Eg lurte også på kva slags rovdyr som var målet. Forfattaren er frå Skottland, og der er det vel ingen av dei 4 store rodyrartane som vi har her heime, i allefall nemner ikkje wikipedia noko om dette.

Men eg ser på same wikipedia-sida at det har vært satt i verk tiltak for å utrydde mink som har rømt frå minkfarmar. Så det spørs om det kan vere for minken at det er lagt ut giftåte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Første steg er å bli kvitt tanker som "denne hunden forsøker å trosse meg". Hvis dette virkelig var tilfellet, hvorfor ville han da i det hele tatt prøve å gjøre noe for deg? Selv om en hund virker gjenstridig og ulydig, er realiteten ofte at den prøver på å gjette hva det egentlig er du vil.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Å bekjempe rovdyr ved hjelp av forgiftet åte er en grusom metode. Å miste den beste hunden min på denne måten har ført til at jeg nærer et dypt hat mot denne formen for rovdyrbekjempelse.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I wikipedia er det litt motstridande opplysningar om Stalins fredspris på ulike språk. På den norske sida gjeng det fram at Halldor Laxness og Jorge Amado fekk prisen i 1949. På den engelske sida er ikkje Laxness nemnd i det heile, og det stend at Amado fekk prisen i 1951. Eg er ikkje spesielt god i russisk, men eg greier ikkje å finne Laxness sitt namn på den russiske sida heller.

Er det nokon som veit meir om kva som er rett?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mitt eksemplar kom også i posten i dag. Eg får alltid eit lite anfall av, eg finn ikkje ordet, men ein mellomting av ærefrykt og angst, når eg skal til å starte på ei forholdsvis voluminøs bok og som eg mistenker kan vere litt krevjande. Derfor er eg glad for at vi er fleire som skal lese den saman.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg las visst berre to bøker i mai, Døde sjeler av Nikolaj Gogol og Kjærlighet i koleraens tid av Gabriel García Márquez. Bra bøker begge to, men det var nok Døde sjeler eg likte best.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Fotballcup-helg her i garden. Tidleg oppe i dag, vært på ein haug med kampar, som lagleiar og utan hund, og som tilskodar med hund. Innimellom har eg gått tur (med hund), handla og laga middag. Så no endeleg, etter å ha satt i sving oppvaskmaskin og vaskemaskin OG tatt ein litan time på øyret, kan eg kose meg med å kike litt på bokelskere.no og etter kvart også lese i Lucifers Evangelium. Har kome knapt halvvegs i denne, og satsar på å bl ferdig før eg gjeng i gang med lesesirkelboka som vonaleg kjem i posten tidleg nese veke.

God helg!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då er det nok slik at grunnen til at eg fekk det til er at eg er medlem ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det veit eg ikkje. Eg testa å gå inn på sidene utan å logge meg inn, og fekk opp boka til same pris. Foreslår at du prøver, dersom ein må vere medlem bør det vel dukke opp ei "sperre" av eit eller anna slag under bestilling/betalingsprosessen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Verdensbibliotek-utgåva er å få hjå bokklubben til kr 99,-. Har bestilt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Egoist som eg er, så synest eg det er ordentleg ergerleg at ikkje nokon satte i gang eit slikt tiltak for 99 år sidan. Det hadde vært noko å glede seg til!

Men det er jo fint at komande generasjonar får glede av dette. Skulle eg vere så heldig å få barnebarn ein gang i tida, så må eg prøve å hugse på å nemne dette tiltaket for dei. Statistisk sett, så kan eg vente at eventuelle barnebarn er i alderen 65-75 år i 2114

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg er med!
Det har jo tidvis vært ganske tette og spanande avstemmingar, så det er fint at du passar på med jevne mellomrom at dei som er med og stemmer faktisk er dei som ynskjer å vere med på lesesirkelen. Ikkje det at eg trur det er nokon overhengande fare, men det hadde vært litt irriterende dersom eit par "vittigperar" slengde seg på avstemminga og det fekk avgjerande utfall.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sjølv tenker eg ofte at eg blir så opphengt i detaljar at eg gjeng glipp av det store biletet. Men det får så vere. Hyggeleg at du liker kommentarane, i alle fall.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Neidå, det er nok eg som har vært på villspor. Eg knytta Márquez så tett opp til magisk realisme at eg automatisk venta meg innslag av dette i denne boka,

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ferdig i natt. Boka er god den, og eg er glad for at vi valgte den. Den var litt meir krevjande å lese enn venta, og det kan ein forsåvidt føre opp på¨plussida. Må ein jobbe litt for å lese, så sit nok boka sterkare i minnet over tid. Men som nevnt i eit anna innlegg så engasjerte ikkje handlinga meg så sterkt som eg hadde håpt på.

