin Andersen Nexø
"Mauclair! Poor devil! He is dead!"
But Mr. Commissary Mifroid, whom nothing surprised, was stooping over that big body.
"No," he said, "he is dead-drunk, which is not quite the same thing."
(Chapter XX)
Tittelen på boka kan oppfattast som misvisande, jomfrua som tittelen spelar på opptrer i særs begrensa grad i boka, og sjølv om ho var ei viktig brikke i maktspelet som utspelte seg så var ho ikkje i særleg monn utløysande eller avgjerande for hendingane som blir skildra. Drivkrafta for historia er maktsykje, og hovudpersonane er viljuge til å gå svært langt for å drive igjennom viljen sin.
Tittelen kunne like godt vært «Svik og bedrag i Norden», for heile historia er ein orgie i renkespel, løynlege alliansar, brotne lovnadar og omsynslaus egoisme. Dei tre kongane i Norge, Danmark og Sverige rundt år 1300, Håkon Magnusson, Erik Menved og Birger Magnusson, var om lag jamgamle, og bytta på å slå seg i lag tosaman for å krige mot den tredje. Når dei krakilske småbrørne til Birger også har lyst til å leike konge, så gjeng det over stokk og stein med alliansar, felttog, beleiringar, nedbrenning av heile landsdelar, og kappesnuing. For her er det mange som snur kappa etter vinden. Men innimellom kriginga så presterer pinadø dette persongalleriet innimellom å møtast til fest og muntert lag. Forstå det den som kan.
Skeie gjer ein framifrå jobb med å lage ei drivande god og leseverdig historie ut av det tilgjengelege kjeldematerialet. Det manglar ikkje mykje på at dette kunne vært ein roman, og det hadde vært fullt mogleg å føre den i pennen som nettopp det. Men Skeie er historikar, og hyppig bruk av fraser som «det var sannsynligvis» og liknande, samt ein og annan fotnoten i teksta, minner lesaren på at dette trass alt er sakprosa.
Ved sidan av å vere ei fascinerande forteljing om maktkampen mellom dei mektigaste personene i Norden rundt år 1300, så er boka også særs opplysande om korleis samfunnet fungerte på denne tida. Forfattaren løfter av og til også blikket, og set tilstandane i Norden inn i eit europeisk perspektiv. Det blir også synleggjort korleis den norske militære kapasiteten blir utdatert på denne tida. Alt i alt ei underhaldande og lærerik bok. Kan trygt anbefalast for alle som måtte ha det minste snev av interesse for historie.
Det er ikkje så lenge sidan eg las denne, så eg kjem nok ikkje til å lese den frå perm til perm på nytt. Men eg kjem nok til å ha den liggande framme, og følge med på diskusjonen undervegs.
I tilfelle nokon prøver å finne ut av dette med bøker som blir til film i 2017:
Bookdepository har laga ei oversikt
Slik var den, krigen, meningsløs og i grunn temmelig banal. Den gikk fram og tilbake, fram og tilbake. Man vant og man tapte, og vant litt igjen, og så befant man seg gjerne der man begynte, uten å ha utrettet stort annet enn å drepe en masse mennesker og plyndre og brenne husene til dem som ikke hadde noe med konflikten å gjøre.
Så gikk det litt tid, og så begynte man på igjen.
Eg tykte Sikker var eit litt pussig fornamn, så eg måtte søke litt. På wikipedia finn eg at mannen eigengleg heitte Aage Sikker Hansen. Så då er vel Sikker eit etternamn, då? (sikkert ...)
Eg måtte også tenke på denne sangen om Højbro Plads. For ikkje å snakke om at eg måtte kike på Google maps. Hyskenstræde er ikkje lange stubben.
Det ser ikkje ut for at nokon av bøkene hennar er i handelen nett no, i alle fall så langt eg greier å sjå. Dermed må du kanskje leite rundt på bruktbutikkar, antikvariat etc. for å finne bøker av henne, i alle fall dersom du skal ha dei på norsk. Eg søkte på antikvariat.net, der var det nokre få bøker på dansk og svensk, men ingen på norsk. Men det er jo mange antikvariat og bruktbutikkar som ikkje er dekka av antikvariat.net, så med litt tålmodigheit og pågangsmot så gjeng det kanskje an å finne noko.
Klart, dersom du like godt vil lese bøkene på engelsk, så er det ein annan sak. Eg ser at bookdepository har mange av bøkene hennar. Eg har sjølv handla på denne nettstaden ved fleire høve, og har så langt berre gode erfaringar med dei.
Sikker Hansen er også illustratør i den norske utgåva. Eg gjeng ut frå at det er same teikningane, men er sjølvsagt ikkje sikker.
Eg måtte sjekke om det er ein serie, men det ser ikkje ut for at det er det. De har vel sett framsida til eller endåtil lest dei presumptivt flotte bøkene om kroppen som har vært populære dei siste par åra, og med rimande og smått humoristiske titlar:
Sjarmen med tarmen
Hjernen er stjernen
og i kveld ser eg at det kjem ei bok til med tittel over same malen
Det er nesten så ein skulle tru at det var bøker i eit fleirbinds-verk, men sidan bøkene er utgjevne av høvesvis Cappelen, Kagge og Aschehoug forlag gjeng eg ut frå at det ikkje er nokon samanheng utover at tittelane til dei seinaste er inspirert av den første, evt at alle tre har ei felles inspirasjonskjelde.
Men kva blir den neste boka ein får sjå om kroppen, med tilsvarande inspirert tittel?
Nesen er sjefen?
Gallen på pallen?
Pungen er kungen?
Det skal bli moro å sjå.
Tja ... ser man på terningkastfordelinga så er det ikkje så veldig utruleg, der er 20 andre toarar også. For ikkje å snakke om 11 einarar. Men dei gode terningkasta er trass alt i solid fleirtal, så det er jo statistisk grunnlag for å vente at ein tilfeldig lesar heller vil like enn mislike den.
Reikner med at ajiniakra opprettar ein diskusjonstråd når tida er inne. Sidan det ser ut for at fleire har vanskar med å finne boka bør ein kanskje drøye nokre dagar til?
Har hatt same problemet. Ark på Jessheim har kanskje eit eksemplar på lager, dog.
Så langt (s 59) så slit eg litt med å like houdpersonen. Interessant figur, men eg greier ikkje å mønstre all verdens sympati. Skal ein studere så bør ein ha seg til sengs om kveldane, og kome seg opp om morgonen. Tenk å skusle bort moglegheitene sine på denne måten. Men det hadde kanskje blitt ei mykje kjedelegare bok dersom Mikkel var ein mønsterstudent.
Noko eg tykte var veldig artig var å få servert den eigentlege tydinga til eit knippe ord (skaberakk, harnisk, rakkar ...) som eg berre kjenner frå nyare tydingar.