Etterpå sugde Børson tennene. Han hadde øvd seg opp til å suge gjennom et hull mellom to framtenner og til å sprute spyttet ut gjennom det, når han skulle spytte. Han sprutet på kasser og på ovnen og overalt. Han hadde lært det av lensmannsbetjenten, han fra Vadsø. Stilig kar!
Som deg, så oppfattar eg det som at det i 1947/kapittel 6 er forfattaren som formidlar meininga si gjennom David. Medan eg las det, tenkte eg at dette må vere eit nøkkelkapittel i boka, og eg oppfatta det som eit klagemål over at kommunismen ikkje fekk meir innflytelse i italiensk politikk (og i vest-europeisk?) trass i at kommunistisk motstandskamp var vesentleg for å vinne krigen. Men dette er nok ikkje alt, det er mykje å gripe fatt i i dette kapitlet.
"Åssen hadde du det i Trondhjem da, Bør?"
"Aldeles merkantilt!"
Kva med denne?
Aldri skal et menneske møte en mer tilintetgjørende fiende enn tiden!
Bakeånda er sjeldan på besøk her også, men den var på ein lynvisitt medan eg sov førre natta, då tenåringsguten i huset fann på at det var ein god ide å lage brownies ute i dei små timar. Neste gang bakeånda kjem så håper eg den får følge av ryddeånda.
Eg har også merka meg Den forbudte elven. Eg les alt for få bøker utanfor den vestlege kultursfæren, og har tru på at denne kan vere noko å få med seg.
Bokjulebingo? No vart eg nyfiken, korleis fungerer det?
Eg skal nok lese resten av Ingrid-trilogien med tid og stunder. Var nær ved å kjøpe Hvitt hav på svartefredagssalet, men eg har vært knallhard med meg sjølv i det siste med å ikkje handle inn bøker raskare enn eg les. Så eg satsar på at det kjem fleire sjansar seinare.
Sidan klokka er mange og forumet stilt
Tek eg sjans på ein trådstart, får tru det blir gildt
Det er lesehelg, endåtil først i advent
Ja, det nærmar seg slutten på året som kjent
Dennne helga så er eg på tur i Egypt
For i sukkerhus-boka så reiser eg trygt
Og deretter så må eg nok heimom ei rid
Til Bør Børson som venter i bokhylla mi
Kva med dykk, har de heile kalenderen full
Med å handle og bake og pynte til jul
Eller gjer de som eg og tek livet med ro
Supar kaffi og les i ei bok eller to?
... den som kjenner menneskene, takker Gud for sin ensomhet!
Sjølv takk for at du tek på deg organiseringa.
Eg har ingen innvendingar mot å vente til etter jul.
De skulle ta med seg kisten og begrave den, forklarte begravelseskomiteen. Et eller annet sted blant rismarkene. En død kropp måtte ikke gå til spille. [Hun] skulle gi næring til jorden. Hun ville tjene revolusjonen bedre enn hun hadde gjort da hun var i live. Vi burde være stolte.
Ingen så at bak all solidaritetsretorikken lå det en dypt indoktrinert tro på at alle kunne være en fiende. Først var fienden de intellektuelle, diplomater, leger, piloter og ingeniører, politifolk og militære offiserer, alle med rang og ry. Deretter var fienden sekretærer, fagarbeidere, kongelige tjenere, drosjesjåfører, folk med mok robar civilai - "moderne yrker" - en gruppe som inkluderte nesten alle ved tempelet, siden de fleste av oss var fra byen.
Da vi endelig kom til nederst i Karl Johan man så hele toget farga i norske flagget, rødt, hvitt og blått, og Dardan (lagela, han er faren til utlendinger) bare: hvorfor det er så lang kø til slottet.
... pappa hadde så stress og glemte Matias, i stedet han kjefta på meg og bare: Mariana, hvorfor du har legget sminskene dine midt på gangen, og jeg bare: lær deg norsk før kommer du til Norge, så pappa klikka mentalt og derfor jeg nå sitter i rommet mitt.
Eit par andre som skriv bra og humoristisk, i alle fall etter mange sin smak, er Arto Paasilinna og Erlend Loe. No ser eg av boksamlinga di at du alt har lest ei av Loe sine bøker, og at den ikkje blei nokon favoritt for å seie det på den måten. Men kanskje er det verdt å snuse på Paasilinna?
Er det nokon av felleslesarane eller andre som kan såpass om medisin at dei kan gjere ei vurdering av Useppe sin helsetilstand og kor fornuftig eller ufornuftig den skildra medisineringa er? For meg så framstend det som at det til tider gjeng over styr.
Eg såg i avisa at der var steinar i vegen, ja, og håpte i det same på at Steinar var på trygg avstand. Uansett flaks at det ikkje gjekk verre.