Artig at du skreiv denne omtalen no medan boka er med som kandidat i avstemminga til neste lesesirkelbok.
Den første boka i lesesirkelen, Middlemarch, var på 917 sider. Det gjekk jo greit det også.
Men uansett, desse nominasjonstrådane er jo reine skattekistene av gode lesetips!
Det blir nok betre med åra, skal du sjå.
Jaudå, det skulle vere "Ha ei god helg!". Men erfaringane mine med google translate er at det godt kan ha blitt noko heilt anna ...
There is a greater strength than wealth, and it is greater because it cannot be taken away. Our strength, the strength of the proletariat, is in our muscles, in our hands to cast ballots, in our fingers to pull triggers. This strength we cannot be stripped of. It is the primitive strength, it is the strength that is to life germane, it is the strength that is stronger than wealth, and that wealth cannot take away.
"I chucked off the belt with my right hand," he said, "an' made a reach for the flint with my left. I didn't stop to see if the belt was off. I thought my right hand had done it—only it didn't. I reached quick, and the belt wasn't all the way off. And then my arm was chewed off."
"It must have been painful," I said sympathetically.
"The crunchin' of the bones wasn't nice," was his answer.
Det hadde vært ustyrteleg morosamt dersom det skulle vise seg at det er mora til Dag Johan som har skrive råteksta til boka, og at han sjølv berre har redigert den.
Eg tenkte på ingen måte at ho kunne vere tidlegare innlagd (formodentleg for psykiske vanskar), men ser at det lesast slik. Men på den andre sida ser eg ikkje utsagn som at "jeg burde bli lagt inn" som uvanleg når ein på ein sjølvironisk måte evaluerer sin eigen situasjon.
Forfattaren Dag Johan Haugerud tek undervegs med lesaren på eit dragshow, men han gjer også på ein måte sitt eige drag-nummer med denne boka, i det han tek på seg forteljarstemma til ei middelaldrande dame med ein vaksen son. Og han greier det stort sett godt.
Korkje mora, som er bibliotekar, eller sonen, som arbeider med film, nemnast med namn i boka. Mora brukar mykje energi på å tolke omgjevnadane sine, kva som ligg bak orda eller handlingane til folk rundt seg. På same måten er ho opptatt av korleis ting ho sjølv seier eller gjer kan oppfattast, og tenker ofte på korleis ting kunne vært sagt eller gjort annleis. Kommunikasjonsvanskar er altså eit nøkkeltema i forteljinga.
Det er først når mora får eit filmkamera mellom hendene at ho ser omgjevnadane med eit sylskarpt blikk. Ho har, igjen grunna kommunikasjonsvanskar, og trass i at ho aldri har tatt i eit videokamera før, fått i oppdrag å filme i eit brudlaup. No fangar ho med kameraet dei innerste tankane til forsamlinga i kyrkja og under selskapet etterpå.
Brudlaupsfilmen gjev grunnlag for ytterlegare kommunikasjonssvikt med sonen, og etter kvart også for direkte uvenskap. Og i denne kommunikasjonssvikten med sonen ligg også det svakaste aspektet ved boka etter mitt syn. Det er slett ikkje uvanleg at foreldre og barn ikkje fostår einannan, kall det generasjonsskilje eller kva som helst. Men desse bråe skifta i stemninga mellom desse to, frå idyll til surmuling, som kjem på grunn av tilsynelatande uskuldege kommentarar, greier eg ikkje heilt å tru på.
Men stort sett var det ei tankevekkande skildring av eit skrantande mor/son-forhold, og av ei mor som er usikker på omgjevnadane sine. Eg felles-las den i kjell k sin lesesirkel våren 2015, og hadde som vanleg stor glede av diskusjonane undervegs. Sannsynlegvis meir glede enn mora hadde av å vere med i sin lesesirkel.
Forteljarstemma i boka er ei dame som fortel om sin eigen oppvekst saman med bestefaren. Både hendingar frå fortida og i notida er fortalt i første person notid. Samstundes får ein historia til bestefaren og mora, desse er fortalt i tredje person og både i notid og fortid. Flik for flik får ein avdekka eit lappeteppe av ein historie, ei familiesoge med tragedier, svik og overgrep, men også med eit rørande fint forhold mellom jenta og bestefaren.
Sentralt i forteljinga er sommaren før jenta skal byrje på skule. Bestefaren har fora henne med historier og eventyr i fleire år, men no nyttar han eventyra til å fortelje jenta noko om hennar eiga fortid, og kvifor ho bur på denne avsidesliggande garden saman med han. Eit veldig fint grep av forfattaren.
Det er mange som likar denne boka overmåte godt. Sjølv må eg nok ta bort «overmåte», eg nøyer meg med godt. Ein ting eg merkar meg er at forfattaren stadig vekk set fram eit utsagn, for så å motseie det i neste setning. Som på side 66:
«Det som jagde ham ut på den årelange, rastløse flukten fra seg selv, var tanken på alle disse hvis-ene. Nei ikke alle, bare dette ene hvis-et: Hvis jeg ikke hadde begynt å gå opp til Borgland»
Utover dette greier eg ikkje heilt å setje fingeren på kva som ikkje stemte for meg i forteljarstilen. Men uansett, boka er god, den, og den kjem nok til å sitje lenge i minnet.
Signe gjorde rent i stuene. To ganger hver dag måtte det gøres, for soldatuniformene var visst ufullstendige uten støvlene til.
Hva gjør man når man har fått en mann i gave, hadde hun spurt moren den gangen.
Man er snill mot ham, så han blir værende, hadde Ingeleiv svart tankespredt. Man lar ham få det han helst vil ha. Blåbærsodd og annet ...
Artig at det er fleire enn eg som har lyst til å lese noko frå Sør-Amerika no. Sjølv har eg tenkt ei stund på at eg har lyst til å lese ei brasiliansk bok saman med dykk. Av dei eg har ståande ulest i bokhylla er det berre Francisco Azevedo sin Tante Palmas ris / Livet i et riskorn som eg veit av finnest på norsk, og eg har ein mistanke om at denne kanskje er for "snill" eller enkel for eit felleslese-prosjekt.
Derfor har eg leita litt etter nyare brasilianske forfattarar som har kome ut på norsk, og her, mine damer og herrer, har eg funne fram til det som truleg er ein skjult skatt:
Fallet. Dagboknotater (originaltittel "Diáro da queda") av Michel Laub har fått strålande kritikkar, men trass dette er det berre 12 bokelskarar som har denne boka i samlinga. Ein av dei er Rose Marie, som utover å trille terningkast 6 mellom anna skriv dette:
""Fallet. Dagboknotater." er en bok med umiskjennelige klassikertegn. I tillegg til å være både morsom og provoserende, er dette stor litteratur! Det jeg ble mest imponert over er hvor finslepet og presist han får sagt vanskelig ting uten å overforklare noe som helst."
Boka handlar om ein familie av jødiske innvandrarar, og der bestefaren er ein overlevande etter Holocaust.og korleis dette pregar dei nyare generasjonane. Boka er oversatt av Christian Rugstad, som har fått gode skussmål av fleire av bokelskarane ved tidlegare høve. Så eg har stor tru på at dette vil vere ein innertier for lesesirkelen.
Så moro. Eg har også tenkt på å reise dit ein gang, det er jo ikkje så lange omveien dei gangane eg reiser til Trondheim. Og lysta blei ikkje mindre av å lese Bergskatt. Har du lest den, forresten?
Japan er fint. Har vært der 3 gangar på ordentleg, og 2 gangar i bok-verda. Fine turar, alle fem.
Her gjeng det i Bergskatt av Toril Brekke, om historia til gruvene på Løkken i Sør-Trøndelag og framveksten av industriselskapet Orkla. Fascinerende bok, blir ferdig med den i løpet av helga.
Så har eg nesten, nesten, bestemt meg for at neste bok ut blir Døde sjeler av Nikolaj Gogol. Denne har eg spart på og gleda meg til lenge, så no er det kanskje på tide å take fatt på den.
素敵な週末を持っている!
Sutekina shūmatsu o motte iru!
(google translate får ta skulda dersom dette blei feil ....)
Er Brasil eit av dei mulige alternativa? Eg er veldig begeistra for den brasilianske forfattaren Jorge Amado (1912-2001). Det er ikkje så mange av bøkene hans som er å få på norsk, dei einaste eg veit om er Tereza Batista og Det store bakholdet, eg har ikkje lest desse enno, og kan ikkje seie så mykje om korleis dei er.
Amado la handlinga i mange av bøkene sine til delstaten Bahia, og dei inneheld rike og mangfoldige skildringar av folkelivet der. Eg vil spesielt halde fram Gabriela Cravo e Canela (sjå bokomtalen), denne er å finne på engelsk som Gabriela, Clove and Cinnamon. Ei anna av dei mest kjende bøkene hans som eg vil anbefale er Capitães da areia, eller Captains of the sands på engelsk.
Men bokhyllene dine for Sør- og Mellom-Amerika er jo tomme?
Nei, eller ja, eller alt etter som ein ser det. Eit stykke nede i dette diskusjonsinnlegget gjer eg greie for korleis eg gjer det. Så kan det tenkast at det finnest mykje enklare måtar å fikse det på. Men uansett, fordelen med å få boka over på telefonen er meir enn stor nok til å vege opp for eventuell plunder med filoverføring.
Bra forslag, men det var nok ikkje denne eg tenkte på. Hugsar denne saka frå media. Hendinga eg har i tankane var konkret ein bil igjennom isen, eg er ganske sikker på at det var fiksjon og at det var i Norge.