Det virkar som om eg liker boka ein del betre enn gjennomsnittet av deltakarane frå lesesirkelen. Er omlag halvvegs, og kosar meg godt, men eg sparer litt på den. Eg skal nemleg på jobbreise til Italia neste veke, og legg opp til å lese italienske bøker den veka:
- Hvis en reisende en vinternatt, Italo Calvino
- Don Camillo, Giovanni Guareschi
- Mi briljante venninne, Elena Ferrante
Eg driv og fantaserer om å sitje på ein fortausrestaurant om kveldane med eit glas saft eller noko slikt og veksle mellom å kike på folk som fer forbi og å lese i bok. Vi får sjå kva det blir tid til.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Blei tid til litt på kvelden, ja. Det var litt i overkant optimistisk å ta med seg tre bøker, men eg fekk i det minste starta på nr 2 før eg reiste heimatt. Nokre stemningsbilete:

skriv bildebeskrivelse her
Første kveld, litt for kjapp med å finne ein stad å sitje, her var det litt for mykje biltrafikk

skriv bildebeskrivelse her
Andre kveld, etter å ha orientert seg litt gjekk det betre å finne ein ideell plass å sitje.

Tredje kveld blei det ikkje tid til noko, jobb-arrangement på kvelden.

skriv bildebeskrivelse her
Fjerde kveld, det blei seint før eg kom meg ut, men det blei tid til ei økt likevel.

skriv bildebeskrivelse her
Femte dag, fri halve dagen! Kvelande varmt, her var det eit poeng å finne ein stad med eit lite vindpust.

Alt i alt strålande nøgd med veka, både jobb-delen og fritidssyslane.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

... det så jammen trivelig ut!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er flott at vi opplever litteraturen forskjellig!
...og gjett om eg skulle gjerne ha gjort det same! Altså reist til eit sydleg land, og sett meg ned med boka mi og verkeleg kosa meg på ein fortauskafé!
Men - sidan det regna så innmari her i vest i dag, så gjekk eg på bokhandelen og gjorde eit trøystekjøp:

Noe fremmed i mitt sinn av Orhan Pamuk og
Der fire veier møtes av Tommi Kinnunen

Trur eg skal få nokre fine timar i selskap med dei!
Var også innom ein brukthandel på jakt etter noko anna, men det vart no kanskje eit par bokskattar der med! :-)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ah, høres herlig ut. Buon viaggio!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

NinaBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTurid KjendlieTheaHarald KTanteMamieEllen E. MartolBård StørePiippokattaJulie StensethRolf IngemundsenFindusSolveigBertyHilde Merete GjessingBjørg RistvedtSolDolly DuckKirsten LundTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveLeseberta_23Akima MontgomeryTrude JensenTor-Arne JensenBerit RBjørg L.Hanne Kvernmo RyeRufsetufsaCarine OlsrødMarianneN