Når landet mørknar

roman

av (forfatter).

Samlaget 2018 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.17 (76 terningkast.)

186 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmsson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt, og blikket hennar er trassig og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir.
I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider? Arnar drøymer om å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir.
I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og landet sine lovar.
Tore Kvæven debuterte med Hard er mitt lands lov (2010), ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Når landet mørknar er ei lagnadstung og dramatisk historie, overbevisande i skildringa av menneska og av naturen. Med eit målande og mektig språk tek han lesaren med til ei fascinerande tid på Grønland.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2018

Format E-bok

ISBN13 9788252193930

EAN 9788252193930

Genre Historisk litteratur

Omtalt tid 1200-tallet

Språk Nynorsk

Sider 450

Utgave 1

Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2018 Sørlandets litteraturpris 2019

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

33 29 10 3 0 1

Bokomtaler

Det siste kalendaråret har eg dagleg jobba med digitalisering av Grønlands historiske minnesmerker 1-3 på heimskringla.no, dvs. ei bortimot komplett samling av tekstar og dokument med kommentarar og fotnotar relatert til det norrøne Grønland, samt at eg elles har lese mykje om emnet i tillegg - så då var det kanskje ikkje så rart at eg kasta meg over Tore Kvæven si bok "Når landet mørknar", ein roman som handlar om det norrøne Grønland seint på 1200-talet, då landet var på veg inn ei krisetid. Kvalrossen som gjorde grønlendingane rike er mest ikkje å sjå meir, og handelsskipa frå Noreg og Island uteblir. Folk spør seg om dette er dei siste tider.

I sentrum for forteljinga står den unge Arnar Vilhjalmson. Han drøymer om å sigla mot landa i vest, der det finst både jarn og tømmer. Og han drøymer om den unge kvinna Eir. Og for å realisera draumane må han trossa både sine eigne gudar, hovdingar og lover i landet.

Dei historiske skildringane er så detaljerte og byggjer på så mykje kunnskap at det er beint fram imponerande. Aldri er vel historia til dei norrøne grønlendarane blitt fortald meir inngåande, sjeldan ser ein så mykje presis kunnskap formidla i ein historisk roman. For det andre er det spent opp eit breitt lerret med svært mange personar og dels parallelle handlingar, for det tredje yrar det av skjønnlitterære perler og betraktningar, og overraskande tekniske grep. Forfattaren gir seg god tid gjennom dei 450 sidene. Kort sagt - terningkast 6 og eit must for alle med interesse for norrøn kultur!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Tore Kvæven skriver knakende godt!
Fantastisk levende skildringer av mennesker, dyr og natur på Grønland.
Jeg måtte holde igjen og leste så sakte som mulig, for at boka skulle vare så lenge som mulig.
Ble anbefalt denne forfatteren av en venn (husker ikke hvem i farta) og er kjempeglad for at jeg fulgte anbefalingen.
Så jeg anbefaler her boka videre til alle som vil ha en knakende flott leseopplevelse.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

En særdeles god roman, selv for en ihuga nynorskskeptiker. Språket er bare en nytelse og handlingen, personskildringer og ikke minst naturskildringer er imponerende. Mastefiskens historie er utrolig kreativ fortellerkunst. Jeg er historieinteressert, og dette var som å bli tatt med på en tidsreise tilbake til middelalderens karrige utpost på Grønland. Slukte 150 sider av gangen. Anbefales.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

En nydelig skrevet bok! Språket til Tore Kvæven er svært poetisk og skildrende. Tore Kvæven er den nye metaforkongen!

Uten at jeg vet mye om Grønland på 12-1300-tallet, så er det tydelig at Kvæven har gjort meget godt forarbeide.

Anbefales!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ei innlevande skildring av dyr og menneske i ein ugjestmild og krevjande natur. Dei karakterfaste, uredde hovudpersonane, Arnar og Eir, framstår med stor viljekraft og framtidstru, men stangar mot ustyrleg natur, bygdehøvdingar og brytningar mellom gamal og ny tru. Stor lesnad, ein annleis roman – les og nyt skildringane og språket.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Som sol kan glitra i ein bekk av smeltevatn om våren, slik glitra det i auga hennar, og han såg inn i denne glitringa, og det utrygge var borte i han.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Kinna på den grove steinhella var samansett av fint tilskorne og nøyaktig samanfatta bordbitar. Stramtsitjande, breie vidjer heldt dei saman. Ein gong for lenge sidan, då vidjene framleis var friske og lukta av søtleg sevje, hadde dei vore splitta på langs og surra i ringar om kinna, og endene deira hadde vore fletta inn i kvarandre, i slike mønster som tradisjonen kravde. Så hadde dei tørka, og som alt anna som har levd og som tørkar og som mistar sitt livsvatn, som sener og skinnreip, slik drog også vidjene seg saman og hardna. Og i dette sitt siste famntak hadde dei knua kinna så hardt at det var som om hennar mange stykke av treverk hadde vakse saman og vorte til eitt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Og sjeldan, berre svært sjeldan, blir framtida slik menneska trur ho skal bli.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

I den verda der han hadde levd, og i dei draumane han hadde skapt, hadde framtida lege open for han, og enno hadde han ikkje forstått at draumar kan vera av luft og menneske av fjell.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Slik Orri låg her den gongen, flat og daud, slik ligg hella hans no.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Vær med å stemme på Tiårets beste norske roman


Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skjønnlitteratur der handlingen er lagt til Grønland.


Godt sagt! (5) Varsle Svar

De 10 bøkene som er nominerte til Bibliotekets litteraturpris 2022. Jeg vil prøve å lese dem alle.


Godt sagt! (5) Varsle Svar

Anbefalt historisk litteratur. For det meste faglitterære utgivelser.


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bibliotekets litteraturpris På siden står følgende: 10 bøker er nominert til Bibliotekets litteraturpris – en helt ny pris som fra og
med 2022 vil bli delt ut årlig. Nå utfordrer vi deg som bokelsker og ivrig leser:
Hvem fortjener å bli den aller første prisvinneren? Nå har fristen gått ut, så man kan ikke stemme lenger, men det blir spennende å se hvem som vinner. Jeg har snart lest alle og holder foreløpig en knapp på Kjærlighetens Antarktis eller The Hills. Hvor mange av disse har du lest og hvem tror du kommer til å vinne??


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Hard er mitt lands lov - roman" av Tore Kvæven
  • "Arvejord" av Maria Turtschaninoff
  • "Ikke gråte - roman" av Lydie Salvayre
  • "Etter åndemaneren" av Kim Leine
  • "Om natten er alt blod svart" av David Diop
  • "Mannen fra middelalderen - historikeren og morderen Tormod Torfæus" av Bergsveinn Birgisson
  • "Det er vakrest når det skumrer - roman" av Camilla Bøksle
  • "Reisen til livsvannet" av Bergsveinn Birgisson
  • "Danelovs land" av Bjørn Andreas Bull-Hansen
  • "Eden - roman" av Auður Ava Ólafsdóttir
  • "Due og drone - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "Djevelens rytter - roman" av Jan Ove Ekeberg
Alle bokanbefalinger for dette verket