Verda har kanskje gått under, det er ikkje godt å seie. Uansett så er hovudpersonen, medan ho er på hyttetur, blitt fråskilt frå resten av verda av ein usynleg vegg og på utsida av veggen virkar det som om all aktivitet har gått i stå. Boka dveler ikkje ved, eller spekulerer i, kva som kan ha skjedd, men fortel om korleis hovudpersonen omstiller seg frå eit konsument-liv i øvre middelklasse til å skulle greie seg på eiga hand ute i skogen. Litt som Robinson Crusoe.
Det kan høyrast ut som eit litt dafft plott, men det er meisterleg gjennomført. Dama hadde med seg ein hund på hytta, og får etter kvart også selskap av ein katt og ei ku. Ho grev seg ikkje ned i tankar om kva som har skjedd utanfor veggen, men fokuserer på kva ho må gjere for å overleve innanfor. Det kan virke som om drivkrafta hennar rett og slett er omsorg for dyra.
Nøkternt sett kan ein kanskje seie at dette er ei handbok i sjølvberging i tempererte strok, men den er mykje meir enn det. Det er også ei stillferdig og flott skildring av samspelet mellom natur, dyr og menneske, eit truverdig innblikk sinnet til ei isolert middelaldrande dame og ei vakker historie om sjølvrealisering. Sjølvrealisering? Innanfor ramene som lagnaden har gitt henne må ein vel seie at dama har funne ein indre styrke til å meistre situasjonen, eg fann ikkje noko betre ord i farta enn sjølvrealisering.
Eg las denne saman med den dystopiske lesesirkelen, det virka om om dei fleste av dei andre også var begeistra for denne boka.
Ei slags oppvekstskildring, men veldig skakkøyrd. Dysfunksjonelle familier på 60-talet i Oslo verkar å vere ein av Christensen sine spesialitetar, og han skuffar på ingen måte i denne boka. Forteljarstemma tilhøyrer ein var og søkande gut, som er einebarn i ein i utgangspunktet velståande heim. Ein fylgjer oppveksten i nokre få år i overgangen mellom barn og ungdom, og i gryande seksualitet. Dette er nok ein vanskeleg fase for dei aller fleste, men for hovudpersonen så er det forhold som gjer det ekstra vanskeleg.
Tonen i boka er ei blanding av nostalgi og tristesse, og den blir mørkare etter kvart som handlinga skrid framover. Kanskje det mørkaste eg har lest av denne forfattaren så langt. Miljøskildringane er som alltid overtydande, ein ER i Oslo på 60-talet når ein les denne boka. Det blir også klart at guten, som ein også ER i hovudet på, har lyter som ikkje berre er kroppslege. Det meste av dette er underforklart av forfattaren, noko eg likte veldig godt. God bok.
Takk, det høyrest ikkje bra ut for Fabel. Hadde du den berre i testperioden, eller abonnerte du også? (det kunne jo hende at problema er størst medan ein er test-brukar ...)
Takk for tilbakemelding
Kapitalismen er urettferdig, sa han. Men den virkar. Sosialismen er rettferdig. Men den virkar ikkje.
"Eg er jomfru, sa Bjørn Blakke. Heilt fram til frukost. Fråhaldsmann og ateist til lunsj. Og religiøs som faen i bakrus. Sosialdemokrat når eg kviler middag. Og kommunist når det kjem til lønningsposen. Kan ikkje vera adventist på alle livets område heller."
Eg har gått i tankar om å åpne litt på lommeboka og betale litt for å høyre på lydbøker, og ser at bokklubben frontar lydbøker frå Fabel. Men når eg kikar på fabel-appen på google play så er der skræmande dårlege tilbakemeldingar frå brukarane. Av 179 brukarar så har 111 gitt lavaste skår.
Er det nokon her inne som har erfaring med denne appen? Er den så dårleg som stjernedrysset tyder på, eller finnest det eit triks som desse 111 ikkje har oppdaga for at den skal fungere bra?
Eg heldt det for ganske sannsynleg at eg kom til å bli arrestert på dette ikkje alt for gjennomtenkte innspelet, så eg hekta på ein "kanskje" for sikkerheits skuld. Det var kanskje lurt.
På den siste dagen i januar går det opp for meg at det er over en måned siden sist jeg snakket med mennesker. Det fungerer utmerket. Alt det man kan si til andre, og så har jeg ikke sagt noe av det. Jeg er et levende bevis på at det i grunnen ikke er så mye å si. Jeg er stolt av meg selv Det er en god start på året.
Eg veit ikkje om bøkene var betre skrivne før, men kanskje var generasjonen av forfattarar du nemner dei første som tok litteratur for born på alvor? Dersom ein kan seie at desse var pionerar innanfor sjangeren så det heller ikkje så rart at bøkene deira blir "evige" klassikarar.
Når det er sagt, så er eg ikkje i tvil om at det også i dag kjem ut bøker som er gode nok til å kunne glede mange generasjonar med born. Maria Parr sine bøker er kanskje dei et tenker mest på no, men det finnest sikkert mange andre (eg les ikkje så veldig godt orientert om kva som kjem ut innanfor sjangeren).
Tenåringsjenter har alltid fremstått som gåtefulle for meg, ikke minst da jeg var like gammel som dem. Og siden har jo avstanden mellom oss bare økt, som naturlig er, og nå har jeg altså min egen, og slik jeg så det denne kvelden for snart seks måneder siden, var det ingen grenser. Ta det mest irrasjonelle som tenkes kan og multipliser det med det største tallet du kommer på, så bor min datter vegg i vegg, ville jeg ha sagt.
Statsarkivaren så ut som om han fra tidlig barndom var blitt oppfostret i arkivets dypeste, mørkeste kjellermagasin på en blanding av harsk fiskekraft, kjøttslintrer og kokt kål.
Store forventninger høyrde eg som lydbok tidlegare i år. God bok, tykte eg.
Spørs om eg burde skaffe meg denne. Hadde vært moro å sjå kva slags ville verkty ein burde skaffe seg tilgang på.
Får håpe Winge har holdt tak i det nye livet også etter at boka har kome ut. Kan tenke meg at det er krevjande.
Apropos fyll, eg les i hovudstadsavisene at julebord har gått av moten. Vi skal ha komande helg, gjeng det som eg trur så blir det mykje restitusjon dagen etterpå. Men det er stort sett denne gangen om året at eg slår av bremsene, så for min eigen del så er eg ikkje så bekymra for å havne på skråplanet.
Lukke til med eksamen. Kjekt at du tek deg tid til å svinge innom helgetråden midt i innspurten.
Det er slett ikkje vilja og meininga mi
Å bli helgetrådstartar-vikar over tid
Så når krira er borte og kvelden blir lang
Er det fritt for einkvar å få tråden i gang
Det blir skummelt i stova når kveldsmørkret kjem
Og Bjørn Beltø skal grave i jorda igjen
Ja, ei djevel-maskering er slett ingen spøk
Når ein arkeolog er på Juvdals-besøk
Enn de andre, er advent i gang som normalt?
Med litt handball på TV og rot overalt?
Men eg vonar de alle får unnt seg litt ro
Til å kose seg godt med ei bok som er god
På hotellrommet fant jeg frem laptopen og koplet meg til hotellets troløse nett.
Populær dame denne Lilith. Jaggu er ho med i Tom Egeland sin Djevelmasken også. Vi må slutte å treffast på denne måten, Lilith.
"Bok?" sa oppkjøperen. "Ka skal jeg gjøre med den?"
"Du skal lesa den!" sa Børson.
Da satte kreaturoppkjøperen i en kaldskratt. "Je har aller hørt så galt!" sa han. "Er det no' å tjene på å lese ti ei bok da? Ha! Ha! Ha!"