Takk, då skal eg gjere det. Eg skal endåtil briske meg med det, heile vegen frå Briskeby til Briksdalsbreen.
Jaudå, eg såg på det før eg skreiv førre innlegg. Men sidan det på bokmålssida ikkje er gitt ordforklaring på brisk men berre blir peika vidare til briks gjeng eg ut frå at briks er den normerte forma medan brisk er tillatt sideform.
og at det på bokmål heiter briks og ikkje brisk, det har eg aldri lagt merke til før.
Denne har eg lagt merke til. Dessverre har eg ikkje den portugisiske utgåva ståande i hylla enno. Sjekka som snarast på nettet, har ikkje funne braslilanske nettbokhandlar som skipar utanlands, og på amerikansk amazon så kostar det godt over tusenlappen, eg meiner, er den pakka inn i ei gull-øskje eller noko? Får intensivere leitinga dersom denne seiler opp som eit førsteval.
Eg hentar fram eit forslag frå to år tilbake, og som, dersom eg hugsar det rett, nesten gjekk til topps den gangen, nemleg Fallet. Dagboknotater av den brasilianske forfattaren Michel Laub.
Fem gode grunnar til å velge denne boka:
1 - Den er passe kort til å lese på eit par veker
2 - Det er på tide med ei bok frå Brasil
3, 4 og 5 - omtalane til dei tre bokelskarane som har skrive om boka.
Det er ikkje sikkert eg hadde tenkt det av meg sjølv dersom du ikkje hadde nevnt det. Men midt under Oxbøl sin galskap i slutten av del 2 så slo det inn for fullt.
Falck sin vandring frå ein fjord i Hordaland til Telemark, her kom eg i tankar om to ting:
1 - Hertingen sin vandring andre vegen i Kjartan Fløgstad sin Fyr og Flamme. Han enda rett nok opp i Ryfylke, men for meg er det nær nok til å koble vandringane saman.
2 - Markens Grøde, der det kom eit kvinnfolk rekande nedover lia og slo seg til på garden til Isak. Det virkar som om dette var eit sikkert sjekketriks før i tida. Skulle eg nokon gong bli singel igjen så skal eg jammen meg teste om det virkar.
Det 7. bodet, eller "En salutt for den gale kongen".
Det var heller tydinga "underhaldande" eg hadde i tankane, noko eg tykte den aktuelle scena var.
Så må eg føye til at "trøysam" heller ikkje er eit ord eg nyttar i daglegtalen (med unntak av "trøyte" i "tidtrøyte", eg gjeng ut frå at det avleidd frå det same ordet, er det nokon ordkunnige som veit?), men det var i ei eller anna bok eg har lest for ikkje lenge sidan at "trøysam" blei nytta ganske flittig, og så dukke ordet opp då eg skreiv denne kommentaren. Forøvrig iirriterer det meg litt at eg ikkje kjem på kva for ei bok det var. Noko av Olav Duun, kanskje?
Og den glade vandrar er på tur langt ut på viddene igjen ...
Av og til får eg kjensla av at Leine ikkje greier å styre seg når det gjeld å male ut enkelte situasjonar til det grotesk komiske.
"Støtt hæren, bli kanon" var eit populært munnhell for nokre år sidan. Magister Falck blir kanon i dobbelt forstand etter ei vitjing på kjøpmannen sitt loft, men eg greier ikkje heilt å tru på at det gjeng an å kome frå dette med livet. Men Leine er tydelegvis glad i krut, og det er trøysam lesnad, det skal han ha.
Sjølv takk for at du har gjennomført dette tiltaket. Då du starta opp var eg smått redd for at dystopier ville vere ei litt snever genre. Men når ein ser attende på bøkene vi har vært igjennom, så har det vært stor variasjon i plott, stil og miljø. Og det viktigaste er at deltakinga i lesesirkelen har fått meg til å lese bøker eg ellers ikkje ville ha visst om. Så takk igjen.
