Kathy er 31 år, omsorgsperson med bakgrunn frå den velrenommerte kostskulen Hailsham. Men når ho tenker attende på skuleåra så oppdagar lesaren fort at her er det noko som skurrar. Kva slags kostskule er dette eigentleg? Og kva slags barn er det egentlig som er elevar der?

Forteljinga er lagt til ei alternativ nær fortid, der det er tatt ein del val omkring medisinske moglegheiter som dei fleste vil oppfatte som umoralske. Etter kvart som det fulle omfanget av situasjonen blir tydeleg, melder det seg mange ubehagelege spørsmål. Vi lever jo på mange måtar i eit sorteringssamfunn, slik har det vel alltid vært, medan ein strebar etter ideal om like moglegheiter for alle. Men kor høge er egentlig tersklane som må brytast ned for at tilstanden skal bli slik som Ishiguro skildrar?

Ishiguro er flink til å antyde, heller en å overforklare (sjølv om det kom ei ganske grundig forklaring på slutten). Vidare nyttar han mykje plass til å skildre relasjonane mellom Kathy og eit knippe av øvrige elevar ved kostskulen. Det er noko påtrengande ved desse skildringane som eg ikkje heilt får taket på, men det er sikkert gjennomtenkt frå forfattaren sin side. Kanskje vil han vise at hovudpersonane i boka er over gjennomsnittet mennesklege? Alt i alt ei god og leseverdig bok.

Vi las denne i den dystopiske lesesirkelen i mars/april i år. Den som foreslo boka hadde nok god teft, for litt seinare fekk Ishiguro som kjent Nobelprisen i litteratur.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Filmen basert på boka er faktisk også ganske god! =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Anbefalar forresten boka "The Remains of the Day" av samme forfattar. Trur du vil like den endå betre. Handlar om ein meget dedikert "butler" som er såpass oppteken av å utføre arbeidet sitt perfekt at han utsletter deler av si eiga karakter - iallfall slik eg velger å tolke han. Sjarmerande og samstundes provoserande! Mykje humor også. Også denne er filmatisert og det med stor suksess, eg elska boka endå meir etter å ha sette filmen :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for anbefalinga. Ja, dersom eg kjem frampå denne boka til på eit sal eller liknande så kjem den nok til å havne i bokhylla mi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliJulie StensethBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAva