Det er litt flaut å innrømme det, men eg er heilt akterutseilt. På bærtur, bak mål, under pari og stort sett alle andre plassar enn der ein bør vere. Eg har nemlig aldri høyrt på lydbok, og veit ikkje korleis eg skal bere meg åt for å kome i gang. Har søkt litt rundt i gamle diskusjonstrådar etter tips, men har så langt ikkje funne svar på det eg lurer på. Skulle svaret likevel ligge i ein gamal tråd så ber eg for sikkerheits skuld om orsaking for å starte ein ny tråd utan å leite godt nok i dei gamle.

Her er greia: eg tviler på at eg kjem til å like lydbøker like godt som vanlege bøker, men no skal eg snart på ein lengre busstur (eg blir bilsjuk av å lese på bussen), og då ser eg for meg at ei lydbok på øyret er eit betre alternativ enn allsang. I alle fall i lengda.

Eg har ein ganske ålreit telefon, Samsung Galaxy SIII, som eg har oppfatta kallast for android-telefon, men eg nyttar den berre til å ringe med. Ja, og så sende SMS, då. Okei, eg har tatt bilete med den også. Men eg gjeng ut frå at det også skal gå an å nytte den til å høyre lydbøker med. Skulle det gå an, så har eg øyrepluggar som passar, eg veit til og med kva for hol dei skal pluggast inn i, så den delen er grei.

Men alt det andre er litt meir diffust. Spørsmål i prioritert rekkefølge, dei viktigaste (trur eg) først:
1 - Treng eg å laste ned eit eige program for å høyre på lydbok?
2 - Vil dette i såfall også vere programmet ein nyttar til å finne tak i lydbøker, eller nytter ein internet-browseren til dette?
3 - Er det mange filtyper å forholde seg til?
4 - Er det muligheiter for å låne lydbøker?
5 - Eg meiner å ha sett link til gratis lydbøker av div. eldre klassikarar, kjenner nokon til om desse er egna for å høyre på android-telefon?

Sånn. Då er katten ute av sekken. Får eg greie på dette, er det ein viss sjans for at eg kan kome i gang. (Og eg har eit løynleg håp om at det også finnest nokre sjeler der ute som tenker "det var bra det ikkje berre var eg som ikkje visste dette". Dess yngre slike eventuelle sjeler er, dess betre vil eg kjenne meg ....)

Skulle det kome mange tips om eventuelle program ein kan nytte til å høyre på lydbøker med, så kan eg presisere at eg ynskjer å nytte programmet først og fremst til å høyre på lydbøker med. Superfancy-program som også kan nyttast til å sjå videoar, streame Viasat, fortelje meg kvar Saturn stend på stjernehimmelen eller tipse meg om kva for skobutikkar i nærområdet som fører grøne skoreimer er av mindre interesse i denne samanhengen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 25 svar.

Då er eg spenna klar for buss-tur, tusen takk for hjelpa til alle som har kome med tips og innspel.

Detaljert oversyn over kva eg har lært/funne ut:

Først av alt: nedlasting av appar via Google Play var skræmande enkelt, faktisk så skræmande at det nesten gjeng på personvernet laust. Eg meiner, korleis kan denne nettsida vite, når eg gjeng inn på den via min PC, kva for telefonmodell eg nyttar? Det er veldig praktisk at den veit det, men eg synest det er eg som skal bestemme at den veit det. No ja, nok om det.

Frå Google Play så lasta eg ned avspelaren Smart AudioBook Player, som det kom tips om i diskusjonstråden.

Så har eg fått tips om tre nettstadar for lydbøker.

Audible er ein nettstad som høyrer til amazon. Ein overflod med titlar, men litt slunkent med informasjons-sider for nybegynnarar som meg sjølv. Slik eg forstod sida kan ein laste ned ei gratis lydbok, men bruken av sida er lagt opp til å vere ei abonnementsteneste. Sidan eg er usikker på om eg kjem til å nytte lydbøker i særleg grad så ser eg i første omgang vekk frå denne. Der er ein eigen Audible-app for android, men eg veit ikkje om ein treng denne appen for å høyre på lydbøker frå Audilbe, eller om ein kan laste ned bøker og høyre på dei med ein annan avspelar.

Lydbokforlaget er akkurat det namnet seier, eit forlag for lydbøker. Bra utval. Så vidt eg kan sjå er det enkelt og greit nedlasting av lydfiler mot betaling, ingen eigne appar. Der var ingen gratis bøker etter det eg kunne sjå. Sidan eg i første omgang berre vil teste om lydbok er noko for meg ynskjer eg ikkje å bruke penger på det, så inntil vidare så blir det ingen handel.

Ordflyt er ei nettside for streaming og nedlasting av lydbøker. Det gjeng fram at sida er under utvikling, ein får tilbod om å bli gratis testbrukar, og det blir sagt at det muligens vil bli ei abonnementsteneste etter kvart, men ein forpliktar seg ikkje til å abonnere sjølv om ein blir testbrukar. Tre programnedlastingar måtte til: først Adobe Air og Ordflyt Desktop til PC’en, og deretter Ordflyt App til mobiltelefonen. Det var ikkje vanskeleg på nokon måte.

Der er mange gratis-bøker i Ordflyt, men det var ikkje utan vidare klart for meg ut frå Ordflyt Desktop på PC om eg kunne laste ned bøker kostnadsfritt til mobilen. «Gratis avspilling» står det der, men så står der i tillegg ein pris for kjøp av MP3. Men når eg gjekk inn på appen på mobilen, så fekk eg til å laste ned ei bok (Jorden rundt på 80 dager, Jules Verne) utan at det kom beskjed om at det kosta pengar. Så då får ein tru at det var gratis. Og eg har sjekka at boka kan spelast av i Ordflyt-appen.

I tillegg til desse tre nettstadane så har eg vært inne på ein gratis-nettstad med det opplysande namnet «www.booksshouldbefree.com». Der lasta eg ned «Uncle Tom’s Cabin» som MP3 zip direkte til mobilen. Det tok lang tid, rundt ein time. Smart AudioBook Player (heretter: SABP) var ikkje smart nok til å unzippe filene av seg sjølv, så eg måtte kopiere dei over til PC, unzippe der, og deretter overføre tilbake til mobilen. Då veit eg det til neste gang. Men når dette først var gjort, så fungerte det greit i SABP.

Så har eg også vært på biblioteket og lånt eit par lydbøker, for å teste ut korleis dette virkar. Lydbøkene er på CD-plater, eg lånte Edvard Hoem sin Kjærleikens Fergereiser, eit sett på 6 lyd-CD’ar, og Åsne Seierstad sin Bokhandleren i Kabul, her var heile boka inne på ein enkelt CD men i MP3-format.

Lyd-CD’ane med Hoem si bok var krøkkete å kopiere over. Kvar enkelt CD inneheldt fleire kapittel, men filnummereringa starta på «spor 1», og deretter «spor 2» etc. for kvar av CD’ane. Dermed gjeng eg ut frå at det blir krasj dersom ein, etter å ha rippa platene, kopierer alle filene over til same foldar på mobilen. Dermed blei det 6 foldarar, ein for kvar CD-plate. SABP oppfattar dette som 6 ulike bøker. Det finnest sikkert ein måte å få SABP til å forstå at det er same bok på, men eg greidde ikkje å finne ut av dette berre ved å fikle rundt på eiga hand. Det endar nok med at eg døyper om kvar enkelt fil til det rette kapittelnamnet, for deretter å samle dei i ein enkelt foldar.

Åsne Seierstad sin bok i MP3-format var mykje enklare. Ingen ripping eller anna tidkrevjande tull, berre å dra filene rett over frå PC til mobil.

Lærdomen av dette er altså å først og fremst leite i lydbøker i MP3-format dersom det skulle bli aktuelt å låne fleire lydbøker frå biblioteket.

For å oppsummere, så har eg testa ut 4 ulike måtar å laste ned lydbøker til mobiltelefonen på. Alle 4 metodene virker. Då har eg 4 bøker til å ha på øyret under bussturen, det skulle vere rikeleg. Så skal det bli spanande å sjå om dette er noko som fell såpass i smak at det blir ein vane, eller om det kun blir ei nødløysing i situasjonar der eg ikkje kan lese papirbok.

Eg håpar også at denne diskusjonstråden kan vere til hjelp for andre nybegynnarar i lydbok-verda.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ja, det å bruke en android har sine personvernssider... jeg liker ikke helt måten det fungerer på, og er i hvert all veldig restriktiv på hvilke program jeg installerer med tanke på alle tillatelsene de fleste av dem krever.

I SABP kan du slå sammen filer ved å lang-klikke på en av dem (når du er i biblioteket) og velge "merge folders". Da tror jeg du får velge hvilke du vil slå sammen - husker ikke helt hvordan det så ut, og jeg har ikke noen å teste på akkurat nå, men håper dette hjelper.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Langklikketrikset er notert, takk skal du ha. Eg har alt døypt om og slått saman filene i ein foldar, så eg får heller ikkje testa det før eg eventuelt skal kopiere ei ny lydbok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg har ikke android-telefon, men jeg HAR (ifjor sommer) storkost meg med Amalie Skrams Hellemyrsfolket som lydbok fra nettstedet Ordflyt.no, som du alt har fått anbefaling om. Så det nettstedet håper jeg du får undersøkt med mobilen din.

Nå snublet jeg nettopp over en veiledning i å laste ned apper til android-telefoner, og det kan kanskje du ha nytte av? De påstår det er kjempeenkelt å laste ned rett fra nettleseren - "de" er nettstedet dinside.no, for øvrig. Lykke til med lydbok-testingen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for tips, eg skal sjekke denne linken.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg vil anbefale deg programmet Smart AudioBook Player
https://play.google.com/store/apps/details?id=ak.alizandro.smartaudiobookplayer&feature=search_result#?t=W251bGwsMSwxLDEsImFrLmFsaXphbmRyby5zbWFydGF1ZGlvYm9va3BsYXllciJder
Den har god funksjonalitet for akkurat lydbøker, bl.a. kan du lagre bokmerker. Den kan også samle flere filer slik at de ser ut om ei fil i spilleren. Men det er altså bare en avspiller, så du må få tak i bøker andre steder.

Ut over dette så er det vel best at du får tenåringen til å vise deg hvordan du legger over filer til mobilen (men i prinsippet skal det bare være å koble til med f.eks. usb-kabel og så trekke filene over dit du vil ha dem). I den spilleren kan du så angi hvilken mappe du vil den skal bruke som bibliotek, men jeg mener også den kan søke gjennom hele mobilen etter lydfiler.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Supert tips. Som nevnt lenger nede så tenker eg å samle opp tips i eit par dagar, for så å bestemme meg for kva eg vil teste. Lover å melde tilbake i tråden her korleis det gjeng.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg hadde ikke hørt på lydbøker på mange herrens år, før jeg ble inspirert av tråden krira startet her inne, men nå er jeg helfrelst. Får liksom ”lest” så mye mer, for nå kan jeg lytte i tillegg det de bøkene jeg ellers leser.

Audible er bra, men tilbyr ulike abonnementsordninger og bonuser, så man skal vel kjøpe en del bøker for at det skal lønne seg. Men det kan du jo lese mer om på nettet.

Ordflyt har en app for android-telefoner (Jeg har også en Galaxy). Det er bare å gå inn på Google Play og laste den ned. Der ligger det en del gratis bøker i tilegg til kjøpebøker.

Lydbokforlaget har også nedlastbare bøker, og stadige tilbud, samt at du vel ved kjøp av alle lydbøker fra norske nettbokhandler kan velge mellom cd og lydfiler.

Hvis du har en Galaxy, følger det vel med en avspiller under "programmer", så det trenger du strengt tatt ikke laste ned.
Derimot må du laste ned et program - en app - fra Google Play for den leverandøren du evt. velger, og den fungerer som en bokhylle. Hvis du vil lese mer, har alle greie forklaringer på nettsidene sine.

Når det gjelder lydbøker på bibliotek, er vel det greieste å bruke en gammel discman og ta cd-ene med seg, men det blir jo mye mer drass.

Lykke til!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hjertelig takk for hjelpa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Det beste er nok å ha en iPod eller iPhone. (Jeg brukte bare iPod før...eller før den kom på merkedet var det diverse MP3 spillere,) nå bruker jeg bare iPhone, og iTunes (gratis) er programmet du bruker til iPod/iPhone. Tror ikke du kan ha lydbøker på hvilken som helst mobil.Men jeg ser Ordflyt har en App man kan bruke for android mobil, slik at man kan høre enkelte lydbøker - jeg har ikke brukt det, så jeg kjenner ikke til det. Nesten all min "lesing" foregår med lydbok...det er så tidsbesparende, Kan gå, sykle, trene gjøre andre ting samtidig. Har skrevet litt om bruk av lydbok i Reading Randi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for svar. Skulle det vere naudsynt å kjøpe ein ekstra dings for å høyre på lydbok gjeng det nok ei stund til før eg debuterer. Då blir det allsang i staden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, det er ikke nødvendig i det hele tatt! Det er også ganske arrogant, synes jeg, å anbefale deg en iPhone når du forteller at du har en så ny og utmerket Android-telefon som ikke har noen som helst problemer med å spille lydbøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for tilbakemelding,
eg oppfatta ikkje svaret frå RandiA som arrogant på nokon måte, og ho gir jo også tips om ein app som ho meiner er tilpassa Android, men eg er glad for at du stadfestar at det burde gå greit med min telefon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jaja, jeg reagerer nok litt på at hun sier at det beste nok er å ha en ipod eller en iphone når du allerede har en telefon som i hvert fall jeg heller ville hatt enn en i-dings, og som ikke er noe dårligere til å spille lydbøker. Jeg reager altså på noe som nesten er en oppfordring til å kjøpe en ny dings når du allerede har en som i hver fall ikke er noe dårligere. Men men, jeg skjønner jo at det ikke var vondt ment forsåvidt... så mulig jeg bare burde oversett det...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ned med I-tingene!
(ja, du har rett;) )

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette kan jeg lite om, og jeg har akkurat fylt 29 så du behøver ikke å føle deg dum, men jeg er ganske sikker på at det skal være mulig å bruke telefonen din til å høre på lydbok. Det kommer nok noen tekno-genier her etterhvert.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk, der berga du kvelden for meg

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har forresten googlet litt og det ser ut som Audible for Android er populært. Det er på engelsk, men jeg antar vel at siden du leser portugisisk så burde det gå bra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk igjen for tips. Engelsk gjeng smekkfint. Skal sjå an eit par dagar kva tips som kjem inn før eg begynner å teste.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg har hørt mye bra om Audible, og er helt sikker på at du kan bruke det med din telefon. Dette er en App som må lastes ned, også kan man kjøpe bøker gjennom den. Den første boka er gratis, så det er jo perfekt for å teste lydbøker.

Et annet alternativ er å laste inn en lydbok fra CD, dette kan man gjøre via PC på samme måte som man legger inn musikk på telefonen. Da slipper du å laste ned noe som helst, og du slipper å tegne et "abbonement" som man må gjøre hos Audible.

Lykke til!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tusen takk. Gratis test-bok høyres lovande ut.

Når det gjeld lydbok på CD, så reiknar eg med ein får låne det på biblioteket. Men neste trinn er verre:
"dette kan man gjøre via PC på samme måte som man legger inn musikk på telefonen"

og reaksjonen min var: " .... øøøøhhhh ... ? "

men eg satsar på at tenåringane i huset fiksar dette.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg låner masse lydbøker på biblioteket og laster de ned på PC-en (slik jeg overfører musikk -CD-er). Så overfører jeg de til den enheten (f.eks. telefonen) som jeg skal ha med på tur/i bilen. Hvis jeg skulle ha kjøpt alle som lydbøker via app, da hadde det blitt mange bøker i måneden. Biblioteket er flott til å skaffe seg lydbøker - du får få litt hjelp av tenåringene til å komme i gang!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne metoden bruker jeg også. Helt gratis - og bibliotekene har faktisk et veldig godt utvalg av lydbøker! Kan anbefales på det varmeste! Denne metoden gir meg muligheten til å få med meg dobbelt så mange bøker enn jeg ellers ville rekke - hører bok i situasjoner detr det fysisk ikke er mulig å lese selv, som når jeg kjører bil eller driver med husarbeid. Skulle jeg betalt for nedlasting av alle bøkene jeg hører i løpet av et år ville nok bokbudsjettet mitt økt kraftig. Så lenge leve bibliotekene!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for tips. Skal teste ein av dei nærmaste dagane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

mgeTine SundalTor-Arne JensenGrete AmundsensomniferumTherese HolmEgil StangelandLars MæhlumHeidi HoltanKirsten LundLailaBerit B LieIngunn SReadninggirl30LilleviAnne LiseAndreas BokleserNorahStig TPrunellaMarkus IngebretsenRufsetufsaPiippokattaKarina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald K