Det trur eg er ei grei tilnærming. Dersom ein er usikker på om ein vil like boka er det greit at den er kort.

Sjølv las eg igjennom denne på ein kort innanriks flytur. Heilt grei etter mitt syn, litt vekslande kvalitet på novellene. Men eg trur det gjekk litt sport i å skjelle ut denne boka ei stund.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det refererast til verdskrig tidleg i boka, så det er naturleg å tenke seg at handlinga ligg etter 1914. Eg meiner å ha lest ein stad at handlinga skal vere på 1920-talet, men er usikker på kvar eg har lest det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg tykkjer no at alle bøker gjer seg godt på nynorsk eg, då.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Tja, lista stoppar på 1970-talet. Dersom ein også tenker på nyare litteratur kunne eg godt tenkt meg å ha med tigeren Richard Parker frå Historien om Pi. Og gjeng ein langt attende i tid kunne jo Rocinante vært med.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fekk du tak i alle du mangla?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er berre litt over tre år sidan eg las heile Juvikfolke, og hugsar godt at det var "I eventyret" eg likte best.Har ikkje kome slett så langt i "Sin egen herre" som deg, skal bli spanande å sjå om eg får liknande assosiasjonar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg veit ikkje kor autoritativ denne kjelda er, men denne presentasjonen ligg ute på heimesidene til Fjölbrautaskólinn við Ármúla, ein slags vidaregåande skule på Ármúli i Reykjavik. Der heiter det

- Sagan gerist á Jökuldalsheiði á Norð –Austurlandi.
- Kaupstaðurinn í sögunni er líklega Vopnafjörður eða Seyðisfjörður.
- Við Sænautavatn á Jökuldalsheiði hefur verið endurgert gamalt heiðarbýli. Þar má sjá yfir ríki Bjarts.

Og med ein viss risiko for å gå i baret, sjølv etter å ha konsultert Google translate, så meiner eg dette må tyde noko slikt som

- Historia gjeng føre seg på Jökuldalsheiði (Jøkuldalsheia) på Nord-Austlandet
- Småbyen i historia er truleg Vopnafjörður eller Seyðisfjörður
- Ved Sænautavatn på Jökuldalsheiði er det restaurert ein gamal fjellgard. Her kan ein sjå Bjartur sitt rike.

Altså omlag så langt unna Reykjavik som ein kan kome.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg har ein mistanke om at du må dra på skattejakt i antikvariat og på loppemarknadar etc. for å få tak i dei du manglar. Dersom ein skal døme etter bokfunn.no (ei side som samanliknar prisar på bøker som er til sals i bokhandlar, klikk på lenka og søk på "Falkberget, Johan" for å sjekke) så er det eit særs avgrensa utval som er til sals som nye. Mest lydbøker, ser det ut for.

Men skattejakt er jo moro!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Apropos å kome i tankar om andre bøker; den sterke avhengigheita av sauehaldet får meg til å tenke på lesesirkelboka Mønsteret rakner. Ikkje fordi det var sauer i den boka, det trur eg ikkje der var. Men fordi personane i den boka også var sterkt avhengige av ein enkelt næringsveg; yams-dyrking.

Ein annan likskap er at hovudpersonane, Bjartur og Okonkwo, er temmeleg kompromisslause i framferda si.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg ligg omlag på skjemaet (mitt eige, altså) i lesesirkelboka Sin egen herre, 25 sider pr dag. Mulig eg skal prøve å ta eit litt større jafs i helga, for neste veke blir litt travlare enn vanleg.

Det passar for øvrig veldig bra at livet i lesesirkelboka er sentrert kring sauehald og –gjeting. Eg skal nemlig ha med hunden på gjeterhundkurs i helga, det blir første gangen han får prøve seg. Er naturlegvis veldig spent på korleis han vil klare det. Og sjølvsagt les eg ein del i boka Jobb med gjeterhunden for tida.

På bilturen til og frå gjeterhundkurset må eg så klart høyre på lydbok. Då blir eg nok ferdig med The invisible man. Eg må laste ned ei bok til til turen, har ikkje heilt bestemt meg enno, men det kan fort bli noko klassisk sci-fi igjen. Noko av Jules Verne, kanskje?

Så er eg nesten ferdig med romanen 1964 av Ragnar Hovland. Oppvekstromanar er ein sjanger eg liker spesielt godt, og eg vil anbefale denne til andre som har det på same måten.

Ang. eventuel sommerpause med desse trådane; du må nesten berre kjenne etter sjølv kva som er best. Men du skal vite at eg gleder meg til dette «helgeritualet» kvar veke.

God helg!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Kjempebra start på boka! Og mykje lettare å lese enn eg trudde på førehand.

Men eg må tilstå at eg blei geografisk forvirra av dei første setningane i kapittel 1:
"I Islandske skrifter fortelles det at i tidenes morgen befant det seg mennesker her til lands som kom vestfra, og de etterlot seg kors, klokker og andre lignende gjenstander som ble brukt til trolldomskunster. I latinske kilder navngis de menn som i pavedømmets tidlige dager seilte hit vestfra. Deres høvding ble kalt for Kólumkilli den irske, en stor åndsbesverger."

Dersom det var irar som kom, så måtte dei vel kome sør-søraustfrå, og ikkje vestfrå? Eller var dei ein sving innom Grønland først?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har alltid likt forord i bøker. Ikkje lange forord, men passeleg korte. Forord som seier det som skal seiast og ikkje meir. Det gir ofte ein ekstra piff til boka, set lesaren i godt lune før ho begynner på sjølve teksten, tenkjer at her har forfattaren ytt litt ekstra, vist at det er ein godviljens kvinne eller mann ein har med å gjere.

1964 av Ragnar Hovland.

Denne lesaren kom i alle høve i godlune av dette forordet.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Apropos Bør Børson på film; musikalen frå 1974 kjem på NRK2 i kveld, kl. 21:10! Prima underhaldning, sekunda ikke.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, det heng nok saman. Eg ser at Trine Stensen i Bokhandlarforeningen argumenterer med at dei ynskjer å løfte fram nyare litteratur, men ein treng ikkje særleg stor fantasi for å tenke seg at ein samstundes promoterer bøker ein tener betre på å selge. For all del, det er ingenting galt med å tene pengar, men premissa bør vere redelege.

Mange har god råd, det er sant, og det kan virke ekstragavant å betale så mykje for ei bok ein berre kjem til å lese ein gang (uavhengig av om det er krim eller ikkje). Men ofte er det ikkje berre boka i seg sjølv ein betalar for, men for å vere med på nyhendet. Kjem det ei ny bok som får stor merksemd, eller av ein favorittforfattar, så vil eg tru at det for mange har ein verdi i seg sjølv å få lese den så snart den kjem. Eg kan tenke meg værre ting å kaste bort pengar på, for den som har råd til det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg ser at det vekker reaksjonar hjå forfattarane også.

Men dette er det veldig enkelt å ordne opp i, og Anne B. Ragde er inne på det i artikkelen over; Lista som no er publisert burde heite "Bestselgarar fullpris". Så bør ein også ha ei total bestselgarliste Og kanskje fleire underlister, i den grad det er interessant.

Det var også tankevekkande det som Roy Jacobsen tek opp, at salet frå kioskar, daglegvarebutikkar etc. ikkje er med. Det er ikkje sikkert at desse BØR vere med, sidan utvalet på desse utsalsstadane gjerne er sterkt avgrensa, og gjerne til bøker som aktørar i markedet ynskjer å "pushe". Men likevel ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

519 sider. 21 dagar. Det blir knapt 25 sider pr dag (ja, eg nytta kalkulator). Skal nok gå bra, men sidan eg ikkje er mellom dei raskare lesarane så tillet eg meg å tjuvstarte no i helga.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Aaarrgh, at eg aldri lærer! Lange innlegg må skrivast i word el.l. først, ellers så slettar eg dei ved eit uhell før eg lagrar. Pust roleg, åpne word, pust roleg … sånn, ja.

Eg kjem til å starte på lesesirkelboka Sin egen herre i helga. Tittelen passar for så vidt godt, sidan kona er bortreist for tida.

Ellers så tenker eg mykje på hunden for tida. Eg skal prøve han på sauehund-trening om ikkje så lenge (og eg må føye til at det er nok mest eigaren som treng trening), derfor prøver eg å ta til meg råd og tips frå boka Jobb med gjeterhunden.

Vidare er eg nesten ferdig med lydboka The Invisible Man av H. G. Wells. Ein bitteliten biltur til no, så er eg komen til endes i historia. Artig med klassisk sci-fi, eg må få med meg fleire av bøkene hans.

Skulle det bli tid til å lese i enno ei bok til ved siden av, så er det nok romanen 1964 av Ragnar Hovland eg kjem til å plukke fram.

Vibeke, kvalpen vår hadde også ei bite-periode i rundt 4-5 månadars alder. Det vil seie, det var ikkje egentlig biting, men meir at han ville kjenne på oss med tennene. Vi passa på å alltid korrigere denne åtferda ved å holde han over snuten og gi ein bestemt (men ikkje sint) beskjed om at det ikkje er lov. Etter nokre få veker så gav han seg heilt med denne åtferda. No er vi glade amatørar på hundefronten, så det kan godt hende at dette er heilt feil som generelt råd. Men det fungerte i alle fall fint på kvalpen vår.

God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har også bladd og hoppa litt rundt, og dess meir eg les dess meir forvirra blir eg. Det er jo eit heilt virvar av prisar og premiar som er nært beslekta, anten ved organisatorisk tilknytning eller ved namn. Men det synest som om prisen Laxness fekk var "World Peace Council International Peace Prize", i alle fall i følge denne lista, og at årstalet var 1953

Eg er ikkje vidare stødig i islandsk heller, men tilsynelatande er ikkje denne utmerkinga nemnd på den islandke wikipedia-sida om Laxness. Dette åpnar jo for litt spekulasjonar om kor høgthengande denne utmerkinga egentlig er.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jau, det var det. Snill datter, og snill veterinær.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg ser både min eigen profil, og din. Har det retta seg i din ende i mellomtida?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Elisabeth SveeStein KippersundHarald KEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaSigrid Blytt TøsdalIngeborg GBeathe SolbergSigmundRagnar TømmerstøTove Obrestad WøienGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F TislevollHeidi LJulie StensethKirsten LundGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar h