Interessant liste, spesielt det at nesten alle bøkene i toppen er frå før 1950. Då kan ein begynne å lure; det har jo vært ein stor norsk krim-produksjon dei siste tiåra, er det stort sett berre ræl som har blitt gitt ut i seinare tid? Det spørs jo kvar ein legg lista, sjølvsagt, men sjølv så trur eg ikkje dei beste krimbøkene frå dei seinae tiåra er noko dårlegare enn dei på denne lista.

Sjølv har eg lest Jernvognen, De dødes tjern og Smuglere, gode bøker aller tre. Men eg er usikker på om merkelappen «krim» er rett for Smuglere. Den alminnelege forståinga av «krim» er at det har skjedd eit brotsverk, og så skal det nøstast opp kva som har skjedd (og ofte skjer det nye brotsverk undervegs). I Smuglere, derimot, er det ein hovudperson som fortel om den kriminelle løpebana si.

Når eg les VG-artikkelen så ser eg også at Svøm med de som drukner er på lista. Denne har eg ikkje lest sjølv enno (stend i bokhylla), men ut frå det eg har lest om den så overraskar det meg at den er med på ei krim-liste. Synspunkt?

Eg har sjølvsagt lest alt for lite krim til å setje opp ei liste over dei beste krimbøkene nokonsinne. Det måtte i såfall bli ei liste basert på dei få krimbøkene eg har lest. Eg liker t.d. veldig godt Kepler-bøkene om Joona Linna. Skal ein halde seg til dei norske så har eg veldig sansen for Jørgen Brekke. Mange av Nesbø sine bøker er også veldig gode. Norsk topp 5 ut frå kor godt eg likte bøkene på det tidspunktet då eg las dei, og der kvar forfattar får med berre ei bok:
1 – Nådens Omkrets – Jørgen Brekke
2 – Rødstrupe – Jo Nesbø
3 – De dødes tjern – André Bjerke
4 – Paktens Voktere – Tom Egeland
5 – Jernvognen – Stein Riverton

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er nesten halvvegs i Banyantreet, og eg liker den også veldig godt så langt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Huffda, gips er berre sånn passe moro. Har prøvd det berre ein gang, og det greier seg. Håper den skal av snart.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Berømte hunder høyrest ut som ei bok eg burde setje på ynskjelista.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lystig kvalitetslitteratur, no måtte eg tenke meg om. Av bøker som eg har lest i seinare tid så er det kanskje først og fremst Don Camillo som eg kjem på. Ei fantastisk samling med små og humoristiske, men likevel alvorlege, forteljingar om presten Don Camillo, Jesus, den kommunistiske ordføraren Peppone med fleire i eit sterkt splitta etterkrigs-Italia.

Andre tips; Mark Twain har jo skrive mykje bra, og han hadde jo ein utsøkt humoristisk penn. Eg høyrde reiseskildringa Roughing it som lydbok tidlegare i år, og lo mykje undervegs.

Den brasilianske forfattaren Jorge Amado skreiv også bøker av høg kvalitet. Temaa er ikkje alltid nødvendigvis lystige, men bøkene er likevel breiddfulle av humor og varme. Det er ikkje så lett å finne bøkene hans på norsk, men om ein leitar litt så er det sikkert mulig å få tak i dei. Nasjonalbiblioteket har forøvrig fleire av bøkene hans tilgjengelege.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg får vone eg no ikkje trakkar på tær
Når eg set i gang lesehelgtråden så kjær
For når helga er koma og «alle» har fri
Er det kjekt med eit forum å småprate i

No i helga så ligg eg vel an til å bli
Med Historien ferdig, og også få tid
Til ein tur til Kambodsja, og hendingar der
Slik ei jente fortel under banyantrær.

Korleis ligg det an ellers i landet skal tru
Har de bøker å lese, og sider å snu?
Eller nyttar de heller all fritida til
Å gå skitur på fjellet i mil etter mil?

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Kjenner igjen dette med å få eit lesekick etter mange år med lite lesing. Mitt starta i 2012, og varer enno. Eg er overtydd om at det å delta på bokelskere har bidratt til å halde lesekicket ved like for min del.

Krim er ikkje det eg les mest av, men Joona Linna-serien til Lars Kepler er kanskje favorittbøkene mine i den sjangeren. Utover det så skal jo "alle" lese Harry Hole-serien til Jo Nesbø, det har eg også gjort, mange av bøkene der er også veldig bra.

