Det er poppis med helgetråd, sikkert og visst
Ja, ein fredag foruten er fryktelig trist
Ein får prøve å einast om kven som har tur
Slik at alle blir nøgde og ingen blir sur

Eg er også, som deg, litterært i Iran
Ikke uten min datter er boka om da’n
Skulle denne bli utlest før helga tek slutt
Får eg starte på Fløgstad sin VM-tributt.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Ein annan stad eg ser at han stokkar om på bibelsoga er når han nemner at Kain sler i hjel Abel med kjevebeinet til eit esel. Bibelen nemner ikkje noko om drapsmetode.

Dette med eselkjeven meiner eg viser til soga om Samson. Sjå Domarane kapittel 15 vers 14-17:

Då han kom til Lehi, sprang filistrane imot han med høge rop. Då kom Herrens ande over han. Det var som reipa om armane hans var brend lintråd, banda løyste seg opp i trevlar og fall ned frå hendene på han. Så fann han eit friskt kjevebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det. Då sa Samson:

«Med kjeven av eit esel
slo eg ein flokk, ja, to,
med kjeven av eit esel
slo eg tusen mann.»

Då han hadde sagt dette, kasta han kjevebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjevebeinhaugen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Melder meg på i nerde-klubben, eg. Slikt liker eg.

  • 32 bøker i første halvår (tom veke 26), av desse 7 lydbøker. Antal leste sider (lydbøker ikkje med): 8306, dette gjev eit snitt på 45 sider pr dag.

  • Stor oververkt av romanar, berre 1 krimbok, 1 novellesamling, 1 reiseskildring og 3 som eg har klassifisert som "annan sakprosa".

  • Stor overvekt av mannlege forfattarar, berre 4 bøker som er skrivne av damer.

  • Bøker frå berre 9 land. Fordeling: Norge 11; Storbritannia 5; Danmark 4; Italia 3; USA 3; Finland 2; Frankrike 2; Austerrike 1; Japan 1;

Og med referanse til nyttårsforsetta mine for i år:

  • Ingen bøker frå Afrika, Oseania eller Sør-Amerika enno, målet er minst ei bok frå kvar verdsdel.
  • Ingen bøker frå før 1800 enno. Målet er 2.
  • Har lest berre ei bok som er ny av året (Tørst av Jo Nesbø). Målet er 2.
  • Har lest 6 bøker på engelsk, alle lydbøker. I boks etter halvgått år.
  • Ingen bøker på portugisisk enno. Målet er 6.
  • Ei bok av ein for meg nye nobelprisvinnarar (Kongens fall/Johannes V. Jensen). Målet er 2.
  • Antalet uleste bøker er 132, skal bli 119 eller færre.

Det var greit med ein avsjekk på dette etter første halvår. Det er framleis råd å kome i havn med det aller meste her.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Kan det tenkes noe så forhenværende som en nedlagt kirkegård.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Der er morgener da man kjenner seg som en ødelegger når man ror sjekten ut på buktens speil. Hadde det så sant vært en krusning på vannet, men nei. Noen finner vellyst ved å rive i silke og gjerne det. Enkelte kveler katter ved daggry.
Men det er neppe et menneske så ødeleggelsessykt at det ikke kjenner som en slags skam å vekke den hvilende flate i vann i en bukt en sommermorgen før fugl våkner.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

No når sumarveret er berre sorgen
Les eg Natt og dag, den av Johan Borgen
Og på øyret har eg på tur i bilen
Expectations, great, den har Dickens-stilen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har stort sett vært glad og nøgd heile veka, og no blei eg enno gladare. Først og fremst fordi det, kva det no er, gjeng betre, og også over utsiktene til nye runder med deg i lesesirkelen. Ja, eg blir med vidare. Har hatt stor glede av dette så langt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg tek det sakte, eit kapittel om dagen, og enkelte dagar ikkje. No er eg ferdig med kapittel 3.

