Ei mektig og god bok om livet til den unge Morten Pedersen, etter kvart Falck, frå han kjem frå Norge til København i 1782 for å studere teologi, via nokre år i teneste som prest på Grønland, ein sveip innom Norge att, før han reiser til København og får med seg den store bybrannen i 1795. Brorparten av historia handlar om tida på Grønland, og det trøysteslause livet i kulde og mørker i ei skrøpeleg kolonibosetjing hjå eit okkupert folk som han ikkje forstår.
Leine serverer mange truverdige og kraftfulle skildringar i denne boka, anten det er frå bylivet i København, den kummerlege seilasen til Grønland eller livet til grønlendarane. Han legg ikkje fingrane imellom for å male ut grisete detaljar angåande hygieniske forhold eller sjokkerande seksualmoral. Enkelte scener sklir over i det absurde, her kan ein nemne eit tjuveri på kjøpmannen sitt loft som ikkje ender så bra. Men stort sett har ein kjensla av at skildringane er tilforlatelege. Spesielt godt likte eg kanskje intermessoet på eit kvalfangstskip, og også bybrannen i København var mektig godt fortalt.
Unge Morten viser frå starten av at han er ein unnfallande tvilar. Han tvilar seg frå eit ekteskap i København, han er unnfallande for lagnaden til ein ung sjømann under overfarta til Grønland, han er tvilande til prestegjerninga og unnfallande for å gripe inn i sosiale tilhøve rundt seg. Men heilt tiltakslaus er han ikkje, påfunnet med å take med seg ei mjølkeku til Grønland stend det respekt av. Og sjølv om Morten aldri blir nokon helt, så stend det likevel respekt av alt han gjeng igjennom i løpet av boka.
Vi las denne boka i Lesesirkelen av 2014 i april/mai i år. Boka er god, men utfordrande, og den egna seg ypperleg til diskusjon undervegs.
"May I ask, sir," said Summerlee, with vicious calm, "in what capacity you take it upon yourself to issue these orders?"
Challenger glared and bristled.
"I do it, Professor Summerlee, as leader of this expedition."
"I am compelled to tell you, sir, that I do not recognize you in that capacity."
"Indeed!" Challenger bowed with unwieldy sarcasm. "Perhaps you would define my exact position."
"Yes, sir. You are a man whose veracity is upon trial, and this committee is here to try it. You walk, sir, with your judges."
"Dear me!" said Challenger, seating himself on the side of one of the canoes. "In that case you will, of course, go on your way, and I will follow at my leisure. If I am not the leader you cannot expect me to lead."
Thank heaven that there were two sane men--Lord John Roxton and myself--to prevent the petulance and folly of our learned Professors from sending us back empty-handed to London.
(Chapter VIII)
There was a full-page picture of the most extraordinary creature that I had ever seen. It was the wild dream of an opium smoker, a vision of delirium. The head was like that of a fowl, the body that of a bloated lizard, the trailing tail was furnished with upward-turned spikes, and the curved back was edged with a high serrated fringe, which looked like a dozen cocks' wattles placed behind each other. In front of this creature was an absurd mannikin, or dwarf, in human form, who stood staring at it.
"Well, what do you think of that?" cried the Professor, rubbing his hands with an air of triumph.
"It is monstrous--grotesque."
"But what made him draw such an animal?"
"Trade gin, I should think."
(Chapter IV)
Denne gjekk som høyrespel i rikskringkastina ein gong i 70-åra, eg hugsar at eg låg klistra inntil radioen for å få med meg denne spanande forteljinga. Sidan har eg sett den som film med Bob Hoskins, så no var det på tide å lese boka. Eller i det minste høyre den, for denne høyrde eg som gratis lydbok frå Loyalbooks.
Den eksentriske professoren (er ikkje litteraturen såpass full av eksentriske professorar at det egentlig burde vere normalt å vere eksentrisk, og eksentrisk å vere normal?) Challenger har nyleg vært i jungelen i Sør-Amerika og har grunn til å tru at det finnest pterodaktylar og andre skrekkøgler på eit isolert fjellplatå der. Han rustar ut ein ny ekspedisjon, der mellom anna den skeptiske kollegaen og erkefienden Professor Summerlee får vere med, for ikkje å snakke om forteljaren, den unge journalisten Malone, som først og fremst blir med på dette for å imponere dama han er forelska i. Menn er ganske enkle slik.
Det er ei spanande og underhaldande historie Conan Doyle har dikta opp her. Ein røper ikkje for mykje om ein nemner at det blir dramatiske møte med både dinosaurar og andre skapningar. Enkelte logiske bristar er der kanskje, for ikkje å snakke om overdrivne detaljar hist og pist. Men dette er eventyr, og må lesast som eit eventyr, og det skal først og fremst vere moro. Sidan det er tilrådeleg å more seg av og til, har eg ingen problem med å anbefale denne til ande bokelskarar.
Interessant artikkel. Det nemnast at autofiksjon blei lansert som begrep på 1970-talet, men det skulle overraske meg stort dersom dette ikkje har vært nytta som litterært grep lenge før den tid. Er det nokon litteraturhistorie-kyndige som kan supplere med eventuelle eksempel her?
Kan ein i tillegg hevde at denne tilsynelatande flaumen av virkeligheitslitteratur gjenspeglar den store og høgst reelle flaumen av virkeligheitsteve-program ein har sett dei siste få tiåra? Eller endåtil at dei grenselause moglegheitene som internettet gir til å kike på andre, og ikkje minst til å la seg kike på av andre, smittar over på litteraturen?
Forøvrig har eg i liten grad tenkt over det du kanskje egentlig spør om. Det er nok berre unntaksvis at eg har tankar omkring forfattaren sin røyndom, som regel vil dette då dreie seg om korvidt forfattaren sin bakgrunn har vært ein føresetnad for å gi ei truverdig skildring av hendingar og/eller miljø i boka. Men det var kanskje ikkje dette du tenkte på?
Sidan du spør; her er ei liste.
Stort sett forfattarar du ikkje har lest frå før (i alle fall er dei ikkje i boksamlinga di), brukbar blanding av gamalt og nytt, ein viss geografisk spreiing, og stort sett lettleste og fengande (trur eg) bøker.
Ein god del av bøkene har eg lest sjølv, andre stend høgt på ynskjelista eller leseklare i bokhylla.
Lukke til med leseåret 2018!
Chimamanda Ngozi Adichie: En halv gul sol
Jorge Amado: Tereza Batista
Ingvar Ambjørnsen: Hvite niggere
Jane Austen: Pride and prejudice
Kerstin Ekman: Hunden
John Fante: Vent til våren, Bandini!
Edvard Hoem: Mors og fars historie
Tove Janssen: Sommerboken
Lloyd Jones: Mister Pip
Selma Lagerlöf: Keiseren av Portugalia
Michel Laub: Fallet. Dagboknotater
Mikael Niemi: Populærmusikk fra Vittula
Neville Shute: En by som Alice
Brian Selznick: Oppfinnelsen av Hugo Cabret
Jeanette Walls: Krystallslottet
Kjell Westö: Svik 1938
Jan Wiese: Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede
Markus Zusak: Boktyven
Heilt grei Hole-bok frå Jo Nesbø. Det er ein del trådar frå tidlegare bøker som knytast saman i denne boka. Då skulle ein kanskje tru at det er ein fordel å ha lest alle tidlegare Hole-bøkene for å få utbytte av denne. Vel, det har eg gjort, men eg veit ikkje om det gjorde så store forskjelen. For det første skal det godt gjerast å hugse og sortere vilkårlege personar som har vært med i tidlegare bøker. For det andre er handlinga godt nok forklart til at ein ikkje mister tråden sjølv om ein ikkje har lest (eller hugsar) tidlegare bøker. Nesbø er dyktig slik. Slik også.
Det er ein del blod og gørr i denne boka, men anten så har eg blitt avstumpa med åra eller så dvelar Nesbø mindre enn før ved dei mest groteske detaljane, for eg tykte faktisk ikkje at det var så gale. Det vil seie, i det verkelege livet ville det vært styrgale, men i ei krimbok er det heilt greit.
Ein annan ting eg tykte var greit er at Nesbø på mange måtar er snillare med Hole i denne boka enn i nokre av dei seinare, førre bøkene. Rett nok er der dramatiske episoder der helten er ein hårsbreidd frå å miste livet, men tilværet ellers er ikkje slett så beksvart. Har Nesbø blitt sentimental med åra? Han finn til og med rom for å la ein person som har hatt skurke-rolle i fleire bøker gjenoppstå som ein slags helt. Då er det jammen meg håp for alle.
Nesbø kan trygt halde fram med å skrive fleire Hole-bøker, dette er spanande og stort sett velkomponert krim som mange trufaste lesarar set pris på. Deriblant denne lesaren.
Harry lukket øynene igjen. Han luktet på hånden sin, håpet at det ikke var blod, piss eller spy.
"Er du fortsatt tørrlagt, Harry?"
"Som en norsk oljebrønn, sjef."
"Hm. Du er klar over at de norske oljebrønnene ikke er tørre, de er bare stengt inntil oljeprisen stiger igjen?"
"Det var det bildet jeg mente å kommunisere, ja."
'I have thought since how particularly ill-equipped I was for such an experience. When I had started with the Time Machine, I had started with the absurd assumption that the men of the Future would certainly be infinitely ahead of ourselves in all their appliances. I had come without arms, without medicine, without anything to smoke--at times I missed tobacco frightfully--even without enough matches. If only I had thought of a Kodak! I could have flashed that glimpse of the Underworld in a second, and examined it at leisure. But, as it was, I stood there with only the weapons and the powers that Nature had endowed me with--hands, feet, and teeth; these, and
four safety-matches that still remained to me.
(Chapter VI)
'It would be remarkably convenient for the historian,' the Psychologist suggested. 'One might travel back and verify the accepted account of the Battle of Hastings, for instance!'
'Don't you think you would attract attention?' said the Medical Man. 'Our ancestors had no great tolerance for anachronisms.'
(Chapter I)
Eg tykkjer det er veldig moro med gamal science-fiction, og denne boka er ikkje noko unntak. Begrepet «tidsmaskin» blir gjerne kreditert H.G. Wells og denne historia. Det heile startar med eit middagsselskap, der hovudpersonen som berre blir omtala som «Den tidsreisande» gjer greie for dei natuvitenskaplege premissa for at slike reiser er mogleg, og demonstrerer ein liten modell av ei tidsmaskin han er i ferd med å lage. Når dei same personane skal møtest igjen veka etterpå kjem ikkje Den tidsreisande i rett tid til middagsselskapet, men dukkar opp litt seinare, og i ein ganske herja tilstand. Han har reist i tida, og gjer etter kvart greie for eventyra sine.
Det er ganske brukbart plott Wells har kokt i hop. Reisa gjeng ganske langt fram i tid, og forfattaran har gjort seg tankar om utviklinga av menneskerasen. Her er også sterke innslag av klassekamp, og det er ikkje lett for Den tidsreisande å finne ut av kven som er venner og kven som er fiender. Det ligg i korta at hovudpersonen vinn å reise attende til si eiga tid. Med tanke på skildringa av korleis maskina styrast var det ganske godt gjort, eller kanskje heller ein utruleg porsjon flaks, at han greidde å vende attende til same dag som han reiste. Når eg ein gong skal bygge ein slik maskin, kjem eg til å satse på å ha litt fleire spakar å hjelpe seg med.
Eg høyrde denne boka som lydbok frå loyalbooks, der opplesaren gjorde ein god jobb. Det er ikkje råd med det, eg må nok få med meg fleire av Wells sine Sci-fi-bøker, får satse på ei om året eller der omkring.
Kathy er 31 år, omsorgsperson med bakgrunn frå den velrenommerte kostskulen Hailsham. Men når ho tenker attende på skuleåra så oppdagar lesaren fort at her er det noko som skurrar. Kva slags kostskule er dette eigentleg? Og kva slags barn er det egentlig som er elevar der?
Forteljinga er lagt til ei alternativ nær fortid, der det er tatt ein del val omkring medisinske moglegheiter som dei fleste vil oppfatte som umoralske. Etter kvart som det fulle omfanget av situasjonen blir tydeleg, melder det seg mange ubehagelege spørsmål. Vi lever jo på mange måtar i eit sorteringssamfunn, slik har det vel alltid vært, medan ein strebar etter ideal om like moglegheiter for alle. Men kor høge er egentlig tersklane som må brytast ned for at tilstanden skal bli slik som Ishiguro skildrar?
Ishiguro er flink til å antyde, heller en å overforklare (sjølv om det kom ei ganske grundig forklaring på slutten). Vidare nyttar han mykje plass til å skildre relasjonane mellom Kathy og eit knippe av øvrige elevar ved kostskulen. Det er noko påtrengande ved desse skildringane som eg ikkje heilt får taket på, men det er sikkert gjennomtenkt frå forfattaren sin side. Kanskje vil han vise at hovudpersonane i boka er over gjennomsnittet mennesklege? Alt i alt ei god og leseverdig bok.
Vi las denne i den dystopiske lesesirkelen i mars/april i år. Den som foreslo boka hadde nok god teft, for litt seinare fekk Ishiguro som kjent Nobelprisen i litteratur.
Dere mener alvor. Dere har tenkt omhyggelig. Dere har håpet omhyggelig. Overfor studenter som dere kan jeg bare beklage.
Hvis dere skal få et anstendig liv, må dere vite hvem dere er og hva som ligger foran dere, hver eneste én.
Jack London skreiv to vidgjetne bøker der det er ein hund som er hovudpersonen; Når villdyret våkner (The Call of the Wild) frå 1903 og Ulvehunden (White Fang) frå 1906. Det er ein slags omvendt symmetri mellom desse bøkene, sterkt forenkla kan ein seie at i Når villdyret våkner er det ein tam hund som blir vill, medan i Ulvehunden er det ein vill hund som blir tam. Den første høyrde eg for tre år sidan, og no var det altså White Fang sin tur.
Boka åpnar med ei dramatisk ulvejakt, der ein ulveflokk jagar ein hundeslede med to mann og ei likkiste i fleire dagar. Ein av dei jaktande er ei ulvehybrid-tispe, som seinare blir mor til eit kull som er ¾ ulv og ¼ husky. Resten av boka dreier seg om ein av desse kvalpane, White Fang, om korleis han greier seg trass dårlege odds i diverse situasjonar, og korleis han etter kvart knyter sterke band til ein sympatisk ung mann.
Det er først og fremst i natur- og dyreskildringane at denne boka fenger. Det er tydeleg at London hadde førstehands kjennskap til klima, flora og fauna, og han formidla det på ein overtydande måte. Skildringa av ulvehunden sin veremåte er også tilforlateleg, i alle fall for ein som ikkje er ekspert. Forfattaren skal, i følge wikipedia, ha uttalt at han skreiv både denne og Når villdyret våkner som ein protest mot antropomorfisering av dyr, det gjekk ein heftig debatt omkring dette temaet i USA på starten av 1900-talet der til og med president Roosevelt engasjerte seg. Korvidt denne protesten var vellukka kan eg ikkje uttale meg om, men det blei i alle fall ei flott og underhaldande bok ut av det.
… he did not like the hands of the man-animals. He was suspicious of them. It was true that they sometimes gave meat, but more often they gave hurt.
(Part III Chapter V)
In advance of the dogs, on wide snowshoes, toiled a man. At the rear of the sled toiled a second man. On the sled, in the box, lay a third man whose toil was over
(Part I Chapter I)
Der er i desse stroka av Norge at ingenting ennå til denne tid er kasta.
(Om landsbygda i Øvre Telemark)
Sidan ein god del av handlinga i denne boka gjeng føre seg i Lovra, så er det kanskje ikkje så rart at ein støyter borti gamle kjenningar. Det refererast som snarast til Hertingen, og Wim Runar Leite har ei bittelita rolle i forteljinga. Begge desse var sentrale i Fyr og flamme
Er det nokon av de andre lesarane som har lagt merke til gjenbruk av personar i Fløgstad sin forfattarskap?