Litt trivia:

Kongen bar det Gyldne Vlies om halsen, får ein vite i kapittelet "Consumatum est". Dette er ein eksklusiv ridderorden der det stort sett er adelege som får bli med. Christian II fekk ordenen i 1519.

Når Axel og Mikkel etterpå drar på galeien, bokstaveleg tala, får ein vite at det er på eit lybsk skip. Lybsk? Eg skammar meg over at eg ikkje forstod det før eg slo opp. Frå Lübeck, sjølvsagt.

På veg inn i St. Nikolai-kyrkja veklsar Mikkel augnekast med ei dame som er herja av vattersot. Wikipedia seier dette svarar til det ein i dag kallar ødem

Inne i denne kyrkja, som er bedre kjend som Storkyrkan, vekkjer orgelmusikken sterke kjensler i Mikkel. Eg begynte å spekulere på kva slags orgel dei hadde i kyrkjene på denne tida, og om der i det heile var noko slikt. Orgelhistorie er eit fagområde eg kan ganske lite om, så då er det berre å google, då. Jau, der var truleg orgel. Men det har blitt skifta ut og ombygd mange gangar etter 1520, så tonane i lydopptaket er sikkert ikkje like dei som Mikkel høyrde.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Frå skildringane i del 2 oppfattar eg det som at det dansast pardans. Var dette tilfellet i 1520? Eg trudde pardans ved overklasse-festar var noko som kom langt seinare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjekk denne. (Litt forskjell på utfoldelsen i de to dansescenene - de kondisjonerte hadde nok en mer tekkelig stil. Men pardans foregår på begge bildene.)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tja, kanskje?
Etter 0:25, på det eg oppfattar som ein landsbyfest, ser det for meg ut som dei er i gang med ein slags danseleik, der nokre av dei dansande dannar ein gang som dei andre skal passere under (dog med rikeleg adgang til klemme litt på einannan). Og personane på 0:47 ser etter mitt syn ut som veggpryd som ventar på at nokon skal kome med stolar dei kan sitje på. Det ser mykje meir morosamt ut på landsbyfesten

Men godt søkt uansett. Og eg reiknar forsåvidt med at forfattaren har kontroll på tidskoloritten, men det kan jo vere moro å ettergå litt likevel.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sant nok: De fornemme ser ikke særlig lystige ut, men de holder hverandre i hendene! Det var neppe akseptabelt med ytterligere kroppskontakt i de finere kretser. (Men stundom gikk nok naturen over opptuktelsen, også i de miljøene vi får innsyn i her. De spytta ikke i glasset, kavalerene ved hoffet!) Både ringdans og langdans kunne være pardanser i den forstand at kavaleren fant seg ei dame å holde i handa under dansen, men parene utfoldet seg ikke aleine på dansegolvet, tror jeg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er litt tidsepokeforvirra, er vi i seinmiddelalderen eller er vi i renessansen? Renessansen brukte vel ein del år på å kome seg nordom alpane. Men uansett, eg har søkt litt i wikipedia på både middelalderdans og renessansedans. Under sistnemde fann eg ein referanse til Volta, som verkar å vere ein etter tilhøva ganske dristig pardans. Så, ja, den vesle tvilen eg hadde om korrekt historisk framstilling er i ferd med å fordunste fullstendeg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ypperlig sagt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

gretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KEllen E. MartolPiippokattaReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa