Hannhund. Jupiter, 3 år. Fin ja, men ein skal ikkje sjå seg blind på det. Eigenrådig og energisk type, får han lov så tek han kommandoen over eigaren. Mykje arbeid har det vært og meir blir det nok, men eg ville aldri ha bytta for vi har det så moro.
For å prøve å pense avsporinga inn på bøker igjen, eg fekk eit tips i sommar om ei kjempefin gamal bok om ein hund, men eg har gløymt namnet. Tittelen på boka var, slik eg forstod det, også namnet på hunden, det var eit namn som var samansatt av to korte namn a la Ping Pong eller Tim Bim, og hunden var ein sirkushund. Ringer det nokon bjeller hjå nokon av de som måtte finne på å lese dette?
Den las eg i fjor. Kjempefin serie.
Det var minusgrader om natta, så ute i dei små timane så rima det overalt ...
No i helga så var eg på gjeterhundkurs
Med eit mål om at bikkja skal bli ein ressurs
Men kvart kurs kostar dyrt og vi lærer så seint
At vi gjeng nok konkurs, slik som nokon har meint
Kanskje skulle eg heller ha holdt meg i ro
Vere heime og lese ei bok eller to
Jau, eg tok med meg ei, Mellom to slott blei med
Men det blei ikkje tid til å lese i fred
For ei kurshelg er oftast kanon-sosialt
Der ein pratar om mykje og fleiper om alt
Så med trening om dagen og bålkos kvar kveld
Blei nok bikkja og eg ganske nøgd likevel
I tilfelle det blir samlesing, gir du beskjed nokre dagar på førehand slik at det blir tid til å skaffe seg boka?
Eg blir gjerne med.
Etter skulestart, sa eg, og kva får vi sjå?
Jau på verkartet er der ein kjempestor H
Denne ser også ut til å vere grei å få tak i. Eit kjapt sveip gir mange treff på antikvariat.no, og den kan også kjøpast ny i bokhandelen. I allefall på ark.no og på bokklubben, som er dei stadane eg har sjekka..
Eg ser at tredje bind i historia om Ingrid frå Barrøy har kome, og eg merkar meg at omslaget har fått raud farge. Bind 1 var blått og bind 2 var kvitt.
Tankane gjeng til Krzysztof Kieślowski og trefargefilmtrilogien hans Blå, Hvit og Rød, og der kvar av fargane assosierast med mottoa frå den franske revolusjonen; blå - fridom, kvit - likskap, raud - brorskap.
Det er vanskeleg å sjå nokon parallellar mellom handlingane i Jacobsen sine bøker vs i Kieślowski sine filmar (seier eg som berre har lest den første av bøkene, men eg har lest omtale av dei to andre ...). Men kan det tenkast at Jacobsen på annan måte har hatt dei franske revolusjonsideala i tankane? Eller er det fargane i det norske flagget han vil vise til? Eg trur uansett ikkje at fargevalet er tilfeldig.
Finnest ikkje vanskeleg å få kjøpt. Eg har lokalisert 37 eksemplar hjå 6 ulike antikvariat/brukthandlar:
Pbok.no har 13 eksemplar
Skiens antikvariat har 10 eksemplar
Skrotnissen.no har 8 eksemplar
Boklageret på Lunde, Bokloftet,no og Nome antikvariat har 2 eksemplar kvar.
På tide med ein svenske igjen? Kva med Hemsöboerne av August Strindberg? Og til overmål så er det august månad no ....
Strindberg er ein forfattar eg kjenner skammeleg lite til. Eg høyrde kortromanen De lykksaliges ø som lydbok for nokre år sidan, den var rasande festeleg og fekk meg til å forstå at eg måtte lese meir av denne forfattaren. Vonaleg kan dette skje i lesesirkelen.
Tilgjengelegheit:
Det ser ut for at det er lett å finne denne på antikvariat. Etter å ha funne 15 eksemplar på 9 ulike antikvariat gjekk det opp for meg at den også har kome ut på norsk under namnet "Hemsöfolket", både som enkeltutgåve og saman med forteljinga "Den romantiske klokkeren på Rånö". Tek ein med desse, så må der vere minst 40 utgåver tilgjengeleg.
Saramago er ikkje den første, og blir sikkert ikkje den siste, som lagar sin eigen vri på bibelsoga.
Det har vært mykje snakk om Mark Twain i ein annan tråd no i det siste. Ved eit tilfelle oppdaga eg at han også har laga sin eigen versjon av første mosebok, mellom anna med bøkene Extracts from Adam's Diary og Eve's Diary. Dei har sikkert ikkje same brodden som Saramago, men eg trur likevel desse bøkene må inn på leselista mi før eller seinare.
Per, du lyver.
Samme for meg, bare du sier noe nytt.
Noe nytt? Jeg er 70 år, er du blitt klin kokos? Jeg har ikke noe nytt å si, jeg har sagt det samme i 30 år.
Snart er sumaren over og veret kan snu
Etter skulestart får vi vel sol, vil eg tru
Men i helga så blir det nobelpris-roman
Mellom to slott er nemlig min regnversdagsplan
Sjå heilt nederst på sida om boka, der er eit punkt som heiter "Andre utgaver" I dette tilfellet finn du norsk utgåve både som innbunde og som pocket.
Tips; dersom du er opptatt av å legge inn nøyaktig same utgåve som den du har lest, så er det størst sjans for å finne den ved å søke på ISBN-nummeret til boka.
Har hatt same problemet som Grethet87 i noko tid, og i dag fann eg fram til denne tråden med tips. Prøved dette med å slette cookies og cache, men det hjalp ikkje. Problemet er både på PC'en min og på android-telefon.
Er det andre som har dette problemet? Er det nokon som veit av ei løysing?
alle vennene mine er døde eller omskapt
til konsulenter
(Bikkjeklage I)
en gang kunne vi sove
overalt
med føttene
på en stol
og hjertet
under en stein i skogen
nå ligger vi mest under trappa
ser årstidene veklse tygger
tålmodig
på kjettingen
Loyalbooks er ein nettstad for gratis lydbøker, og som eg har nytta mykje. Men for veldig mange av bøkene så kan ein også laste ned e-bok i diverse format. Sidan Mark Twain er brennheit i denne tråden for tida så kan ein jo kike på sidene for Tom Sawyer og Huckleberry Finn, tekstfilene for nedlasting er eit stykke nede på sida. Eg har ikkje testa noko anna enn rein teksfil, så eg kan ikkje garantere for kor godt i-dings-filformatet eller kindle-formatet virkar. Kanskje nokon andre tester og melder tilbake?