Det høyrest moro ut. Eg måtte kike litt på programmet. Har du vært på tidlegare festivalar? Korleis blir det når alt er gratis, er det stor trengsel og vanskeleg å få plass på dei arrangementa ein vil få med seg, eller blir det stort sett plass til alle som vil? Håper uansett at du som reiser så langt får godt utbytte av festivalen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som nevnt, det blir alltids nok bøker, Eg fekk full uttelling både på klikk&hent og på nettbutikk-bestilling denne gangen. Dermed blei fasiten 31 bøker på dette Mammut-salet. Ikkje så verst for ein som ikkje skulle ha noko:

Arkitektens læregutt av Elif Shafak, kr 79,- (Full Mammutpris)
Bergen ungdomsteater av Pedro Carmona-Alvarez, kr 74,50 (Halv Mammut)
De søvnløse av Kim Leine, kr 74,50 (Halv Mammut)
Det vokser et tre i Brooklyn av Betty Smith, kr 74,50 (Halv Mammut)
Du er så lys av Tore Renberg, kr 74,50 (Halv Mammut)
En ytterst interessant bok om dyrenes verden av John Lloyd og John Mitchinson, kr 34,50 (Halv Mammut)
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen, kr 74,50 (Halv Mammut)
Gi meg himmelen av Xinran, kr 74,50 (Halv Mammut)
Hel ved av Lars Mytting, kr 89,50 (Halv Mammut)
Historia om det tapte barnet av Elena Ferrante, kr 64,50 (Halv Mammut)
Hjernen er stjernen av Kaja Nordengen, kr 74,50 (Halv Mammut)
Inderen som syklet til Sverige for kjærligheten av Per J. Andersson, kr 74,50 (Halv Mammut)
Irène av Pierre Lemaitre, kr 99,- (Full Mammutpris)
Jeg er Zlatan av Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz, kr 79,- (Full Mammutpris)
Katten av Takashi Hiraide, kr 64,50 (Halv Mammut)
Kryssild av Alf R. Jacobsen, kr 74,50 (Halv Mammut)
Lars er LOL av Iben Akerlie, kr 49,50 (Halv Mammut)
Livet er den eneste måten av Wisława Szymborska, kr 74,50 (Halv Mammut)
M Train av Patti Smith, kr 74,50 (Halv Mammut)
Menn uten kvinner av Haruki Murakami, kr 74,50 (Halv Mammut)
Noe fremmed i mitt sinn av Orhan Pamuk, kr 89,50 (Halv Mammut)
Olav H. Hauges vakraste dikt, kr 129,- (Mammut særtilbod på Ark)
Sapiens av Yuval Noah Harari, kr 99,- (Mammut særtilbod på Ark)
Sauebondens liv av James Rebanks, kr 74,50 (Halv Mammut)
Sjarmen med tarmen av Giulia Enders, kr 99,- (Mammut særtilbod på Ark)
Skjegg, kr 49,50 (Halv Mammut)
Syv korte leksjoner i fysikk av Carlo Rovelli, kr 99,- (Mammut særtilbod på Ark)
Søster av Gro Dahle, kr 99,- (Full Mammutpris)
To søstre av Åsne Seierstad, kr 74,50 (Halv Mammut)
Verdens beste bygd av Arto Paasilinna, kr 99,- (Full Mammutpris)
Winter i verdens rikeste land av Janne S. Drangsholt, kr 74,50 (Halv Mammut)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Elis ser for seg å gjere eit påskespel ut av eit julespel Eldbjørg har skrive, mellom anna ved å endre litt på rollelista

Den Onde?
Ja, jeg foreslår at vi setter inn ham i stedet for Nissen. Han skal komme ned gjennom skorsteinen iført den høye hatten til hyttemesteren. I sotflammer og ild!
Hvordan skal det gå til?
Det får vi se. Men brenne og sote og smelle skal det.

Her kjende eg at eg blei dratt rett inn i ei liknande scene frå Gösta Berlings saga, frå kapittelet Julnatten. Der blei det også skorsteins-visitas av hinmannen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og frå Mammut-salet kom Livet er den eneste måten av Wisława Szymborska

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du sett på makan! Då eg kom til akt 2 ser eg at eg har lest eit par fraser herifrå før. For då vi hadde Steinbeck-felleslesing for nokre månadar sidan ... det er visst år ... så las vi mellom anna The Moon is Down. Og tittelen på boka er henta frå Macbeth.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka henta eg også på posten i dag. Skal bli moro å sjå om det fenger.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Morgen kommer er sengelektyra mi no
Og så set eg i gang med prosjekt nummer to
For Macbeth skal eg lese før mars er forbi
Både originalen og Nesbø sin vri.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Nei, dette blir den første for min del. Skulle det gi meirsmak, så har eg tenkt litt på Margaret Atwood sin Hag-seed (eller Hekseyngel på norsk), som skal vere basert på Stormen. Atwood sin bok har pr dato 16 følgarar på bokelskere, det er ikkje utenkeleg at nokon av dei også har lest det motsvarande Shakespeare-stykket.

PS; her er den korte diskusjonstråden vi hadde om denne bokserien.for over eit år sidan.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då har eg fiska dette monstrumet ned frå bokhylla. Ikkje for å lese igjennom frå start til slutt, men for å lese Macbeth. No er det nemleg 14 dagar til Jo Nesbø sin vri på denne historia kjem i handelen, og då tenkte eg det kunne vere greit å ha lest originalen først.

Er det fleire som tenker i same baner? Sjølv om ein ikkje har boka i hus er det ganske enkelt å finne teksta til skodespelet på internett. Her, for eksempel.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg gjeng ut frå at du veit om det, men eg minner om det likevel;

Lesesirkelen hadde denne boka på planen våren 2014 (du verden som tida flyg ...) Her er diskusjonstråden, dvs. det er fleire av dei, men du finn lenker vidare. Det kan jo hende det kan vere moro å kike litt på gamle diskusjonar undervegs.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

All honnør for at du tek deg tid til å vere fotballdommar. Og lukke til med teoritesten. Den burde vel gå bra. Teoretisk, i alle fall.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fann den, trur eg. Er det denne?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då har eg hatt meg ei økt på Ark sin nettbutikk, for å sjå kva eg kan huke tak i av mammut-bøker til halv pris.

Av dei rundt 35-40 bøkene eg har hatt i sikte har eg alt kjøpt 5, då mammut-prisen var under kr 100,- og eg var uroleg for om dei ville bli utsolgt. 4 av desse er ikkje lenger å få på nettbutikken, så her traff eg bra.

Av dei øvrige bøkene så er status
- 4 er ikkje tilgjengeleg på nettbutikken eller i ein Ark-butikk nær meg
- 9 har eg bestil på nettbutikken, då dei ikkje er tilgjengelege i Ark-butikk nær meg
- 14 er bestilt ved klikk&hent på min lokale Ark-butikk
- rundt 5 bøker har eg bestemt meg for ikkje å kjøpe likevel

Erfaringsmessig så får ein ikkje alle bøkene ein bestiller, korkje på nettbutikk eller på klikk&hent. Men skulle eg gå glipp av nokre så er det ikkje så farleg. Det blir alltids nok bøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det vart eit lite knippe til til vanleg mammut-pris:

Gro Dahle - Søster (dikt) kr 99,-
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz - Jeg er Zlatan kr 79,-
Elif Shafak - Arkitektens læregutt kr 79,-

og utover det har eg halde hovudet kaldt og venta på kva som er tilgjengeleg til halv mammut-pris.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då stend helga for døra, det er ikkje råd
Vi får flette i saman ein lesehelgtråd
Med litt triveleg prating om stort og om smått
Ja, litt sludring på data’n det gjer berre godt

Det er Ekman som gjeld, denne helga som sist
Morgen kommer er knakande god, det er visst
Og om tida strekk til ligg eg an til å få
Rosens navn lest til endes, ja slik vil det gå.

Kva for planar har øvrige lesarar då?
Blir det høve til skitur for store og små?
Det er flott med mosjon, men i tillegg hugs på
At ved lesing så trimmast dei småe og grå

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Szymborska-boka stend på mi liste også ... over bøker å sjå etter til halv mammut-pris om nokre dagar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Barna er våre dommere.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Å vasse i bøker på jobb høyrest bra ut. Hadde eg skulla velge yrkje ein gang til, så hadde nok bibliotekar kome høgt opp på lista.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg sender takka vidare til Kristine Louise, som var den som, i dette innlegget, gjorde at eg blei merksam på dette antikvariatet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Neidå, eg kjøpte norske utgåver. Fekk tak i begge på Galleri Gallera. Pene bøker, rimeleg pris, og god sørvis.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordlimarvikkisLilleviMorten MüllerKirsten LundTove Obrestad WøienStig TNeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyTanteMamieYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethGro-Anita RoenReidun Svensli