Det er En av oss eg har på nattbordet no
Den er grusom å lese men samstundes god
Men på øyret så har eg ei muntrare bok
For med Roughing it ler eg så magen slår krok

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg ser frå VG sitt oppslag at ein kommentator i Aftenposten har uttalt at

"det er første gang i norsk litteraturhistorie at det skrives en roman som et forsvar mot en annen, skrevet av en levende modell fra denne andre romanen."

Stemmer dette? Kva med Shah Muhammad Rais sitt motsvar til Åsne Seierstad sin Bokhandleren i Kabul? Eller er Seierstad sin bok for mykje dokumentar og for lite roman i denne samanhengen? Finnest det andre, betre døme på at noko slikt har skjedd før?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg prøvde å få greie på dette her, men eg tippar eg har betre sjans hjå deg;

Er boka ei samling med aviskronikkar, eller er det ei samanhengande tekst?

Eg har jo lest, eller i det minste skumma igjennom, fleire av aviskronikkane hennar tidlegare, og dei er som regel både underhaldande og provoserande.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk. Det var veldig oppklarande.

Har ikkje Bringsværd på leseplanen enno, men han nærmar seg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men kva meining har undertittelen? 4. råk?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har de nokon tankar om kvifor Noa har to ulike roller i Saramago sin tekst? Først som herskarinnegemal og hanrei i landet Nod, og sidan som ein karikatur av den bibelske Noa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Etter nokre veker utan å drage i hus fleire bøker, så kom eg til kort under Oslo-turen i veka som gjekk.

Brevet til Rosailn av Øystein Orten. Eg liker godt Orten sine bøker, men dei er ikkje så lette å finne i bokhandelen. Når eg då kjem over eit eksemplar til sterkt nedsatt pris, så blir vegen til handlekorga kort.

Bikkjeevangeliet av Asbjørn Stenmark. Eg likte omslaget. Eg har hund. Eg les for lite dikt. Tre gode grunnar for å plukke boka ut av tilbodskassa. Jau, eg bladde sjølvsagt litt i boka for å sjå om eg likte stilen. Førsteinntrykket rettferdiggjorde i allefall å bla opp ein femtilapp for denne.

Avgrunnsblikk av Jørgen Brekke. Eg liker godt bøkene til Brekke, men normalt ville eg ha venta til den var på sal. Men så hadde bokhandelen lagt fram eit signert eksemplar, og då var eg solgt. Og straks etter var boka det også, Dessutan så mangla eg ei bok til nyttårsforsettet om å lese minst 2 bøker som er nye av året, så det passa heilt fint.

Mister Pip av Lloyd Jones, dette var den einaste som ikkje var eit impulskjøp. Har vært på jakt etter eit inbunde eksemplar av denne ei stund, og fann det i Oslo.

Så får vi sjå kor lang tid det gjeng før neste bok kjem over dørstokken. Bokklubben har sendt meg eit gåvekort på kr 100 som må nyttast innan 27. august. Og lesesirkelen startar også oppatt i slutten av august. Alt tyder dermed på at det blir minst eit bokkjøp til før denne månaden er over.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

No er Norway-Cup over og ut for i år
Det var kjekt sjølv om laget blei slått ut i går
Og i kofferten er der ein rikhaldig rest
Av fleirfoldige bøker eg ikkje fekk lest

Så i morgon, i morgon (men ikkje i dag)
Blir det Alex og eg som finn tonen i lag
Og når denne er ferdig ligg fleire på lur
Eg har plenty av bøker som ventar på tur

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Artig.
Forøvrig er det portugisiske ordet for heks "bruxa", det spanske er "bruja", eg gjeng ut frå at desse orda heng etymologisk saman med "La Broosha" som Bringsværd fortel om.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Uavhengig av denne tråden så hadde eg plukka ut Mark Twain sin Roughing it som lydbok på Loyalbooks. Det er ei reiseskilding med mykje humor, i alle fall i dei kapitla eg har høyrt så langt. Eller kva skal ein seie om passasjer som dette?

"I was armed to the teeth with a pitiful little Smith & Wesson's seven-shooter, which carried a ball like a homoeopathic pill, and it took the whole seven to make a dose for an adult. But I thought it was grand. It appeared to me to be a dangerous weapon. It only had one fault--you could not hit anything with it. One of our "conductors" practiced awhile on a cow with it, and as long as she stood still and behaved herself she was safe; but as soon as she went to moving about, and he got to shooting at other things, she came to grief."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk. Det blei siger i dag, i alle fall. Så får vi sjå korleis det gjeng vidare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jau, no stundast det atter mot Norway-Cup-tur
Med eit knippe med bøker i sekken på lur
Og til bussturen skal eg så klart pakke ned
Telefonen med lydbok og øyrepropp med

Det blir Stoltheit og fordom på øyret som start
Der herr Darcy er byrg og miss Bennet er smart
Og når denne er slutt kjem Mark Twain på sin hest
Som han rir inn i solraudens villaste vest.

På papir er Gargantua lesnaden no
Her er plenty av humor som passar på do
Som ei avveksling tek eg nok med meg ein krim
Det er Alex som blir med i ranselen min.

For å heilt vere viss på å ikkje bli lens
(eg vil helst ikkje plagast av bok-abstinens)
Så blir Seierstad-boka om Utøya med
Men sannsynlegvis får den nok ligge i fred.

Måtte laget vårt sanke seg mange poeng
Med fantastiske skåringar, sigrar i fleng
Men om tapa blir mange, og sinnet i kok
Finn eg trøyst ved å vandre langt inn i ei bok

Godt sagt! (17) Varsle Svar

Eg meiner det blei referert til snarken i denne boka. Dette var noko eg undra meg over medan eg las det, men kom meg ikkje til å google noko om det i leseperioden. No har eg nettopp lest ut novellesamlinga Livsgnisten, eit utval av Jack London sine noveller. På ei wikipedia-side om London dukka brått Snarken opp, her som ein seglbåt som London fekk bygd seg. London hadde henta namnet til båten frå eit dikt av Lewis Carroll.

Då spørs det; kva for ein snark er det Kerewin referer til i boka? London sin båt eller Carroll sin fantasiskapning? Sjølv så heller eg mot det siste.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For meg er det i alle fall heilt passeleg. Gleder meg til ei ny runde.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjempeliste. Denne kjem eg til å skule til i åra som kjem.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bøker eg har lest, eller har leseklare i bokhylla, der det er ein yrkestittel i tittelen.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg ser fotball på TV, og bok-garnityr,
Det er Fløgstad og son på Brasil-eventyr
Og når damene skuffer og taper fatalt
Finn eg livsgneist i London-noveller, trass alt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kapittel 11,
Eg har i fleire kapittel tenkt at det er eselet som let Kain vandre mellom dei ulike notidene, som Saramago formulerer det. (Sjølv ville eg ha sagt at eselet er ei tidsmaskin). Men her vandrar han inn i landet Us utan esel. Soga om Job ligg vel nokre år unna syndefallet, så han må jå ha vandra i tid. Til slutt i dette kapittelet antydast det at han likevel må ha esel for å vandre i tid. Ja ja, det manglar ikkje på detaljar å undre seg over i denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og apropos Lilit, kvifor har Saramago skrive henne inn i denne historia? Ho er ingen bibelsk person, men høyrer i følge wikipedia heime i andre myter, og med opphav i Babylon.

I ei jødisk myte blei ho skapt av jord slik som Adam, men blei kasta ut av Edens hage fordi ho sette seg sjølv høgare enn mannen. Dette får meg tru at det er Lilith frå den jødsike myta som Saramago har fletta inn i boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kapittel 4, side 50, Kain får beskjed av Lilit om å opphalde seg i forværelset, der han får høve til å setje seg ned på ein briks og på ein benk.

Det ser ut for at oversetjar Kjell Risvik er samd med Kim Leine om at det heiter briks, ikkje brisk, jamfør kommentaren min frå tidlegare i år.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikHilde H HelsethLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigreJulie StensethMarenGitte FurusethBerit R