Rotdraging kan eg ikkje hugse å ha høyrt om før. Men det var interessant å lese i Ôrnsköldsviks Allehanda at seremonien blei overvaka av ei "jordemor" og ein "jordefar". I følge svensk wikipedia kunne "jordemor" på svensk tidlegare tyde det same som "jordmor" på norsk. Skal bli moro å sjå om boka etter kvart fortel noko meir om Hillevi sin rolle i denne hendinga.
Hun hadde en tillit til verden som ikke forlot henne, skjønt den ikke burde nå ut over Öfre Slottsgatan i Uppsala.
Det er fredag, og gneistrande klårvinterver
Blir det skitur skal tru? Vi får sjå kva som skjer
En får trimme med måte, er mottoet mitt
Så det skal nok bli tid til å godlese litt
Då skal Ekman sitt vargskinn få merksemda mi
Guds barmhjertighet varer nok enno ei tid
Og i tillegg vil Eco og rosa sitt namn
Lose enno ei lesehelg sikkert i hamn
Kva er det med Fiorato og kjoler på bokomslaga? Eg har lest berre ei bok av henne, den valde eg nettopp på grunn av det overdrive feminine omslaget, for å teste fordomane mine mot bøker med slilke bokomslag. Den var såpass OK at eg burde tenke på å lese ei eller to til av same forfattar. Har tenkt på Glassblåseren fra Murano, men kanskje eg burde tenke på En bønn for Venezia i staden for? Den sistnemnde har i alle fall fått høgare gjennomsnitt av terningkast.
Men no har eg prata meg vekk. Det eg egentlig skulle spørje deg om, var det du skreiv om Hundre års ensomhet. Når du leid deg igjennom den, var det fordi historia var tragisk, eller var det fordi boka var kjedelig?
Sanneleg blei eg ikkje ferdig med De siste vitnene av Svetlana Aleksijevitsj nokre få minutt før midnatt den 31. Då blei det 6 bøker i januar, då, og 2038 leste sider. Langt meir enn i ein normal-månad for mitt vedkomande.
Sjå der, ja.
Denne kom ut på Kolofon forlag, ser eg. Og Manus-boka kjem ut på Gyldendal. Fem bøker, fem ulike forlag. Er det ein slags stafett forlaga imellom dette?
Som vanleg har bokklubben sitt eige sal samstundes. Men eg tykte utvalet var litt magert dette året.
For dei bøkene som også er på mammut-sal er inntrykket mitt at det er litt hipp som happ kvar det er rimelegast. Det løner seg nok å sjekke.
Berre 11 månadar til nyttår, hurra!
Leseåret har starta bra for min del. Eg har ein del uleste fleirbinds-verk i bokhylla, eit av tiltaka mine i år er å kome igjennom rundt halvparten av desse. Og som flying start har eg gjort unna Knut Faldbakken sin Uår 1 og 2 samt Martin Andersen Nexø sin Pelle Erobreren 1 og 2. I tillegg har eg lest Alf Jacobsen sin Djevelens kobber.
Uår var langt betre enn eg hadde forestilt meg på førehand. Pelle Erobreren starta fantastisk, men i siste halvleiken ebba den ut i eit slags halvplatt ideologisk kampskrift.
I tillegg så er eg i gang med, men rekk truleg ikkje å fullføre før månadsskiftet, to andre papirbøker og ei lydbok. Desse får eg heller telje med i februar.
Nå har jeg fortalt ... Og er det alt? Alt som er igjen av noe så forferdelig? Noen titalls ord ...
Huset vårt hadde brent ned, hagen hadde brent ned, på epletrærne hang stekte epler. Vi plukket dem og spiste.
Hugsar de at medan vi las Barbara så var det ein liten diskusjon om kva slags plagg ei ullklokke er? Det er jo såpass uvant å nytte klokke om plagg at det ikkje har blitt fanga opp av bokmåls- eller nynorskordboka
Men i Guds barmhjertighet dukkar denne tydinga av ordet muligens opp igjen. På side 117 i mi utgåve, om ei kjempestor gran som det var godt å søke ly under, både på eine og andre måten:
"Den nederste kransen av grangreiner var som en stor klokke eller et vidt, frynsete og slepende skjørt."
Jaudå, det kan godt ha vært klokke som i kyrkjeklokke Ekman har hatt i tankane, men så kom eg til å tenke på tydinga frå Barbara.
Til de som les den svenske utgåva, kva stend det der?
Madapolam - her måtte eg slå opp i ordboka:
(etter namnet på byen Madapolam i India) fintråda, tett og mjukt bomullsty
Ein får jo langt på veg kjensla av at dette er eit "juksesal", eg har som deg sett fleire av bøkene lagt ut til lavare pris på tidlegare sal.
Nei, her er det berre å ta det heilt med ro. Det kjem truleg betre tilbod seinare. Og det dei ikkje greier å selje unna på sjølve mammutsalet blir gjerne lagt ut til "halv Mammut-pris" etterpå. Når det skjer, kan det fort bli ei 10-15 bøker på ynskjelista.
Admiralen sa at han var etterkommer av norske vikinger, og han kalte huset for Thors hall. Det kunne ikke bli annet enn Torshåle det.
Eg skal sjølvsagt ikkje ha noko på dette salet. Men det kan jo vere moro å sjå kva bøker som er lagt ut for sal, og til kva pris.
Dei offisielle mammutsal-sidene er her. Katalogen blir lagt ut i morgon 29. januar, stend det.
På Haugenbok ser det ut for at dei alt har lagt ut bøkene, men såvidt eg kan forstå er langt frå alle prisane korrekt angitt enno. Får tru det rettar seg til i morgon. Men for den som har lyst til å smugkike på kva for bøker som kjem, så ser det ut for at ein kan gjere det her.
For nokre skildringar Ekman vartar opp med! Den surrealistiske og trykkjande atmosfæra under jordmorbesøket i Lubben gjorde mektig inntrykk. Og på den lettare sida så er skildringa av dei åtte årstidene ei perlerad av natur-observasjonar. Dette er bra.
Jøje meg, den såg eg ikkje kome.
Har du sett?! Det er fredag og rimeleg seint
Og ein lesehelgtråd, ja det manglar det reint
Men med naudrim og plunder så satsar eg på
Å få setje i gang slik at praten kan gå
Det er samlesingsbok som har fokuset no
Om ei jordmor på arbeid i snøfokk og sno
Guds barmhjertighet, heiter den, passande nok
For det trengst det i boka sin menneskeflokk.
Eg vil også få tid til ei bok nummer to
Av nobelpris-Svetlana, den er kanskje god?
Det er barndom i krig som er tema i den
Ein får stålsetje seg før ein startar om senn.
Korleis er det i langstrakte landet i kveld?
Har de planar for helga, med leik og med sprell?
Og om veret blir dårleg og dagen blir lang
Gjeng det greit å få lesehumøret i gang?
"Jeg bare gir folk det rådet at de skal tenke sjæl jeg."
"Det rådet kan være farlig nok det."