Med fare for å gjere ei "greie" ut av noko som kanskje ikkje er ei "greie"....
Du har jo på ein måte fus på helgetråden, sidan du meldte deg til å take over då Vibeke takka av. Då kan det kjennast litt ugreit å berre steppe inn og vikariere sånn utan vidare.
Kunne det vere ein ide å setje ein "deadline" for fusen? Fredag kl 18, for eksempel? Og at det etter dette tidspunktet er fritt fram for engelin eller andre å legge ut helgetråd?
Det er jo ein liten trufast flokk som tek del i denne tråden, og eg har inntrykk av at det er fleire enn eg som saknar den dei helgane det ikkje blir noko av.
Sidan denne tråden no dukka opp at frå gløymselen; eg ser frå boksamlinga di at du har markert denne boka som "lest". I ettertid, oppfattar du opplysinga eg kom med som ein spoiler, eller var det såpass på sida av handlinga at det ikkje betydde noko?
Det er nokre år sidan eg las boka, men eg hugsa at eg oppfatta Barbro som lettare evneveik. Eg kan alt for lite til å bli med på å spekulere om nokon slags diagnose. Kanskje har heller ikkje Jacobsen hatt ei spesiell diagnose i tankane, men berre bestemt seg for at denne romanfiguren skal vere litt annleis.
Oi, det var dumt.
Vonar at kva det no enn er som stend på, at det ikkje er verre enn at du blir å sjå her på nettsidene av og til likevel.
Eg undrast på om det kan vere same Nikolas som eg nyleg har stifta bekjentskap med i Kåre Holt sin trilogi om kong Sverre. Nikolas Arneson frå Stårheim i Nordfjord? I Holt sine bøker hadde han ei slags skurkerolle, Magerøy har kanskje ei anna vinkling?
Dersom du kom så langt som til kapittelet med romertal III så kunne det fort hende at du hadde lagt merke til dette med botno-ugrisk.
I kapittel II legg Lesaren merke til at der er duplikat-sider i Calvino-boka, og han leverer den attende i bokhandelen. I kapittel III har han fått eit nytt eksemplar, som viser seg å ikkje vere av Calvino likevel, men kanskje av polakken Bazakbal. Dette eksemplaret har ein del blanke sider, og handlinga gjeng føre seg i det stort sett fiktive Kimmeria, der språket høyrer til den botnisk-ugriske språkgruppa, ei språkgruppe eg gjeng ut frå er halvvegs fiktiv.
Kommentaren min over var såleis eit forsøk på å flette kapitulasjonen din inn i handlinga i boka.
Det er kanskje ikke slik at vi løser de store verdensproblemene innpå isen. Men vi kan med hånden på hjertet si at vi skaper heller ingen.
Men det er jo boka sin feil! Eller i det minste trykkeriet. Duplikat-sider og blanke sider ... du gjorde vel biblioteket merksam på dette? Gav dei deg ei botno-ugrisk bok i staden for?
Dei andre vil muligens heller på kino
Men eg les ei bok av Italo Calvino
Og sidan det no har blitt fredag og helg
Så tek eg meg også ein poltur i kveld.
One small step for Stein, men fullstendig uten betydning for mankind.
Nå ja, det siste er litt beskjedent. Vi har allerede 726 likers på Facebook.
Kapitla som er nummererte med romertal er forteljinga om Lesaren, Lesarinna, og ei slags jakt på ei bok. Denne jakta, med uventa vendingar og kronglete og ugjennomtrengeleg informasjon som Lesaren må forholde seg til fekk meg til å tenke på Prosessen av Kafka.
Som vanleg så funderer eg også ein del på om alt i boka er oppdikta, eller om der er fragment som har rot i røyndomen. Slik som Kimmeria og Den kimbriske folkerepublikk, til dømes. Engelsk wikipedia sin side om boka gjer greie for dette.
Ja no åpnar eg ein ukjend skatt
Hvis en reisende en vinternatt
Som er lesesirkel-val av bok
Får den lesehugen min på krok?
Og dessutan har eg siste bind
Av ein trilogi på planen min
Om kong Sverre, og om krig og gru
Blir han herskar eller trell skal tru?
Når eg køyrer høyrer eg, ein vims
På ei lydbok om forsvunnen prins
Og når den er slutt og tida knip
Blir det Dickens-bok om guten Pip
Det var truleg ein tabbe å ikkje følge instruksjonane i starten litt nøyare. Eg var nok for trøytt då eg starta til å få fullt utbytte av dei første 20 sidene. Får ta den att når eg er våknare. Vi har trass alt veldig god tid på denne.
Men har du vett lar du vær ...
Boka kom i hus i går, så no er eg klar.
I ein liten e-postkorrespondanse med Boklageret på Lunde i går så kom det fram at det inntil då ikkje hadde kome nokon bestillingar på det andre eksemplaret deira. Så dersom nokon gjeng i tankar om å skaffe seg boka så er det sikkert framleis ledig. Og kva med det på Nome Antikvariat, er det nokon som har kjøpt det?
Dyktig. Det gjorde ikkje eg.
Dagens handel:
- Djevelmasken av Tom Egeland
- Dei som flyktar og dei som blir av Elena Ferrante
- De siste vitnene av Svetlana Aleksijevitsj
Dette er alle bøker eg alt hadde bestemt meg for å kjøpe når dei er å finne til ein rimeleg pris, som ein må seie 49 kroner pr stykk er. Då stend det berre att å finne tid til å lese dei ....
(Dersom de lurer på kvifor alle setningane i dette innlegget startar på D, så er det ingen spesiell grunn til det, utover at det var eit innfall eg fekk då eg blei merksam på at alle boktitlane starta på D)
Ver tapper!
Frå side 447, i kapittelet "Harpunmann":
Med gløden pulserende i krittpipen peker han på det stedet på kartet hvor lengdegradene løper sammen som linene i et hundespann
Det er Nordpolen han peikar på. Eg vil tru folk flest er vant med å tenke på hundespann slik ein ser dei på TV i t.d. Finnmarksløpet, med hundane laina opp på to rekker og festa til ei line i midten, som på biletet nedanfor. Og dette liknar ikkje på meridianane som møtest på Nordpolen.
Ser ein derimot på dokumentarfilmen eg lenkar til over, ved tida 12:42 og/eller 36:31 ser ein at grønlendarane satte opp hundespanna sine i ein vifteform, og samanlikninga til Leine gjev med eitt meining.
Forøvrig kan eg nemne at Jack London diskuterer desse to måtane å setje opp hundespann på i White Fang, i denne boka så nyttar indianarane i Alaska same vifteforma til hundespanna sine.