Der er 13 kapittel i boka, kapittel 2-13 er nummerert, medan det første kapittelet har tittelen "Tåpelighetenes bok". Er dete eit spark til bibelen, eller kanskje først og fremst første mosebok, som ei samling av tåpelegheiter, eller refererer Saramago til sitt eige verk? Sjølv trur eg først og fremst at Saramago vil at lesaren skal vere i tvil om dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg kan ikkje svare på kvifor det er slik, men eg har også observert at bøker som bokelskarar legg inn sjølve ikkje er søkbare på bokelskere sin søkemotor. Så ja, det kan lurt å gjere eit søk i google også dersom det er ei bok ein ikkje finn.

Kanskje admin vil forklare nærmare?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det vakre som Cerullo hadde i hovudet sitt då ho var lita, det fann ikkje noko utspring, Greco, men hamna i staden i ansiktet hennar, i brysta, i hoftene og ræva. På slike stadar forsvinn venleiken fort, og det er som den aldri har vore der.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No les eg ei bok av Elena Ferrante
Om hennar vennine, du veit, den briljante
Og neste verk ut i mitt bok-eldorado
Blir soga om Kain av José Saramago

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Bilar frå boka;

Fiat 1100, det var ein slik ein Solara-brørne ragga rundt i:
skriv bildebeskrivelse her

På side 318 fer nokre av ungdomane i veg med "Giardinettaen". Dette tyder rett og slett "Stasjonsvogna".

Solara-brørne kjøper seg etter kvart ein "Giulietta". Dette er ein modell frå Alfa Romeo, '57- og '58-modellen kunne sjå slik ut:
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Denne gangen greidde eg ikkje å finne boka på nokon bruktbutikk, så eg beit i det sure graset hist over bekken etter ti fuglar på tommeltotten ....
eller med andre ord, eg bestilte pocket-utgåve frå bokhandelen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Går heilt fint å lese i tilfeldig orden. Der er sjølvsagt ein viss samanheng mellom bøkene, men ikkje av ein slik art at det blir vanskeleg å kome inn i boka fordi ein ikkje har lest ei tidlegare bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Blir med, eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Blei tid til litt på kvelden, ja. Det var litt i overkant optimistisk å ta med seg tre bøker, men eg fekk i det minste starta på nr 2 før eg reiste heimatt. Nokre stemningsbilete:

skriv bildebeskrivelse her
Første kveld, litt for kjapp med å finne ein stad å sitje, her var det litt for mykje biltrafikk

skriv bildebeskrivelse her
Andre kveld, etter å ha orientert seg litt gjekk det betre å finne ein ideell plass å sitje.

Tredje kveld blei det ikkje tid til noko, jobb-arrangement på kvelden.

skriv bildebeskrivelse her
Fjerde kveld, det blei seint før eg kom meg ut, men det blei tid til ei økt likevel.

skriv bildebeskrivelse her
Femte dag, fri halve dagen! Kvelande varmt, her var det eit poeng å finne ein stad med eit lite vindpust.

Alt i alt strålande nøgd med veka, både jobb-delen og fritidssyslane.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

På ein midtsomarskveld tek eg inn på hotell
I Italia på jobbreise, den er på hell
For i morgon gjeng flyet og der skal eg ha
Don Camillo på fanget, den reisa blir bra!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sjølv kom eg i mål i natt. Det blei til tider litt i overkant med viderverdigheiter, men store delar av boka likte eg godt. Landa på terningkast 4, eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På eit gjetarhundkurs i frå morgon til kveld
Finn eg tid til å lese ein stubb likevel
Ja, når hunden er fora og legg seg til ro
Blir det Line og eg som finn saman, vi to.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det virkar som om eg liker boka ein del betre enn gjennomsnittet av deltakarane frå lesesirkelen. Er omlag halvvegs, og kosar meg godt, men eg sparer litt på den. Eg skal nemleg på jobbreise til Italia neste veke, og legg opp til å lese italienske bøker den veka:
- Hvis en reisende en vinternatt, Italo Calvino
- Don Camillo, Giovanni Guareschi
- Mi briljante venninne, Elena Ferrante
Eg driv og fantaserer om å sitje på ein fortausrestaurant om kveldane med eit glas saft eller noko slikt og veksle mellom å kike på folk som fer forbi og å lese i bok. Vi får sjå kva det blir tid til.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikHilde H HelsethLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldBeathe SolbergJulie Stenseth