Huxley (Brave New World) har eg ikkje lest enno, og Orwell (1984) er det så lenge sidan eg las at eg har gløymt mykje av den. Men eg høyrde Ayn Rand sin Anthem for ikkje så lenge sidan, og eg meiner at enkelte av elementa i denne boka må vere inspirert av Vi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den såg eg ikkje kome, og ikkje tippeselskapa heller tydelegvis. Men moro, då.

Ekstra moro var det at den dystopiske lesesirkelen her inne hadde ei av bøkene hans, Gå aldri fra meg, oppe til felleslesing tidlegare i år.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Yan Lianke har gjort eit byks oppover oddslista i formiddag. Lekkasje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då er det litt under 45 timar til det blir annonsert kven som får Nobelprisen i litteratur i år.

odds-listene ser det ut for å vere stort sett dei same travarane som dei sista åra. Men Atwood ser ut for å ligge høgare no enn før. Er det mange som tippar på henne fordi ho er aktuell med TV-serien Tjenerinnens beretning, skal tru?

Sjølv har eg ingen favorittar, men eg gleder meg likevel til å sjå kven det blir.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Det blei arbeid i helga, ein dugeleg sjau
For eg var med og ordna med bane og sau
Slik at krinsmeisterskapen i gjeting med hund
Kunne haldast som planlagt og ei gå på grunn

Men på biltur med sauetung tilhengar bak
Vart det tid til å høyre på lydbok eit tak
The Prince and the Pauper er unnagjort no
Og Den løynlege hagen blei bok nummer to

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Karin Jensen har delt eit sitat frå Hel ved (sjå nederst på sida) som ikkje er så heilt ulikt:

... utsikten til en vedstabel er en utsikt til noe trygt. Mange vedfolk liker å plassere stabelen så de kan se den fra kjøkkenvinduet. det er en god utsikt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Imponerande.

No fekk eg nesten lyst til å skaffe meg Mytting sin bok om ved, for å sjekke om han også har funne fram til dette sitatet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sjølv er eg som nevnt omlag halvvegs, og liker boka veldig godt så langt. En del av den litt nerdete humoren treff meg veldig bra. Men det virkar som om forteljinga skiftar karakter litt før halvvegs, der kjem ein del surrealistiske scener som ikkje er så lett å forstå seg på. Ein del av desse skildringane får meg til å tenke på Prosessen av Kafka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jo, i Molde var dei ikkje redde for å setje meiningane sine på trykk! Når han og mora diskuterte politikk, levde dei liksom i undring og spekulerte fram og tilbake på kva som var rett, men leiarskribenten i Budstikka vakla aldri. Verdspolitikken si ytre grense gjekk ein stad ved avisredaksjonen i Myrabakken. Dei som budde utanfor var informerte, men ikkje spurde om kva dei meinte.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

På kvinnesida var det mest kjerringar med skjerande mål. Men mellom kvinnene og dei sat ein mann med ei vorte på nasen. Han forstod det måtte vere Djevelen. For det var i Vågøy kyrkje han lærte djevelen å kjenne. Han hadde ikkje høyrt om den karen før han kom dit.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Da eg skulle skrive om barndomsbygda Karviland, fann eg henne ikkje igjen.

Heimlandet. Barndom
Edvard Hoem.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg blir gjerne med på denne, men vil helst bli ferdig med felleslesinga av Vi først.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi starta 10, september, men det blei ikkje satt nokon leseperiode. Sjølv satsar eg på ein månad, og er omlag halvvegs i boka. Ingar h har nylg lest den ut, Eli Hagelund og Koriander har meldt at dei er i gang med boka, og Ajiniakra har hatt problem med å få tak i den mer er kanskje i gang no?

Det har vært magert med diskusjonsinnlegg om handlinga så langt. Skal prøve å bøte på det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det blir samlesings-bøker i fokus om da’n
Med Zamjatins dystopiske fabelroman
Samt om Barbara og hennar kjærleiksruin
Ho får kvile seg godt her i armkroken min

Ein har romsleg med tid til å lese dei to
Derfor har eg i tillegg ei anna bok no
Det er Hemilandet. Barndom, du verden så flott!
Så for lesing i helga så teiknar det godt.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Det var litt uflaks.
Men fortvil ikkje, den kan lastast ned i fulltekst, engelsk oversetjing, her (og sikkert mange andre stadar).
Eller om du heller vil lese på originalspråket så kan du prøve her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På dagens køyretur så kom det forresten eit sitat som var som skapt for biletet du posta lenger oppe:

Every man looks at his wood-pile with a kind of affection. I love to have mine before my window, and the more chips the better to remind me of my pleasing work.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Suverent!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei lita avsporing (noko som forøvrig er min favorittsyssel); I Edvard Hoem sin sjølvbiografiske oppvekstskildring Heimlandet. Barndom så kjem faren i diskusjon med ein omreisande bokselgar angåande kristen litteratur:

- Mine bøker er på kristen grunn, hevda bokseljaren hardnakka, dei er utan unntak utgitt på strengt kristelege forlag.
- Når det gjeld den kristelege litteraturen, sa faren uforstyrra, er problemet helst eit anna. Den er gjerne for lite realistisk.
- Kva skulle no det bety!
- At ein ofte kan lesa i slike bøker, sa faren, - at folk finn både Gud og kvarandre, men det gjer ikkje noko godt inntrykk. For ein sit att med ei kjensle når ein har lese at folk finn både Gud og kvarandre lettare i bøkene enn det ein gjer i det verkelege livet! Livet er ein kamp og ein strid, og den kristelege litteraturen skulle ikkje gjera det enklare enn det er. For dersom menneskelivet blir gjort til ei solskinnshistorie mellom to permar, lærer ein ikkje noko av bøkene, og står heilt uførebudd når dei store stormane kjem!
- Du er ein forferdeleg klok og forstandig mann, Knut Hoem, sa bokseljaren, men bøker trur eg ikkje du har greie på!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Huskeliste over bøker eg godt kan sjå etter når eg skulle vere så uheldig å ramle innom ein bruktbutikk eller loppemarknad. Men som tittelen seier, det hastar ikkje, eg har plenty av uleste bøker i bokhylla.


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Skal vi diskutere den på denne sida, eller lager du ei ny diskusjonsside som for dei andre dystopi-bøkene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tone Maria Jonassenanniken sandvikHilde H HelsethLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterHarald KSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigreJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina Hillestad