Det var kanskje feil av meg å skrive at Ordlyt har "blit til" Storytel, det var kanskje heller slik at Ordflyt slo seg saman med Storyel. Men nok om det.
Sjølv har eg no to kjelder til lydbøker:
1 - biblioteket (låner med CD'en heim og kopierer over til mobiltelefonen)
2 - Internettsida til Loyalbooks, her er det mange gratis lydbøker, dei fleste på engelsk og litt på ein del andre språk (8 på dansk, 7 på finsk, 9 på svensk, ingen på norsk ...). Litt varierande kvalitet på innspelingane, eg råder til å lese i kommentarfelta for dei enkelte bøkene for å sjå om nokon har klaga over dette.
Den tenesta som tidlegare heitte Ordflyt er no blitt til Storytel. (kan nokon forreste forelje meg kva ein "ytel" er for noko, og kvifor den treng å vere stor?) Ordfyt kosta ingenting å vere med i, og dei hadde eit bra utval av gratis bøker. Ein trengde berre å betale dersom ein ville ha ei lit nyare bok.
Reint teknisk fungerte Ordflyt-appen kjempebra, så dersom Storytel ikkje har rota det til så bør den nye appen også vere minst like bra. Sidan eg ikkje høyrer på så fryktelig mange lydbøker, så blei det ikkje aktuelt for meg å bli med over på betalingstenesta Storytel. Men dersom eg hadde primært nytta lydbøker kunne eg godt ha vudert det.
Skulle du ha tilgang på boka enno så er det side 137.
Og for den som har norsk IP-adresse så kan ein også lese den på Nasjonalbiblioteket
Eg kjenner berre ei av bøkene hans, Fotball i sol og skygge. Ein serie små historier og anekdoter om fotball og fotballspelaar, ein stor del av dei frå Sør-Amerika. Ei av historiene har festa seg ekstra godt i minnet; ein godt voksen journalist møter ein enno godt voksnare fotballspelar på eit supermarked i Agentina. Tomta supermarkedet ligg på var tidlegare ei fotballbane. Dei kjem i snakk, og den gamle spelaren kjem spontant på å vise journalisten korleis det gjekk til då han skåra eit av dei mest berømte måla sine. Mellom hyllereolar, handlevogner, matvarer og kundar gjenskapar han hendinga på same staden som for fleire tiår sidan, sender den fiktive ballen i mål som var ved der kassaapparata er, strekker armane i veret og mottek applaus frå dei handlande. Vakkert.
God sommer, ja. Her har vi hatt snø i dag ...
Enten eit godt tilbod, eller overprisa i utgangspunktet. Håper på det første.
Er du fyllesjuk? sa jeg.
Han så forbauset ut. Så smilte han. Ja, sa han. Jeg er vel egentlig det.
Passer det dårlig med en juleøl, da? sa jeg.
Han ristet på hodet. Nei, sa han. Det passer bra.
Etter hva jeg har sett av andre bibliotekarer, så tror jeg at jeg har klassisk bibliotekarlook allerede, sa jeg.
Ja vel, sa han. Står det så dårlig til i den bansjen?
Syns du jeg kler meg så stygt? sa jeg, og han begynte å le, litt for høyt, som om jeg hadde truffet spikeren på hodet.
Dersom det hadde vært ein dokumentar hadde det jo vært slurv. Men dette er ein roman, og det er detaljar som er uvesentlege for handlinga. Som nevnt tidlegare, det ligg frå mi side ingen kritikk av forfattaren ved desse observasjonane.
Men etter kapittel 23 bør det vere rimeleg klart kva for årstal forfattaren har lagt handlinga til. Mora og Linn ser på kongen sin nyttårstale på TV, og i lista over sitatkjelder bakerst i boka er det gjort greie for at det var frå nyttårstalen i 2006. Så då, så.
Det er noko underleg kjent ved historia til ein av bipersonane i forteljinga. Ein bil køyrer av vegen vinterstid, gjeng gjennom isen, og alle så nær som ei lita jente druknar.
Eg meiner bestemt å ha lest eller sett ei liknande hending ganske nyleg. Kanskje ei bok, kanskje ein TV-serie? Eg er også ganske sikker på at handlinga gjekk føre seg i Norge.
Er det nokon som veit kva slags bok eller TV-serie det kan vere snakk om? Eller har eg rett og slett drøymt det heile?
Dette kan eg egentlig ingenting om, men ut frå resymea til dei respektive bøkene virkar det som om Apokryfe evangelier omfattar fleire skrifter enn dei som er med i Maria Magdalena-evangeliet, og at ikkje nødvendigvis alle dei fire skriftene som er med i sistnemnde også er med i Apokryfe evangelier.
Dersom ein ser på strømpene til personen som stend, så er ikkje "mandig" det første som slår meg.
Så fann eg ut at det stend på omslaget, på bakerste klaffe, at omslagsbiletet er basert på eit fotografi av fotografen Witold Krassowski. Polsk, har eg funne ut. Eg har søkt litt etter originalbiletet, men har ikkje funne det enno.
Åkkesom, etter kvart så har eg kome til at eg oppfattar omslagsbiletet som ein illustrasjon på korleis mora ser ting igjennom søkaren på kameraet. I brudlaupa ho filmar så finn ho det mykje meir interessant å søke opp subtile detaljar i forsamlinga heller enn å fokusere på brudeparet. Slik er det også med omslagsbiletet, fotografen har kappa hovudet av det som trulig er hovudpersonen i scena, og fokuserer heller på forsamlinga som applauderer vedkomande.
Tittelen veit eg ikkje heilt kva eg skal meine om enno, men det ser ut for at det meste av det eg alt har tenkt om den har kome med i kommentarane ovanfor.
Eg har forresten nokre kapittel att av boka. Er eg den einaste som ikkje er ferdig?
Ut frå omtalen på bokelskere-sida for boka versus det vesle eg hugsar frå TV-serien meiner eg det må vere heilt ulike historier. I TV-serien meiner eg å hugse at opptakta til historia var at ei engelsk dame (sikkert med norske anar) arva eit hus på Sunnmøre.
Dolores hadde hatt et forhold til en engelskmann, som ga henne tre temmelig uregjerlige sønner i løpet av like mange år, før han kom på tanken at kona som ventet hjemme i Hull hadde ventet lenge nok.
I de susende skogene i Canada kaller han seg Howard, for Håvard er vanskelig å si og umulig å stave. Og så synes han det kan passe - Howard the coward - men det sier han ikke. En kujon, en stakkar, en reddhare står det i ordboka han har så god bruk for i disse åra. Men noen reddhare er han ikke. Den som har mistet selvrespekten, har ingen grunn til å være redd, tenker han.
God helg igjen,
Eg har nettopp starta på ei bok som fortel historia om gruvedrifta på Løkken i Meldal gjennom 350 år, gjennom ein oppdikta slektssaga. Gruvedrifta på Løkken var opphavet til storkonsernet Orkla. Boka heiter Bergskatt, og er skrive av Toril Brekke.
Så er eg godt inne i del 2 av lesesirkelboka Hva jeg betyr. Har etter kvart fått ei kjensle av at dei fleste av dei øvrige lesesirkeldeltakarane alt er ferdig med den, så det er mulig at eg kjem til å gasse på litt i forhold til den opphavelege leseplanen på ca 1 kapittel pr dag.
I starten av kapittel 17, som er minst ein dag etter handlinga i kapittel 15, driv framleis mora med å registrere boka "Gjøre godt", denne gangen er det tittelen som er nemnt. Dette får meg til å tru at forfattaren her på ein litt skjult måte peikar på nølinga og somlinga i det mora tek seg til med. Ho kjem liksom ingen veg med nokon ting.
Eller er bodskapet rett og slett at det er ein veldig langsom prosess for henne å "gjere godt"?
No har eg ikkje lest boka, og veit heller ikkje korvidt eg kjem til å gjere det. Men såvidt eg forstår er handlinga her lagt til 1970-talet. Det er vel ikkje urimeleg at slangen var litt annleis då enn i Harry Hole sin tid 20-30 år seinare.
Det var ikkje meint som kritikk av forfattaren, det er jo på ingen måte forbudt å dikte opp ein dato.
Det var heller meint som ein kommentar til meg sjølv i "prosjektet" mitt med å plassere historia i tid.