Nei det var ikkje berre deg. Temposkifta i denne boka er ei historie for seg. Uendelege utlegningar om slektskap og andre detaljar som kan framstå som uvesentlege, og så brått blir det med få setningar trylla fram dei mest dramatiske handlingsforløp.
Og historia gjentek seg. Ved bestilling av dei andre to bøkene frå Ekman sin Vargskinnet-trilogi, frå Galleri Gallera denne gangen, så hekta eg på tre bøker frå lista:
Bel Ria (Sheila Burnford) kr 65,-
Bikubesong (Frode Grytten) kr 80,-
Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede (Jan Wiese) kr 80,-
Nøgd med handelen.
Ved bestilling av lesesirkelboka Guds Barmhjertighet (Kerstin Ekman) frå Stavanger Antikvariat fann eg på at eg i tillegg godt kunne bestille eit par bøker frå denne lista:
Vi ses i morgen (Tore Renberg) kr 200,- (litt dyr, men den var veldig pen)
Alle tiders torsdag (John Steinbeck) kr 75,-
Eg fekk mine eksemplar av bok 2 og 3 i posten i dag. Og når eg først bestilte frå bruktbutikk så måtte eg også henge på nokre titlar frå lista mi over bøker eg skal skaffe meg med tid og stunder.
"Altså har De ikke noe svar på det De spør om?"
"Hadde jeg hatt det, min kjære Adso, så kunne jeg undervist i Paris."
"Har man alltid det rette svaret i Paris?"
"Tvert imot, men de står så klippefast på alle sine feiltolkninger."
De aller verste blant de verste lokket til seg små barn ved hjelp av et eple eller et egg, og rev dem i filler, men Salvatore understreket meget alvorlig at de kokte dem først.
Ja, mennesket er kommet fra jord og grumset vann, sa Hillevi. Så hva forlanger man av det.
Då er helga snart koma og eg skal ha fri
Til å glane på OL og heltar på ski
Men på dagtida her er det nattestid der
Så for min del blir kveldstida kun litterær
Det er sluttkøyrt med all Guds barmhjertighet snart
Men ei framhalds-samlesing det blir det så klart
Og når rosa sitt namn nummer ein no tek slutt
Blir det oppstart på toaren heilt resolutt
De ser ut for at kanskje det også kan bli
Aktuelt med å køyre med bilen ei rid
Så som øyregodt har eg ein gamal og god
Reportasje om reising på Nilen sin flod
Og bøkene er bestilt frå ein bruktbutikk, det var ikkje så vanskeleg å finne tak i dei. Sjølvsagt måtte eg bestille eit par-tre andre bøker også når eg først var i gang.
Utfyllande oversikt over persongalleriet finnest på denne internettsida (forøvrig lenka til av annelingua tidlegare i diskusjonen, då vi drøfta tydinga av eit latinsk sitat)
Ver merksame på at namnelista også inneheld spoilarar.
Er det fleire enn eg som blir slått av det ironiske ved at denne teksta, der tekstforfattaren akkar seg over kommersialisering av bokbransjen, er stykka opp med to meldingar som lyder
Saken fortsetter etter annonsen.
?
Kunst blir eit tema mot slutten av boka. Eg får inntrykk av at Ekman har ei høne å plukke med borgarskapet sitt forhold til kunst.
Han tenkte på den økonomiske sirkulasjonen i samfunnet: Dette kadmiumgule og veronesergrønne som hennes gedigne herrebekjentskaper hadde latt henne knulle sammen skulle pensles ut på lerret og forhåpentligvis kjøpes tilbake av dem selv.
Og vidare
Nå visste han hvorfor han var der: han skulle lære hvordan de tenkte.
Elis kjenner avsky for at kunstnaren må tekkast borgarskapet sin smak og tenkemåte for å kunne håpe på suksess. Eg opplever Elis som forfattaren sitt talerør her.
Bjarne Ness kjende eg ikkje til frå før. Maleriet som omtalast i boka er gjengitt nedanfor. Og Nordstrand Blad skriv om kor vanskeleg det er å halde gymastikk i ein sal med eit freda veggmaleri ...
Skulle det bli noko av, så blir eg nok med. Eg liker Guds barmhjertighet veldig godt, og reiknar med at dei andre bøkene er av liknande kvalitet. Terningkasta her inne tyder i alle fall på det.
Det er to bittesmå ankepunkt. Det eine er korvidt dette skaper presedens, slik at kvar gang ein skal samlese ei bok som er ein del av eit fleirbindsverk så endar ein opp med ein diskusjon om korvidt ein skal samlese alle bøkene. Det andre er at enkelte alt har kome langt i veg med bok to, kanskje også bok tre. Dermed blir det meir sprik enn vanleg i kor langt den enkelte har kome i lesinga, noko som kanskje kan gjere det litt vanskelegare å diskutere bøkene undervegs.
Men som nevnt, er det stemning for det så blir eg med på heile trilogien.
Dessutan; betenkningstid er som regel av det gode.
Det er også eit av Marc sine bilete som pryder omslaget på boka, i alle fall til den utgåva eg les. Eg gjeng ut frå at omslagsbileta på dei to andre bøkene i trilogien er av same kunstnar, stilen er i alle fall ganske lik.
Dei gneistrande fargane til Marc stend forøvrig i skarp kontrast til Ekman sine skildringar av korleis Elis legg vinn på å male/teikne med små fargenyansar.
Om ikkje religionskritikk som sådan, så ligg det i alle fall eit tydeleg klagemål mot Gud på side 295:
En Gud uten forsyn, uten barmhjertighet. Som lot liv ta slutt i kulde og ondskap.
To hittil:
Pierre Lemaitre - Irène
Arto Paasilinna - Verdens beste bygd
Og så får det greie seg. Kanskje. Og mest truleg ikkje.
Karakterstyrke er til for å testast. Sjølv testa eg min på den lokale bokhandelen i dag. Eg har bestemt meg for ikkje å kjøpe mammut-bøker som er prisa over kr 100,-. Det blei to i dag, så er det eit par til som kan bli aktuelle, og når mammut er over og røkla gjeng til halv mammut-pris er det stor fare for at det kjem ei lita røys i hus. Vi får sjå.
Det er årsmøte-høgsesong, hei som det går
Og med lagsarbeids-plikter er takka ein får
At det skortar på tid til å lese i ro
Så det er ikkje mykje til progresjon no
Eg skal bli i, vil ikkje bli hengande bak,
Guds barmhjertighet-leseprosjektet eit tak
Så får Rosens navn heller få kvile seg litt
Til det grøvste er ferdig av pliktløpet mitt
Vi lever for disse bøkene. Det er en byggende misjon i en tid da det bare hersker uro og forfall i verden.
Den som visste det ...
Som yngstemann i ein stor søskenflokk, og med 25+ eldre syskjenbarn så var tilfanget av brukte bøker nærmast ubegrensa. Men alle desse bøkene som eg på eit tidspunkt såg på som "mine" var i realiteten eit lån frå felleskapet. Når neste generasjon i slekta kom hakk i hæl så fordunsta samlinga utan at eg på noko tidspunkt prøvde å halde greie på kva for bøker som tok vegen til kven.
Eg håper alle saman er lest grundig i filler av storøygde ungar, i eller utanfor slekta, og helst med lommelykt under dyna etter gjentatte strenge beskjedar om å legge seg og sove.