Nei, det var det ikkje. Får sjå om eg handlar inn dette også, har sett det til sals på ein annan brukthandel,

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det kom på kr 240 for min del, inkludert porto. Men det var verdt kvar krone, eit nydeleg eksemplar frå bokklubben sin "Århundrets bibliotek"-serie. Smussomslaget er strøkent, som om det kom rett frå trykkeriet. Og den knitrande lyden når eg prøveblar i den får meg til å tru at den ikkje har vært åpna tidlegare. Så kan ein fantasere om at denne boka no er lukkeleg over endeleg å skulle bli lest.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hmm, denne har eg ved minst to høve holdt i handa og spekulert på om eg skulle ta med frå barndomsheimen. Skulle ingen andre ha plukka den med seg enno så blir den nok med meg neste gang eg er innom.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Av dei bøker som skrik etter merksemda mi
Er det framleis Begjærets palass som har pri
Og ein ukjend forfattar (for meg) kjem dertil
Nella Larsen sin Quicksand blir lydbok i bil

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Det å lese boka betyr meir enn å eige den for mitt vedkomande, og såleis kan ein seie at innhaldet er viktigast. Samstundes så set er pris på å eige bøkene eg har lest / skal lese. Det er tilfredsstiljande å sjå på bøkene eg har lest, og det er godt kjenne på forventningane til dei eg ikkje har lest enno. Grev eg djupt nok inn i kjensleregisteret så er der nok også eit islett av forfengelegheit og jåleri, eg er nemleg opptatt av at bøkene skal vere innbundne, og skulle eg kome over ei sånn illustrert praktutgåve av ei bok eg har lyst på så sit pengane laust. Men denne skavanken lever eg godt med, sidan eg stort sett er perfekt på alle andre måtar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Visst vil jeg ha en utdannelse, men ikke arbeide. Jeg finner ingen skole her til lands som kan undervise meg i det jeg ønsker: kunnskaper som ikke er til bruk i arbeidslivet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Farvel til fornuften! Din datters frier begjærer deg, og du ham! Gud se i nåde til dem som tenker godt om kvinnene!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei av bøkene peikar seg foreløbig klart ut. Såpass klart at eg har begynt å kike på kor lett/vanskeleg den er å få tak i.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"I wish I was friends with things," he said at last, "but I'm not. I never had anything to be friends with, and I can't bear people."

"Can't you bear me?" asked Mary.

"Yes, I can," he answered. "It's funny but I even like you."

(Chapter XVIII)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"I don't play," said Mary. "I have nothing to play with."

"Nothin' to play with!" exclaimed Martha. "Our children plays with sticks and stones. They just runs about an' shouts an' looks at things." Mary did not shout, but she looked at things. There was nothing else to do.

(Chapter V)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På ein fredag den trettende har eg slik flaks
Å ha plikter på min og ha fritid på max
Begjærets palass, som har starta litt trått
Burde nærme seg halvvegs før helga har gått.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Den har eg nettopp høyrt som lydbok, men i tilfelle det generelt skulle vere stemning for "gammel klassisk roman av en kvinnelig forfatter" så kliner eg til med eit anna forslag som eg oppfattar som å ligge i sama gata:

Stormfulle høyder av Emily Brontë.

Denne har eg ståande ulest i bokhylla, og eg les den gjerne saman med dykk.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Pythias anvisninger var å finne til kr 49,- på Coop Extra i helga, og såleis fjerna frå denne lista. Har ikkje all verdens forventningar til boka, men har lest dei to førre i trilogien så det kan vere greit å fullføre.
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

-- For lykke ... hva er det? Begjær er det samme som pine, stemmer ikke det? Det synes klart at lykke er fravær av begjær av noe slag ... For en feiltakelse, for en absurd fordom å tro at vi fremdeles setter et plusstegn foran lykken, når det eneste riktige tegnet foran den absolutte lykke jo må være minus, det guddommelige minus.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-- Det står dårlig til med Dem! Tydeligvis har det vokst frem en sjel i Dem.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Han lot seg synke ned i en av stolene hos sorenskriveren, slengte hatten sin fra seg og sa: - Ja, så har man da oppnådd å bli sin egen kones elsker! Det er en annen mann som har oppnådd å bli sin egen hanreis hanrei! Hva synes De er verst?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Samuel Mikkelsen hørte ikke på noen måte til de lettsindige, men hastverk hadde nå aldri vært hans sak, og især ikke når vinen kom på bordet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Flott bok, denne likte eg godt.

Som andre her inne også har nevnt så har eg site med google under lesinga, for å sjå på kart og på bilete frå stadane der handlinga gjeng føre seg. Har innimellom følt meg som ein turist på Færøyane.

Det er forøvrig andre gangen i år at eg vitjar Færøyane på denne måten, førre gang var i bind 1 av Kåre Holt sin trilogi om kong Sverre, Mannen fra utskjæret

Ein kollega av meg, som opphaveleg er frå Færøyane, meiner å vite at Jacobsen ikkje fullførte denne boka, men at det var William Heinesen som skreiv slutten. Eg har googla ein del omkring dette, men har ikkje funne noko som peikar i denne retninga. Eg la heller ikkje merke til noko tydeleg stilskifte mot slutten av boka. Så enten hugsar kollegaen min feil, eller så er det ei opplysing som er lite kjend.

I etterordet så gjer forøvrig Heinesen greie for korvidt romanfigurane er tufta på verkelege personar. Noko som Heinesen ikkje nemner, men som er å finne på wikipedia, er at Barbara til dels virkar å vere tufta på forfattaren sitt eige mislukka kjærleiksforhold til sitt eige søskenbarn:

I brevvekslingen med William Heinesen omtaler Jacobsen sitt tilsynelatende håpløse kjærlighetsforhold til en kvinne, som han kaller «Barbara» (i virkeligheten hans kusine Estrid Bannister Good), og sine planer om å skrive en roman, hvis handling i det ytre skal bygge på sagn og overleveringer fra 1700-tallet om den unge prestekone Beinta Broberg, som bergtok alle med sin skjønnhet og ynde.

Då eg først las dette, tenkte eg at kanskje forfattaren hadde lagt litt av seg sjølv inn i Gabriel, sidan han er søskenbarnet til Barbara i boka. Men Heinesen forklarer i etterordet at i den grad nokon av romanpersonane er eit sjølvportrett av forfattaren så er det, om enn berre delvis, presten Poul Aggersøe.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Ja, eg tykte den var heilt grei. Og så var den ganske kort, dersom eg hugsar rett, slik at dersom det ikkje skulle vere innertier for deg så er det likevel ikkje så mykje bortkasta tid.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er helg, og med Barbara er det snart slutt
Utfor døra så regnar det monaleg trutt
Sidan planar om godverstur no gjeng i dass
Får eg ta meg ei økt i Begjærets palass

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sist sett

Bente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterHarald KSynnøve H HoelBjørg L.BenteTanteMamieNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandmarithcEster S