Dette var bra. Det var veldig bra. Eg har ikkje lest noko av Westö før, rett nok har eg lest ein del rosande omtaler av bøkene hans men eg var ikkje førebudd på at eg skulle like denne forteljinga så godt. Dersom dei andre bøkene hans er av liknande klasse, så trur eg at eg har fått ein ny favoritt. Det er ikkje urimeleg å samanlikne denne boka med Seierherrene av Roy Jacobsen og Halvbroren av Lars Saabye Christensen, ein kan kanskje til og med hevde at desse tre forfattarane har same prosjekt; å gjere etterkrigsgenerasjonen levande for ettertida.

Så må eg også nemne at i «Skrake» og «Halvbroren» så var det påfallande like scener som dreier seg om eit uhell på friidrettsbana.

Forteljarstemma i boka er Wiktor «Viki» Skrake, ein Helsingfors-skribent på rundt 40 som i starten av boka vender attende til den fråflytta barndomsheimen sin, ein gamal villa nær sjøen i ein forstad til Helsingfors. Her gir han seg til med å nøste opp i fortida si, både sin eigen oppvekst så vel som historia til foreldra, besteforeldre, og delvis også enno fjernare slektningar. På denne måten blir boka også langt på veg ei historie om Finland.

Der er ein viss kronologi og logikk i historia, men også utbreidd veksling mellom ulike tidsepokar og ulike tema. Likevel var det ei einheitleg forteljing, eg fekk aldri kjensla av at forfattaren hadde skrive seg ut på viddene. Eg meiner at måten Westö knyter alle desse emna saman på var beint fram meisterleg. Når språket er så godt at det kjennest som ein er inne i handlinga, og eg i tillegg er glad i gode oppvekstskildringar, så er det ingen annan utveg enn å trille høgaste terningkast på denne boka. Bravo, Westö!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LailaElla_BPiippokattaCarine OlsrødVibekeKirsten LundAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine Sevilhaug