Tospråkleg er også ei grei nemning.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takk, der var den i mi stivperma bok også. Same sidetal. Skarpt observert, denne miniblemma gjekk meg hus forbi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg la heller ikkje merke til dette med kvige. No måtte eg bla attende til båtturen, eg har skumlest ein del av forteljinga på nytt men eg greier ikkje å sjå kvar Roselil er omtala som kvige. Derimot er ho omtala som "ku" ein rekke gangar, så Leine har stort sett truffe med dette.

Men på side 151 er det ein annan rar kvige-referanse, der madammen grammar seg over kor dårleg ho etter kvart meiner ho passar inn i kolonien:

"Jeg går her som en syk kvige på stallen ..."

Sjølr om eg er støttemedlem i Norsk Sau og Geit så er eg på ingen måte særleg kyndig i husdyrhald. Likevel meiner eg bestemt at det er slik at stallen er for hestar, medan kviger og anna storfe stend på bås. Eller gjer ein unntak for sjuke kviger?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du ber om ein foss, her kjem nokre dråpar frå meg:

Eg har stussa litt over ei brukbart ny reiseskildring, Turn Right At Machu Picchu av Mark Adams frå 2011. Boka er, i alle fall i følge sitt eige omslag, ein "New York Times bestseller". Men det eg stussar så veldig over er at tittelen minner mistenkeleg om ei norsk bok frå 2008, Til høgre for Machu Picchu av Heidi Hattestein. Nei, eg trur ikkje det er noko plagiat, til det er bokomtalene frå forlaga for ulike. Men dette med å ta til høgre ved Machu Picchu, kvar kjem det ifrå? Kan det til dømes vere eit ståande begrep mellom ryggsekkturistar? Kanskje finn ein ut av det ved å lese desse to bøkene. Sidan eg er for lat til å gjere det sjølv så kunne kanskje du gjere det i staden for?

Når det gjelg skjønnlitteratur frå Sør-Amerika så har eg ved fleire høve framheva den brasilianske forfattaren Jorge Amado. Eg har lest fleire av bøkene hans, og liker dei godt. Enkelte er å få på norsk, dei fleste på engelsk, og alle på portugisisk. Gabriela, cravo e canela (Gabriela, clove and cinnamon) er kanskje den beste av dei eg har lest hittil.

Vonar det kjem mange gode tips i denne tråden. Lukke til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Pakettbåt lurte eg også fælt på.
Frå Store norske leksikon:

*eldre betegnelse for hurtiggående skip i rutefart mellom bestemte havner med passasjerer, post og tilfeldig last (stykkgods)"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er mykje eg ikkje veit om sjøfart, men eg forstår likevel at det er ein fordel å ha medvind når ein skal seile, og at det ikkje er like ofte medvind langs alle ruter. Ein burde også ha lov å vente at reisene gjeng raskare etter som åra gjeng, både på grunn av utvikling av seglbåtane i seg sjølv, og på grunn av at ein får eit betre statisktisk grunnlag for å velge ruter og seilingstidspunkt der ein kan vente seg medvind, eller i det minste gunstige vindforhold. Likevel, her er nokre artige tal:

Christofer Colombus brukte 70 dagar frå Sør-Spania til Bahamas i 1492, av denne tida surra han bort nokre veker på Kanariøyene. Rundt 6600 kilometer i luftlinje, som gjev 94 km pr dag.

Ei anna seilbåtreise, frå litteraturen denne gongen, er utvandringa til Karl Oskar og Kristina i Vilhelm Moberg sitt bokverk, dei seilte i 1850 frå Karlshamn til New York (rundt 6300 km i luftlinje) og brukte også 70 dagar på dette, eller rundt 90 km pr dag. Ikkje mykje utvikling i framdrift på desse 358 åra åra altså.

Morten sin reise er på omlag 3500 kilometer i luftlinje, men har nok litt meir omvegar enn dei reisene som er nemnde lenger oppe. 6-10 veker verker derfor ikkje urimeleg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Forteljarteknisk får boka meg til å tenke på Kjærlighet i koleraens tid. I begge bøkene startar ein nær slutten av tidslinja til forteljinga, for så å ta eit langt sprang tilbake og nøste opp historia. Dette er i og for seg ikkje så eineståande, men det som eg tykte var spesielt er at det inne i den store tidssløyfa er mange mindre tiddsløyfer. Undervegs i boka så refererer Kathy ofte til ei hending, for så å gå litt tilbake i tid for å forklare eller utdjupe den nærmare. Artig.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vel vel, på ein tur innom barndomsheimen så kom eg mellom anna over ein serie med 4 bøker av Rølvaag, som berre måtte bli med i bilen med meg. Så får vi sjå når det blir tid til å lese dei.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har nok heller vært mindre tid til lesing i påska enn i ei normal helg. Har stort sett berre lest i lesesirkelboka Profeten i Evighetsfjorden, og medan eg har køyrd bil så har eg høyrt på The Lost World av Arthur Conan Doyle. Sistnemnde er mest kjend for bøkene om Sherlock Holmes, så det var nok det nærmaste eg kom påskekrim denne gongen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg starta også på boka i går, og deler inntrykket ditt. Språket er veldig bra. Og det var nok ikkje fullt så deilig å vere norsk i Danmark i denne tida, det virker i alle fall ikkje som om Morten opplever nokon overstrøymande varm velkomst. For ikkje å snakke om søstera, som er møkka lei av dette paddeflate landet. Er det forfattaren sin eigen oppleving av å flytte til Danmark ein ser konturane av her?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Boka startar på slutten av 1990-talet, ut frå alderen til hovudpersonen så bør ein del av opphaldet på Hailsham foregå på 1970- og/eller 1980-talet. Det er eit påfallande misforhold mellom elevane sin oppfatning av at dei er priviligerte, og det fatteslege miljøet dei veks opp i. Til dømes blir skrot og skrammel til skattar for desse barna. Der er også trangt om plassen. Det beste er at forfattaren ikkje gjer noko poeng ut av dette, lesaren opplever alt gjennom hovudpersonen sine auge, og ho manglar referansar til korleis forholda er for normale born.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Og brått er helga over nesten før eg har fått summa meg. Kvar blir tida av? Greit nok at eg har pusla litt i hagen, vært på sauetrening med hunden og laga ein del mat på kjøkenet, men heile helga ferdig alt?

Ikkje har eg fått lest noko særleg heller, Ringenes herre har eg ikkje røyvd sidan torsdag, men eg har kome nokre sider vidare i dystopilesesirkelboka Gå aldri fra meg. Satsar på å gjere unne denne før eg tek fatt på Profetene i evighetsfjorden i kjell k sin lesesirkel. Krim veit eg ikkje om eg rekk no i påskeveka, vi får sjå.

Ut frå innlegga her der det ut for at dei fleste har hatt ei fin lesehelg. Måtte veka som kjem bli på same måte. God påskeferie til dei som har det, og god leseveke til resten.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette høyrest nesten ut som ei bok av Agnar Mykle. Men berre nesten. Valemon skulle til Paris på ein Zündapp 250 i 1939. Svigermora di hadde tøffare sykkel og lengre veg, skulle ha likt å lest ei bok om den turen også.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Oi, det er ein tiandepart av det eg betaler. Denne brukthandelen må du take godt vare på. Sel dei brukte motorsyklar også, og med liknande prisprofil? Kan eg få deg til å tinge på ein velhalden og køyrbar Norton frå etterkrigstida til eit par tusenlappar for meg? Noko slikt, for eksempel?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Førstkomande mandag 11. april er i 2022.
Eg vonar vi kan starte noko tidlegare.
(Jaudå, eg reiknar med det skulle vere 10, april, måtte berre nytte høvet til å prøve å vere vittig)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Passar meg bra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

God helg, ja. Snart påske, og eg spekuilerer fælt på korleis eg eventuelt skal få skvisa inn noko krim, for det er full rulle med andre bøker.

Ringenes herre er eit mangevekers-prosjekt, der er eg omlag halvvegs no. Det irriterer meg forøvreg grenselaust at eg ikkje las den medan eg var i 20-åra, eg mistenker at eg hadde likt den mykje betre då. Ikkje slik å forstå at eg misliker den no, på ingen måte, men eg blir ikkje så oppslukt som eg forestiller meg at eg hadde blitt då eg var yngre.

Så har vi desse lesesirklane, då. Sleit meg igjennom siste delen av Pesten på torsdag, det vart dessverre slik at denne ikkje fenga meg i særleg grad. Så starta eg på Gå aldri fra meg same kveld, denne verkar i det minste å vere lettlest, og eg har kome godt i veg. Neste lesesirkelbok er Profetene i Evighetsfjorden, ei bok eg lenge har hatt lyst til å lese. Lesestart mandag etter palmesøndag, så ei eventuell krimbok i påskeveka bør bli kort og lettlest. Blod på snø, kanskje?

Lydbøker, ja. Eg høyrde ferdig White Fang av Jack London på veg heim frå jobbreise i går. Flott bok, og eit perfekt speilbilete av Når villdyret våkner som eg har lest (høyrt) tidlegare. Så starta eg såvidt på The Time Machine av H.G. Wells. Har litt sansen for "klassisk" sci-fi, og prøver å få med meg litt av denne sjangeren kvart år.

Bokkjøp, ja. La meg sjå, ved inngangen til året hadde eg 121 uleste bøker ståande i hyllene, og eg satte opp eit nyttårsforsett om å ha 120 eller færre ved neste årsskiftet. Taler uleste bøker har pr dato auka til 134, det er ikkje heilt håplaust, men det illustrerer vel likevel at eg har ei viss utfordring på dette området.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Flaks igjen. Ser ut for at eg sikra meg den siste innbundne boka som var tilgjengeleg på dei online-antikvariata eg veit om. Men fortvil ikkje, i alle fall ikkje for den som bur i Narvik, på Lillestrøm eller Rygge, for der er boka å få som klikk&hent på ark.

Og for den som ikkje er opptatt av å eige eit eksemplar med stive permar så er det ingen grunn til å fortvile i det heile.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Fløgstad, tenkjer et vi seier denne gongen. Grense Jakobselv er mitt forslag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Lena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaAlice NordliLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten Lund