Handlinga i innleiinga er lagt til 1930 eller 1931. Jeremiah og kjærasten hadde nyleg gått på kino for å sjå filmen Intet nytt fra vestfronten. Denne kom ut i USA den 21. april 1930, det spørs om den rakk å kome til Colombia innan pinse same året. Derfor heller eg til 1931.
Jeremiah kom til hamnebyen rundt år 1900. Det blir fortalt om talrike flyktningar frå Karibien som budde i denne byen. Er det nokon som veit kva for omstende som gjorde at så mange frå Karibien måtte flykte?
Ellers merkar eg meg at det har vært forholdsvis moderat aktivitet på denne tråden siste veka, spørs om det er fleire enn eg som har hatt det travelt med andre ting.
Det har vært mykje mindre lesing enn vanleg dei siste par vekene (først førebuingar til konfirmasjon, etterpå ta igjen alt anna ein ikkje fekk gjort medan ein førebudde konfirmasjon ....), men no trur eg det skal nærme seg normalen igjen.
Eg blei ferdig med Døde sjeler i går, så dermed blir det fullt fokus på Kjærlighet i koleraens tid no i helga. Dersom eg kjem så langt i den at eg finn det best å starte på ei anna bok i tillegg, så er det kanskje Beltø-boka Lucifers evangelium som stend for tur.
God helg!
I følge VG er Ingvar Ambjørnsen i gang med å skrive nye Elling-bøker!
Det må då vere godt nytt, vel?
Såg dette på Prado-museet i fjor. Eg var på ingen måte førebudd på kor sterkt inntrykk det ville gjere på meg.
Noko eg har lurt på lenge, og som eg gleder meg til å (kanskje) finne ut av no når vi skal lese denne boka, er om "kolera" i tittelen viser til tarminfeksjonen.
Cólera på spansk kan tyde både "sjukdomen kolera", og "raseri". På norsk har vi "kolerisk", som tyder hissig eller oppfarande. Så dersom tittelen viser til raseriet, så er jo oversetjinga så vidt eg kan sjå feil. Viser den til begge deler, så gjeng ein glipp av denne dobbelt-tydinga i oversetjinga. Men dersom det er sjukdomen som er det vesentlege, så må det bli rett.
Skal bli spanande å gjere seg opp ei meining om dette etter kvart.
Vi har konfirmant i helga, så det blir nok ein god del mindre tid til lesing enn vanleg. Tek seg dårleg ut om faren sit med åpen bok i fanget under middagen. Men ein liten time på senga om kveldane skal eg vel får til, sjølv om vi har ein del besøk.
Eg nærmar meg slutten av Døde sjeler, fantastisk og morosam bok, men også litt omstendeleg til tider. Kanskje blir eg ferdig med den i helga, kanskje ikkje.
I tillegg starta eg såvidt på lesesirkelboka Kjærlighet i koleraens tid. Og med såvidt, så meiner eg såvidt. Har ikkje danna meg noko inntrykk enno, men gleder meg til å kome ordentleg i gang.
God helg!
Og eg gløymde sjølvsagt av å gå på biblioteket i dag. Men heldigvis kom boka i posten. Hurra!
Supert, kjell k. Sjølv ventar eg framleis på å få bruktbok i posten, eg stikk innom biblioteket i morgon og ser om eg får låne eit eksemplar, slik at eg får bli med frå start.
I utgangspunktet burde dette kunne bli ei kjempegod bok. Den blir fortalt frå framtida, frå år 2632, der historikaren Andrew Meredith gjer greie for at det har blitt funne eit manuskript, Everhard-manuskriptet, frå 1900-talet, og som skildrar hendingar i tidsromet 1908-1932 som leiar fram til eit 300 år langt tyrannisk oligarki-styre i Nord-Amerika.
Forfattaren bak manuskriptet, Avis Everhard, er ei akademikardatter som blir kjærasten til og etter kvar ektemaken til Ernest Everhard, ein kommunistleiar. Boka blei gitt ut i 1908, og forfattaren malar ut med brei pensel ei nær framtid der demokratiske styreorgan blir satt til side av kapitalmakta. Ekteparet Everhard må etter kvart gå under grunnen for å kunne drive politisk verksemd, og etter kvart også planlegge revolusjon.
Store delar av boka gjeng med til å eksemplifisere kor grusom og inhuman den kapitalistiske samfunnsordninga er, og til å forklare korleis evolusjonen etter kvart vil tvinge fram sosialisme som det einaste berekraftige styresettet. Dermed får heile boka preg av eit ideologisk kampskrift, heller enn av ei velfortalt og spanande historie. Den største verdien eg ser av å ha lest den, er å ha fått eit innsyn i rådande tankegods i den amerikanske kommunistrørsla for 100 år sidan (i den grad London måtte gjenspegle dette). Men som underhaldningsroman var den ein skuffelse.
Eg høyrde denne som lydbok, og den var lest inn av Matt Soar. Han nytta ei slags lavmælt snerrande, og innimellom nærmast kviskrande, stemme som sikkert var meint å stå til stemninga i boka, men som gjorde lyttinga meir utfordrande enn naudsynt.
Åja, det var berre omslaget som verka kjedeleg? Då er det kanskje ikkje så dumt å prøve likevel. Eg har ikkje lest nokon av desse sjølv, men skulle eg ha valgt ei så måtte det ha blitt Svøm med de som drukner. Eller vent, kanskje Stoner? Men på den andre sida ... Nei, det er visst ikkje så mykje hjelp å få frå meg.
Men dersom bøkene ser kjempekjedelige ut, ville det ikkje då vere betre å finne fram til ei anna bok?
Sanneleg, når eg sjekkar på Nasjonalbiblioteket (mitt beste sjekketriks!) så ser eg at det er fleire bøker av Jorge Amado enn eg visste om som er oversatt til norsk, mellom anna dei to eg anbefaler i posten over.
Her er pr dato Amado-katalogen på Nasjonalbiblioteket:
1 - Jubiabá (1935), på norsk Negeren fra Bahia, Ny dag, 1957, oversatt av Torbjørn Bergstrøm.
2 - Capitães da areia (1937), på norsk Strandens herrer, Ny dag, 1955, oversatt av Lise Lindbæk.
3 - Gabriela, cravo e canela (1958), på norsk Gabriela, nellik og kanel, Gyldendal, 1964, oversatt av Axel Segelcke Seeberg.
4 - Tereza Batista cansada de guerra (1972), på norsk Tereza Batista, Den norske bokklubben, 1988, oversatt av Anne Elligers.
5 - Tocaia grande (1984), på norsk Det store bakholdet, Gyldendal, 1990, oversatt av Kjell Risvik
Fem ulike oversetjarar på fem bøker, før eller seinare må eg bla litt i dei for å sjå korleis dei ulike har tilnærma seg Amado sin skrivestil. Eg merkar meg også at forlaget Ny dag, som var tilknytt Norges kommunistiske parti, tilsynelatande mista interessa for Amado etter at han melde seg ut av kommunistpartiet på slutten av 1950-talet.
Ein blir reint som ein tusul når ein reiser i bokverda, ein kan fare vide og kome att med gode svar (det er Olav H. Hauge sitt dikt eg har i tankane no)
Sjølv så er eg på reise både i tid og rom, eg er på landsbygda i Russland tidleg på 1800-talet, saman med Tsjitsjikov som er på jakt etter Døde sjeler. Er knapt halvvegs i boka, skal prøve å få tatt eit godt jafs av den no i helga, men eg tviler på at eg les den ut før kvardagen kjem igjen.
Skulle det likevel skje, så blir den neste boka truleg Lucifers evangelium av Tom Egeland.
God helg!
Ha ha, ... har de hatt snø i dag der du bur?
Innttykket mitt ved førre bok var at dei aller, aller fleste hadde lest den ut ved halvgått leseperiode. Derfor lurer eg på om 3 veker kan vere nok. Men no veit eg ikkje noko om kor tung- eller lettlest denne boka er.
Skulle det bli aktuelt med ei bok til før sommarferien så er eg med på det. Men dersom interessen er laber så er det kanskje ikkje så lurt.
The farming of bones, eller Ved elven Massacre som den heiter i norsk omsetjing, er den einaste eg har lest av bøkene på denne wikipedia-lista. Den var ganske bra, meiner eg å hugse.
PS - det har blitt noko kluss med wikipedia-lenka di
Bra val, denne gleder eg meg til.
Det ser ut som at den er berre å få kjøpt i pocket-utgåve dersom ein skal ha ny bok. Sidan eg likar best harde permar har eg bestilt brukt frå Bokloftet. Dei hadde eit eksemplar til. Bokbyen i Tvedestrand hadde også eit par eksemplar, og på antikvariat.net låg det mange.
Oi, den er eg også i gang med. Kosar meg glugg ihjel, er no eit stykke ut i kapittel sju.
Aha, det var greit å vite. Men ... då må eg verkeleg stille spørsmål ved kvifor tittelen ikkje er oversatt til Kråkeblå eller Kråkeblått, der ville jo blitt eit nydelig bokstavrim i tittelen.
Takk for bokomtalen - og for lesetips. Eg er litt ekstra opptatt av litteratur frå Brasil, så dette er midt i blinken for meg.
Originaltittelen ser ut for å vere Sinfonia em Branco, og den engelske oversetjinga i tittelen er då forholdsvis presis.