Bøker eg har lest eller har leseklare i bokhylla der tittelen har konge, dronning eller andre adelege titlar i tittelen.
Popularitetsoversyn:
Konge: 9
Dronning: 2
Prins: 2
Fyrste: 1
Grevinne: 1
Keiser: 1
Lord: 1
Prinsesse: 1
I regnver er godstolen trufast ein ven
Der startar eg helgelektyren om senn
Då blir det ein rundtur i skauen igjen
Med Sverre og gjengen av Fredløse menn
Eg kjem også truleg til å bli med dersom det blir felleslesing i juli. Har ikkje boka i hus, så det blir eit fint høve til enno ein gang å sabotere sitt eige nyttårsforsett om å ha færre uleste bøker i bokhylla.
I forlenginga av boka så kan det vere vel verdt å ofre ein liten time på å sjå på dokumentaren om Sumé, eit rockeband danna av grønlandske studentar i København på 70-talet, og som satte grønlandsk sjølvstyre på agendaen. Filmen seier ein del om forholdet mellom Danmark og Grønland.
Nome antikvariat har også eit eksemplar av boka. Hyggeleg dame der også. Eg trur generelt at folk blir hyggelege av å ha dagleg omgang med bøker.
Det kan sjå ut for at det er fleire enn eg som kava litt med å finne eit eksemplar av denne boka. Fekk treff på Majorstuen Antikvariat og på Stavanger Antikvariat, men begge stadar kunne dei opplyse om at boka nettopp blei solgt. Tek eg feil dersom eg gjettar på at det var deltakarar i lesesirkelen som var dei heldige kjøparane?
Men no til grunnen at eg skriv dette innlegget; Etter tålmodig søking så fann eg fram til eit eksemplar på Boklageret på Lunde. Var i kontakt med ei hyggeleg dame der, som kunne opplyse om at dei hadde to - 2 - eksemplar tilgjengeleg. Eg har bestilt det eine. Dermed burde det vere eit eksemplar til overs der, i tilfelle nokon skulle vere interessert.
Kjekt med Google Streetview, eg har nytta ein regnfull himmelfartsdag til mellom anna å vandre litt i nokre av stadane vi var innom i boka, Sukkertoppen, Gammel Sukkertoppen og Hosteinborg, eller Maniitsoq, Kangaamiut og Sisimiut som er gjeldande namn. På staden der profetane sin busetjing er avmerka på innsida av bokomslaget greidde eg ikkje å finne nokon busetjing på Google Maps.
Inntrykket mitt frå desse "vandringane" er lett nedslåande. Ein må sjølvsagt ta høgde for at nokre vilkårlege gatebilete ikkje gjev eit rettvist inntrykk av desse stadane, som heilt sikkert har mykje å by på. Likevel, det eg ser leier tankane over på slum. Dei fleste av husa er i skarpe og fine fargar, blått, gult, grønt, men ser ein nærmare etter er mange av husa prega av veret, eller kanskje også av manglande vedlikehald. Pallar, plank og anna lausøyre er fråsegslengt overalt, det kan sjå ut for at det blir lagt lite vekt på å stelle det til pent rundt husa. Og det er ikkje sikkert at det gjev meining å stelle det så fint heller, dersom dei er nedsnøa brorparten av året.
Frå Maniitsoq (Sukkertoppen). Bygninga til venstre er ein skule, som kunne trenge eit malingsstrøk. Til høgre ei kyrkje, eg vil tru den er nyare enn Leine sin historie.
Frå Kangaamiut (Gammel Sukkkertoppen). Fleire av husa skrik etter maling og vedlikehald, men dei i forgrunnen av dette biletet verkar å vere i brukbar stand.
Spar-butikken i Sisimiut (Holsteinborg). Vindauga er plassert heilt oppunder rafta, er det pga høge brøytekantar om vinteren tru? Kanskje er det også derfor at inngangspartiet er minimalt? Mindre arbeid med måking?
Ein annan ting eg legg merke til er at mange av husa har tilkomst via trapper og gangbaner på forholdsvis høge pålar. Eg gjeng ut frå at dette er veldig praktisk om vinteren.
Eg er viss på at eg ville ha fått eit heilt anna inntrykk av å vitje desse stadane enn det Google Streetview gjev meg. Og ein treng ikkje å google mykje for å finne betydeleg meir flatterande bilete frå desse stadane.
Sjå der ja, no blei det straks litt spanande.
Det er mellom 7 og 12 deltakarar som har stemt hittil. Då er det vel ikkje usannsynleg at det kjem fleire stemmer før fristen er ute.
Heving. Førebels ser det ut for at ei bok skil seg ut, men mykje kan skje enno.
Med soga om Mannen fra utskjæret
Så sit eg og gliser i finveret
No blei det visst helg om senn
Og søndag så blir det vel køyretur
Med lydbok om løynleg monark-retur
Blir barndomen levande igjen.
Fann ein brasiliansk nettstad som skipar utanlands, Loyola-bokhandelen, og bestilte like godt Azul-corvo der. Eg tykte det var litt påfallande kor hardt denne nettstaden fronta religløs litteratur, så eg måtte sjekke litt. Jaudå, Loyola var grunnleggar av jesuitt-ordenen. Jammen flaks at jesuittar, ved grunnlovsendring i 1956, har fått adgang til riket, ellers er det ikkje godt å seie om denne handelen hadde gått i orden.
Måtte som snarast sjekke, og kan stadfeste observasjonen din. Ikkje slik å forstå at eg tviler på observasjonen, spørsmålet var heller om det også var slik for min telefon. Og slik var det. Håplaust, altså.
For å vere litt meir spesifikk, det håplause arta seg slik, i alle fall for min telefon, at menylinja med "Anmeldelser 2012-2017", "Mine ti beste boktips" etc. dekker heile venstre del av skjermen, og nektar å flytte seg derifrå. Sjølv om det heilt sikkert stend masse nyttig tekst under der, men som altså ikkje er råd å lese, men som ein kanskje likevel kan gjette seg sånn nokonlunde til ut frå dei fragmenta av setningar ein kan sjå på høgre halvdel av skjermen.
Android telefon, til opplysning.
Ein halvtime att av nomineringsperioden. Seier meg uvanleg nøgd med prognosen. Kanskje eg kunne få jobb i vermeldinga?
Ny avsporing i avsporinga; med utgangspunkt i petiten du lenkar til så googla eg litt, i håp om å finne det omtalte biletet på nettet. Nei, eg fann det ikkje, men leitinga leia meg til denne sida, med gamle bilete frå Sollia (ved Rondane) som sikkert er eit villspor, men som på den andre sida inneheld eit bilete eg kjenner godt frå diverse bokhandlar, og ikkje minst frå bokelskere.no.
Sjå her:
Løfter denne tråden litt, eg.
Litt statistikk;
Lavast antal bøker i ein avstemmingsrunde hittil har vært 6. Dette har skjedd tre gangar:
I den grad det er nokon systematikk i dette burde neste tilfelle inntreffe ved Nv7. Inneverande runde er Nv6. Prognosen seier derfor at det kjem minst 2 nominasjonar til innan tidsfristen. Vi får sjå.
Og der. Der, var eg ferdig med Ringenes herre. Det tok meg altså 3 månadar, med alle tillegg og slikt. Heilt grei bok, men som nevnt i ein annan tråd så drøya eg nok 20-30 år for lenge før eg las den, eg hadde nok likt den mykje betre som yngre.
Snakker du ikke de innfødtes språk? Kan du ikke snakke med din egen kone?
Hun er ikke konen min, sier bøkkeren irritert.
Ja, din tilkommende, da.
Jeg har ikke lært meg dette tungemålet, sier bøkkeren og sukker. Og det pleier jo ikke være så mye å si, sånn mellom en mann og hans kone. Hva skulle det være?
Har madame tenkt på om hun skulle begynne å røyke? spør han. Det er sunt for konstitusjonen og en god atspredelse.
Eg har også lest den ut, og landa på same terningkast som deg. Men det var ikkje langt unna ein seksar, eg likte den stort sett veldig godt.
Leine listar til slutt opp eit knippe personar og institusjonar som han takkar for hjelpa. Ingenting spesielt med lista før ein kjem til nest siste punkt;
Benny Vadmand, hypnotisør
Dette vart eg litt nyfiken på. Har Leine skrive denne boka i hypnotisk transe? Det kunne jo kanskje forklare dei hemningslause skildringane av mindre delikate detaljar.