Du nemner vikinghistorie og hemnhistorier, eg las nettopp Njålssoga, som blei nedteikna rundt 1280 og der handlingane er frå Island rundt år 1000. Her får ein i allefall vikinghistorie og hevnhistorier så det held. Men den litterære stilen er nok litt ulik det ein finn i dagens krimbøker og historiske romanar, det kan vere lurt å "prøvelese" litt før ein bestemmer seg for å ta fatt på denne. For eksempel søke opp boka på nasjonalbiblioteket

Lykke til vidare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Seks dagar att av leseperioda. Ein del er ferdige alt, ser eg. Korleis ligg det an med de som enno les, er de i rute? Sjølv reiknar eg med å avslutte no i helga.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette sitatet, her av Rannveig, mor til Gunnar frå Lidarende (kapittel 42), kjem att i litt ulik form seinare i boka, og lagt i munnen på andre personar:

"stutt stund blir hand av hogg fegen" (Hoskuld, fosterson til Njål, kapittel 99 (side 140 i verdensbibliotek-utgåva))

"stutt stund fegnast hand av hogg" (Hall, kapittel 134 (side 191 i verdensbibliotek-utgåva))

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stutt stund gledest hand av hogg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han varslar mannfall
den vide veven,
frå fælslege duken
blodet dryp;
no heng han oppe
hærmannsveven,
grå av spjut,
i galgenrenninga
trær dei. møyane,
blodige trådar.

Rend er veven
med varme tarmar,
og hardt er han tøygd
med mannehovud.
Til skaft er bruka
bloddregne spjut.
Jarn er på teinen,
piler til rælar.
Med sverd skal vi slå
sigersveven.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

"Kvar ber det av, Skarphedin?"
"Ut og leita etter sauene dine."
"De trong ikkje vera væpna om det var det de skulle," seier Njål, "det er vel noko anna som er ærendet."
"Kjem vi ikkje over sauene," seier han, "skal vi fange laks, far."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dette har eg tenkt ganske grundig igjennom, og sjølv om det er mange bokserier ein kunne ynskje seg eit framhald av så det er ingenting av lesestoff som etterlot seg same tomromet som då Bill Watterson bestemte seg for å avslutte Calvin and Hobbes (Tommy og Tigern).

Eg er ikkje sikker på om eg egentlig ynskjer meg ein oppfølger, for det ville heit sikkert ikkje bli det same etter så mange år. Men du verden som eg sakna den då det blei slutt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det blir ufred og dreping i dagevis no
Her skal hovuda rulle og dynkast i blod
For slik vilje til vondskap er sjeldan å sjå
Som i Njålssoga skildrast, det vågar eg på

Kanskje blir det meir fredsamt i bok nummer to?
I Historien er krigen til endes for no
Kan ein vone på trygge og feitare år
For Useppe og Ida? skal tru kor det går

Og på øyret får fiendskap også sin test
Når Messala og Juda skal kappast med hest
Ein får tru på at helten i dette har tur
Eg får vite det snart når eg høyrer Ben Hur

Godt sagt! (8) Varsle Svar
Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette høyrest lovande ut, denne sklir rett inn på ynskjelista.
Nissen, høyrer du?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mår heitte ein mann, dei kalla han Gigja.

Njålssoga

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tilskodarblikket ja, der sa du det. Det er tankevekkande korleis Ida opplever jødeforfølginga, at ho skammar seg over å vere peika ut som mindreverdig. Dette er sikkert vanskeleg å setje seg inn i for den som ikkje har opplevd det sjølv, det er lett å tru at ein sjølv ville ha reagert med trass og sinne i staden for skuldkjensle og resignasjon.

Når det gjeld å kommentere handlinga i boka så er mi haldning at det må vere greit å kommentere så langt fram som ein jevn leseprogresjon tilseier, dvs at når ein slik progresjon for denne boka tilseier 20 sider pr dag og vi i dag skriv den 12. dagen i leseperioden så må det vere greit å kommentere fram til side 240 eller deromkring.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

I tilfelle det skulle vere nokon som alt ikkje har lest seg fram til dette sjølv på wikipedia eller andre stadar:

Morante var sjølv halvt jøde, og under krigen gøymde ho seg vekk i områda rundt Roma på same vis som Ida i boka. Det er derfor lett å tru at mykje av det vi les om Ida sine reaksjonar på jødeforfølgingane er tufta på forfattaren sine eigne erfaringar.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Meir informasjon om denne hendinga er å finne her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.BenteTanteMamieBente NogvaNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergDemeterIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaKirsten LundJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandmarithcEster SIreneleserHedvigGro-Anita RoenHelge-Mikal Hartvedt