I den grad eg skal seie at eg var skuffa over noko, så var det kanskje fraværet av magisk realisme, i alle fall slik eg oppfattar det. Etter det eg har forstått skal magisk realisme innebere at overnaturlege hendingar skjer på ein naturleg måte i ein realistisk setting, t. d. at ein har samtalar med gjenferd, at nokon brått kan ta sjumilssteg bokstaveleg talt, at nokon kan puste under vatn, slike ting. Sidan Márques blir halden fram som ein eksponent for den magiske realismen hadde eg venta at slike grep skulle vere vesentlege i denne boka,

Det var berre unntaksvis at eg meinte å kunne skimte «skuggar» av magisk realisme i boka. Ballongferda som Juvenil og Fermina var med på hadde eit visst anstrøk av dette. Her fekk eg kjensla av at ruta for ballongferda ikkje var realistisk, men at Márquez nytte den som eit grep for å vise fram ulike delar av landet sitt. På elvebåtturen på slutten var det også eit glimt, der dei ser ei dame på land som vinkar på båten for at den skal kome til kai, men kapteinen seier at det er eit gjenferd. Det var vel 2-3 andre glimt i forteljnga som ein med viss godvilje kan kalle for magisk realisme. Men i det store og heile meiner eg at merkelappen «magisk realisme» ikkje kan nyttast om denne boka.

Eller tek eg feil? Har eg misforstått eller oversett noko?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det var fantastisk flott å sjå på gjetarhundane i dag, ja. Eg lurer fælt på korleis vi skal greie å få den impulisve villstyringen vår til å meistre noko av dette. Klart, mykje ligg jo i genane, men eg innser at det blir tøft for ein førstegangs hundeeigar å få ut dette potensialet. Det ser ut for at vi får bli med på treningar i juni. Skal bli spanande å sjå korleis det gjeng.

Og sidan dette er ei bokelskar-side så må eg nesten legitimere alt hundepratet med at eg no har bestilt boka Jobb med gjeterhunden, som eg håper vil hjelpe meg på veg.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Då gjorde du det lettare for meg, kjell k! Eg var i tvil om eg skulle nominere Victoria av Hamsun eller resirkulere ein gamal travar i forslagstrådane, Fuglane av Tarjei Vesaas. Sidan Hamsun no alt er representert mellom forslaga, så blir dermed forslaget mitt Fuglane.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg forstår på sett og vis at det kan vere pinleg å skulle be om å få nytte toalettet som det første ein gjer når ein endeleg får vitje dama ein har forguda i eit heilt liv, men de får då vere måte på ... Fysj for griseri!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg ligg an til å bli ferdig med lesesirkelboka innan søndag kveld. God bok, men ikkje slett så fengande som eg hadde håpt på då vi starta på den.

Det skulle bety at det bør bli tid til å starte på Bjørn Beltø i Lucifers evangelium før pinsehelga er over. Har jekka ned forventningane litt etter å ha lest andre bokomtaler, men gleder meg like fullt til å take fatt.

Så skal eg ha med meg kvalpen ein tur på søndag for å kike på andre hundar og hundeeigarar som tek gjetarhund-prøve. Driv og tenker på å kurse han i sauegjeting, det er utruleg stilig å sjå på hundar som kan dette. Då spørs det om eg må skaffe meg denne boka.

God pinsehelg, med eller utan pins!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Til pinse pyntar ein seg med pins. sjølvsagt!
(hugsar de pins-hysteriet rundt Lillehammer-OL i '94?)

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundHarald KEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaSigrid Blytt TøsdalIngeborg GBeathe SolbergSigmundRagnar TømmerstøTove Obrestad WøienGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F TislevollHeidi LJulie StensethGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundAvaHilde H Helseth