Skulle du på noko tidspunkt finne på å blåse liv i denne lesesirkelen igjen, eller dersom nokon kjenner seg kalla til å take over, så kjem eg nok til å prøve å henge med igjen.
Sjølv tykte eg at dette forteljarmessige grepet var noko av det som fungerte best i denne boka. No er det nokre år sidan eg las den, men slik eg hugsar det så var det eg likte dårlegast at der ikkje var nokon ordentleg slutt, alt kokte liksom berre bort i kålen.
Jau, eg må seie at dette er noko av det friskaste eg har lest når det gjeld oppfinnsame medisinske prosedyrer. Ikkje så ulikt Rambo sin desinfiseringsmetode i Rambo III, samstundes som ein får kjensla av at det er eit manus til eit stunt i Jackass.
Det er vel berre tre som har flagga ein viss interesse for ei bok til så langt. Med mindre talet blir ein god del høgare er det etter mitt syn ikkje vits i å gjennomføre. Vonar i det minste at fleire vil seie frå om kva dei ynskjer.
Straks ferdig med bok 5 av 6 i langtidsleseprosjektet Ringenes herre. Ca 10 sider pr dag, då gjeng det fort litt over 3 månadar. Og om nokon lurer på kvifor det ikkje finnest hobbitar så har NRK svaret.
Vidare er eg omlag halvvegs i lesesirkelboka Profetene i Evighetsfjorden. Knallgod bok så langt, sjølv om ein som lesar i rikt monn får testa seg på kor prippen ein er.
Som lydbok så er eg ca 80% ferdig med eventyr-klassikaren The Lost World av Arthur Conan Doyle. Denne gjekk som radioteater på NRK på 70-talet, eg hugsar den var frykteleg spanande. Artig å bli med på denne ekspedisjonen ein gang til.
God langhelg til alle!
Dersom ein leitar litt er det smått utruleg kva ein kan finne.
Bokelskaren TuSBe starta på ei liste over bokbytehyller for nokre år sidan.
Kanskje er det denne lista du refererer til?
Eg kan godt tenke meg ei bok til før fellesferien, men kjem på ingen måte til å insistere på det. Ein får sjå kva dei andre deltakarane har lyst til.
Det var litt for tidleg om morgonen til å bestille ein Bloody Mary
Stemningsbilete frå då eg starta å lese boka på søndag.
Det som slo meg mest medan eg las var alle temaa som Ishiguro unnlot å ta opp. Det var t.d. svært lite spesifikk informasjon av medisinsk karakter, eller av korleis vanlege menneske hadde det, etc. Heile forteljinga var jo ei oppvekstskildring med forholdet mellom tre personar som hovudtema, alt det andre var berre kulissar, med unntak av mot slutten av boka. Det at det moralsk problematiske ved donor-programmet var såpass nedtona i mesteparten av boka ser eg på som eit virkemiddel for å få fram kor hårreisande det egentlig er.
Jepp. Eit av orda eg beit meg merke i i går var turnyren.
Side 154:
"Turnyren til madam Kragstedt knaker ved siden av ham da hun setter seg ned på slagbenken."
Det var då voldsomt så langt legevitskapen var komen på Grønland, tenkte eg, når folk kan skaffe seg ei eiga nyre til bruk på tur.
Men nei, wikipedia seier det er ein falsk bakdel på damedrakter, for å få rompa til å sjå skikkeleg stor ut. Det er i det minste ein betre ide enn å drive å sprøyte silikon, sement eller anna fanteri inn i baken, slik enkelte gjer no til dags.
Men attende til turnyren, wikipedia seier at dette var på moten rundt 1870-1890. Då kan ein trygt seie at Leine ikkje overdriv når han skriv at madam Kragstedt er opptatt av mote, her er ho jo ein trendsetjar med rundt 100 år å gå på før det blir så in at det blir ut. Lizm.
Leine skal i allefall ha skryt for at når han først gjev seg i kast med grisete detaljar, så gjer han det ordentleg.