He he, og Rabalder med overgangsalder ...
Eg merkar at eg slit litt med å få med meg alle del humoristiske poenga til Hval, men akkurat raljeringa over boktitlar forstod eg. Trur eg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Neidå, opplegget er krystallklart.
Det var berre eg som var litt fredags-sløv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har bestemt meg og ombestemt meg fleire gangar for kva eg skal foreslå i denne omgangen, og før eg endrar meining igjen så skundar eg meg med å spikre Familien Moskat av Isaac Bashevis Singer som mitt forslag.

Boka handlar om ei polsk-jødisk familie i Warszawa i første halvdelen av 1900-talet, eller eigentleg berre fram til 1939. Der er sparsamt med bokomtaler på bokelskere-sida til boka (bøkene, den har kome ut som eit 2-bindsverk). Derfor lenkar eg også til Goodreads-omtalene av boka. Ut frå det eg har lest om boka hittil, forestiller eg meg den som ein slags variasjon over Buddenbrooks, som vi har samlest tidlegare.

Der er i allefall eit par trivielle likskapar med Buddenbrooks, nemleg at forfattarane av begge bøkene har fått Nobelprisen i litteratur, og at bøkene kom tidleg i forfattarane sine karrierer. Singer skreiv på jiddisch, Familien Moskat kom ut på engelsk i 1950, Singer fekk Nobelprisen i 1978.

Ulempen med forslaget er at boka tilsynelatande ikkje er å få kjøpt i bokhandelen, i alle fall ikkje på norsk. Men eg har søkt litt på antikvariat.net, der ligg det mange eksemplar ute til sals. Eg trur ikkje det skal vere vanskeleg for alle som vil å skaffe seg eit eksemplar. Og uansett så har ein jo biblioteka.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ei kobling er det vel, på side 227, slutten av kapittelet På Sønderborg:

"han kom til å tenke på den unge kvinnen som Ditlev Brokdorp listet inn til ham for elleve år siden, da han hadde lagt til sengs og ikke ville stå opp igjen. Det lot seg ikke nekte at han hadde vært lykkelig med piken, hun var også virkelig vakker"

men altså ikkje viktig nok til å få eit namn i Jensen sin forteljing.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg beit meg også merke i historia om Dyveke og Sigbrit då eg las meg opp litt på Christian II i anledning felleslesinga. Det er nesten litt påfallande at ingen av dei er nevnt i Jensen sin bok (eg la i alle fall ikkje merke til det dersom dei var nevnt)

I Oslo har ein forøvrig Dyvekes gate og Dyvekes bro, som er oppkalla etter denne elskerinna. Og for å spore av ordentleg, så siterer eg fritt etter minnet;

Natten vil ingen nåde gi,
det var for sent jeg forstod:
Faktisk var jeg forelsket i
en varulv fra Dyvekes bro

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Angåande kapittelet grotte, så viser det til ei myte om ei kjempekvern, der to jotnekvinner, Fenja og Menja som er tekne som trellar, får i oppdrag å kverne fram både det eine og det andre. Vel, dei får vel strengt tatt i oppdrag å kverne fram det eine, men kverner like godt fram det andre også.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Takk! Eg lurte også fælt på kvar vi eventuelt hadde møtt Zacharias før, men det var altså den pussige feltskjæren. Forøvrig gjeng det ikkje, så langt eg kan sjå, klart fram frå boka at Zacharias og Mikkel møttest i Gråbølle den gangen, men dei var der i allefall omlag samstundes.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Om kvelden, når det led mot den tiden at portene skulle lukkes, krysset kongen hjemover. Han gikk bidevind over den ytre slottsgården, idet han holdt kurs mot porten, og når han hadde sløret seg gjennom den, seilte han nynnende og hikkende over den indre gården, hilste opp mot frostmånen og gikk over stag, med skyggen sin efter seg på den hvite sneen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På en gren ved veien sitter en kråke i det mørke snegufset. Hodet dens er altfor stort til kroppen, den ser gjenkjennende på vandringsmannen og tindrer med perleøynene, tungebrodden står langt ut av halsen på den. Den holder på å falle ned fra grenen av latter. Den blir sittende og se efter døden med gjennomtrengende lystighet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fattigjenta Ditte har hatt teneste på Bakkegarden, og har vært litt for snill mot yngste sonen på garden. Derfor flytter ho heim til den fattegslege hytta ved stranda, medan magen veks. Det blir uråd å forsørge seg ute på bygda, og ho søker derfor innover til hovudstaden. I København er det mange oppturar og nedturar, men i sum blir det mest nedtur. Og ein aukande ungeflokk på lasset.

Dette med at Ditte er for snill er eit tema som gjeng att igjennom heile boka. Heilt frå ho var lita har ho tatt ansvar for at andre skal ha det bra, men det er ingen som tek seg av Ditte. Tvert om, Ditte blir stendig utnytta av folk rundt seg, og uansett kor hardt ho slit er det uråd å kome seg ut av fattigdomen. Det blir heller verre og verre dess meir ein balar. Men det er ikkje alle som er vrange, ein får også døme på godt naboskap og samhald mellom dei fattige. Og yngsteguten frå Bakkegarden tek seg opp utover i boka.

Eg er ikkje stø i litterære stilartar, men dette må vel vere hardbarka sosialrealisme? Nexø syner på nådelaust vis kor fortvila vanskeleg det er å vere på botnen av samfunnet, og ikkje minst mekanismene som sørger for å halde folk nede. Avbetalingssystemet for symaskiner var eit grelt eksempel i så måte.

Likevel, boka er etter mi mening for ujevn til at eg vil gi den eit av dei høgaste terningkasta. Delar av forteljinga blir for skjematisk, det tenderer av og til mot klisjear. Men der er også glimt av magi, om enn litt sjeldnare enn i første bind av denne tobindsutgåva.

På slutten av boka så nemnast så vidt to menn, «Pelle» og «Morten». Er det to av dei tidlegare romanfigurane til Nexø, Pelle Erobreren og Morten den røde som har fått ei lita gjesterolle her? Vel, eg har Pelle ståande i bokhylla, svaret får eg kanskje når eg les den. Men det er ikkje sikkert det blir i år.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Lar bøndene virkelig hoppene sine arbeide mindre når de er med føll?" spurte hun på hjemveien.
"De som har litt vett gjør det," svarte Karl.
"Men da har jo dyra det mye bedre enn oss!" Ditte tenkte på hvordan hun hadde måttet henge i helt til det øyeblikket hun la seg i barselseng.
"Ja, selvfølgelig har dyra det bedre. Men de kan jo også etes når de er utbrukt - det er en stor forskjell der."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei siste kapitla av boka var kanskje dei som gjorde mest inntrykk på meg. Skildringa av visitten hjå ein lærd i Lübeck var grøssande god. Og scena med bålbrenninga etterpå var så grotesk at ein mest må tru at forfattaren må ha hatt tilgang til augevitnesklidringar, ein kan vel ikkje dikte opp noko slikt ut av lause lufta?

Så måtte eg slå opp Homonculus, som er eit "lite menneske framstilt med alkymi".

Vidare måtte eg køyre eit søk på det latinske sitatet
mugit et in teneris formosus obambulat herbis;
dette viser seg å vere ei linje frå Ovid sine Metamorfoser, og brått er eg langt utanfor komfortsona. Så vidt eg kan tolke dette så viser sitatet til at Jupiter i form av ein okse baskar rundt i det mjuke graset. Her er det freistande å avskrive heile greia som fyllerør.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

På den danske wikipedia-sida om boka spekulerast det i om forfattaren har latt seg inspirere av dette maleriet frå 1871, som viser kongen og ein tenar på Sønderborg slott, då han skapte romanfiguren Mikkel Thøgersen.

Det kan forøvrig sjå ut som om kongen nyleg har slengt ølkruset sitt i golvet, som skildra i boka.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Forøvrig kan ein nemne at paternoster-heisa også er eit element i Maskeblomstfamilien av Lars Saabye Christensen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det skulle i allefall ikkje vere vanskeleg å finne alternativ. Eg les ikkje så veldig mykje krim, har ikkje lest nokon av dei du nemner. Derimot har eg lest, og liker godt, Harry Hole-bøkene til Jo Nesbø, Trondheimskrim-bøkene til Jørgen Brekke og Kepler-bøkene om Joona Linna. Eg ser at du ikkje har nokon av desse i bokhylla di. Kanskje nokon av desse kan passe for deg?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Landegrensene i Norden flyttar jo ein del på seg i løpet av denne boka. For å sjå det i eit europeisk tusenårs-perspektiv, foreslår eg å kike på denne videoen. Her ser ein korleis dei europeiske landegrensene har skifta dei siste 1000 åra (sikkert ikkje heilt feilfri, dog). Og så kan ein berre tenke seg kor mange menneske som har slått einannan ihjel for å få teikne desse strekane på kartet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kanskje eit frampeik mot Danmark sitt medlemskap i EF i 1973?

Nei, neppe.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eit av dei grellaste bok-minna mine frå 2013 er synet som møtte meg då eg passerte Ark-butikken øverst på Nordre i Trondheim, truleg ein sommardag, der utstillingsvindauga var tapetsert med Jo Nesbø sin Politi og Dan Brown sin Inferno. Og inne i butikken var det kubikkmeter på kubikkmeter med stablar av desse to bøkene. Det gav eit absurd inntrykk av at det ikkje fantest andre bøker enn desse to som var bryet verdt å by fram til publikum.

Mistorstå meg rett, eg har ingenting imot korkje forfattarane eller bøkene, eg har lest begge to og likte dei godt. Men det var denne sanselaust einspora marknadsføringa som gjorde meg litt nedstemt på vegne av alle dei andre gode bøkene i butikken.

I dag fekk eg eit aldri så lite flashback då det gjekk opp for meg at både Harry Hole og Robert Langdon skal vekkast til live att i år, etter 4 år i dvale. Mange har sikkert fått med seg at tittelen på neste Harry Hole-bok er Tørst, og at den kjem 21. mars i år. Førehandstinginga er visst godt i gang i diverse nettbutikker. Litt færre er kanskje merksame på Brown-boka Origin. Den kjem heldigvis ein del seinare, 26. september (veit ikkje når den norske utgåva kjem). Dermed vil ein vonaleg unngå Brown/Nesbø simultantapetsering av bokhandlarvindauga dette året.

Og så må eg føye til at eg gleder meg til å lese begge bøkene. Anten i år, eller etter eit sal om eit par-tre år.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Det funkar heilt fint frå lenka di. Tusen takk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er litt tidsepokeforvirra, er vi i seinmiddelalderen eller er vi i renessansen? Renessansen brukte vel ein del år på å kome seg nordom alpane. Men uansett, eg har søkt litt i wikipedia på både middelalderdans og renessansedans. Under sistnemde fann eg ein referanse til Volta, som verkar å vere ein etter tilhøva ganske dristig pardans. Så, ja, den vesle tvilen eg hadde om korrekt historisk framstilling er i ferd med å fordunste fullstendeg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumTanteMamie