Vestlandet, Erlend O. Nødtvedt

Fantastisk. Dette er årets julegavetips til alle; nesten alle.
Det er nok ikke alle som er så heldige at de er fra Vestlandet, har slektninger der, eller derfra, har forretningsforbindelser eller studievenner derfra; men har dere det, eller har lyst til å bli bedre kjent med, og dermed få en større forståelse om hvorfor vi er som vi er; les denne boka.

Bakteppet er at veien over Filefjell er et grusomt stykke vei. Så grusomt at Fridrik den andre, i 1563, fritok bøndene i Lærdal for militærtjeneste mot at de vedlikeholdt veien over Filefjell og ned til Lærdal. Veien mellom Bergenshus og Akerhus. Veien som knytte dei som hater sitkagran, sentralmakta og heslige embedsmenn med østlandsdialekt, sammen.
Løftet ble fornyet av disse Fridrikene, den ene etter den andre, men i 1799 ble Lærdølingene kalt inn til militærtjeneste.........då vart det bråk.

Naturlegvis vart det det, og naturen på Vestlandet er både kontrastfylt og dramatisk. Det vart uvêr, og Anders Lysne blåste folk i hop, reiste dei mot makta og sto i stormen - heilt til han bokstavleg talt, på Fridriks ordre, miste hovudet i Bergenshus.

Dette er historie. Forteljinga i boka er i moderne tid, svært godt fortalt av Erlend, om Yngve og Erlend som stjel Anders sin skalle i Bergen, tek den med på ei slags signingsferd i ein Toyota Camry, rundt på veier og bruer, i tronge dalar og bratte stup, i dette dramatiske Vestlandet - med sjølveste Austmannen i hælene.
Denne færda er ei dannelsesreise, kor dei viser fotefara til nokre, på sin veg for å vitje andre nolevande store kunstnarar på Vestlandet - kor Yngve har som mål å måle eit portrett alle dei store til ei utstilling i Lærdal, når Vestlandets frigjøringsfront har ei markering i Lærdal. Kan nevne store navn i fleng; dei eg i skrivande stund hugsar:

Olav H Hauge, Per Sivle, Sæverud, Torsheim, Hovland, Rolv Sagen, Jon Fosse, Agnes Ravatn, Einar Økland, Jakob Sande, Ivar og Kari Medaas, men der er fleire som er nevnt, bilete som er skildra.

Dette er ei fantastisk flott bok. Ein debutantroman, som hyller Vestlandet, Vestlendingen og distrikstnorge. Eg gler meg til å følge forfattaren vidare, og eg føler at no har Vestlandet fått vår eigen Atro Passillina.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Dette høyrest lovande ut, denne sklir rett inn på ynskjelista.
Nissen, høyrer du?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Harald KEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenIngeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempett