Lesesirklar i Rogaland veit eg ingenting om, men det er for tida ein aktiv lesesirkel her inne på bokelskere. Nett no held vi på med Kjærlighet i koleraens tid.
Eg har ikkje heilt oversikt (det er bokelskar kjell k som administrerer), men eg har inntrykk av at det er mellom 15 og 30 som er med, litt avhengig av korleis boka vi vel slår an hjå deltakarane. Håper du synest det ser interessant ut.
Og de har vel fått med dykk at det kjem ein oppfølger til De usynlige i haust? Tittelen er Hvitt hav.
Det første som slo meg når du skreiv Dubrovnik var ei teikneserie om ein canadisk jagarflygar som heiter Dan Cooper, eg las denne som gutunge og hugsar enno at ein del av handlinga i eit av hefta var lagt til Dubrovnik og at eg tykte det såg ut som ein fascinerande stad. Men det var sikkert ikkje teikneseriar du hadde i tankane.
Noko anna eg kom til å tenke på er at bokelskaren Helene er i gang med eit prosjekt der ho skal lese ei bok frå kvart land i verda, og skrive om dei på bloggen Verdensleseren. Frå Kroatia har ho plukka ut bøkene The ministry of pain og Ikke en flue fortred. Eg veit ingeting om bøkene så det er nok lurt å sjekke nærmare korvidt dette er noko for deg.
Ikkje all verdens hjelp frå meg, altså, men sidan ingen andre har svart enno så tenkte eg eg kunne dele desse innfalla.
Eg har også tenkt ein del på namnevala undervegs, og kva forfattaren kan ha hatt i tankane medan han "døypte" dei.
Juvenal - eg fekk assosiasjonar til adjektivet "juvenil" som tyder ungdom, og skal ein tru denne sida så er eg inne på noko. Men kvifor?
Florentino - frå Firenze. Er det den kunstnareske åren til mannen som gav opphav til namnet?
Mora til Florentino heiter Tránsito, som tyder trafikk eller gjennomreise. Kva i all verda ....?
Det var fleire av bipersonane eg også undra meg over namnevalet til, men no kjem eg ikkje på i farta kven det var.
Har de lagt merke til koreis Márquez legg inn små tidssløyfer i forteljinga? Ein har sjølvsagt den store sløyfa, der vi startar med tida rett før Dr. Urbino døyr for så å vende attende vel 50 år i tid og så blir med på reisa framover i tid igjen. Men heile tida er der mindre tidssløyfer som er putta inn, dei fleste litt tilbake i tid, men også enkelte snarvisittar framover.
Knallbra, annelingua!
Eg kom over denne teksta, eit konferanseinnlegg frå januar 1886, og som skal ha vært publisert i Scientific American i mars same året. Ei fantastisk blanding av visjonære spådomar som faktisk har slått til, iblanda enkelte ville påstandar om eigenskapane til aluminium som var litt for gode til å vere sanne.
Det interessante i artikkelen i høve til denne diskusjonen er prisen. Det gjeng fram at der er ein viss produksjon av metallet frå 1855 og utover. Prisen i 1855 er oppgitt til å vere 32$/pund (71$/kg) i 1855, og 15$/pund (33$/kg) i 1885. (til samanlikning er prisen i dag omlag 1,8$/kg). Justert for konsumprisindeksen svara prisen i 1885 til mellom 900 og 1000$/kg i dag. Ikkje uoverkomeleg for medisinsk utstyr og luksusartiklar, men eg vil tru det er for drøyt for hushaldningsgjenstandar.
God helg, og til lukke med nasjonaldagen når vi kjem så langt!
Her i garden blir det lesesirkelbok, og berre det. Kjærlighet i koleraens tid tek litt meir tid enn eg hadde trudd, så eg har slått frå meg tanken på å starte på ei attåt-bok inntil vidare.
Dermed ser det også ut for at eit av nyttårsforsetta mine kan ryke; færre enn 10 uleste bøker innan månadsskiftet juni/juli. Talet no er 19, det skal halde hardt å lese 10 av dei innan 17 juni. Den dagen får eg nemlig eit lite lass brasilianske bøker ...
Eg vil gjerne få presisere to ting;
1 - eg er ikkje bastant avvisande til at det fantest aluminiumsgjenstandar, men eg stiller meg tvilande til det, og argumenterer kvifor eg tviler.
2 - det er ein filledetalj, som på ingen måte øydelegg for boka, og det låg ingen kritikk av forfattaren i denne observasjonen min.
Eg har inntrykk av at dei fleste er rundt halvvegs. Sjølv trur eg at eg var på rundt side 164 då eg la frå meg boka i natt.
Boka var litt meir krevjande å lese enn eg trudde på førehand (eller kanskje er det konsentrasjonen min som er dårleg for tida?), så det gjeng tidvis langsamt framover med meg. Men eg skal nok kome i mål innan søndag 24.
Detaljar, detaljar, men likevel ...
På side 118, der det blir gjort greie for dei sanitære tilstandane i byen når doktor Urbino vender attende dit, truleg rundt 1880, blir det skildra ei aluminiumsause med takkete kantar. Når den same doktoren litt seinare undersøker Fermina Daza, nyttar han ein aluminiumsspatel.
Eg tillet meg å tvile på at desse reiskapane var laga av aluminium på denne tida. Hall-Heroult-prossessen med elektrolyse av aluminium vart funnen opp i 1886, og det gjekk enno nokre få år før aluminium vart tilgjengeleg for alminneleg vareproduksjon. Før denne tida var aluminium eit særs sjeldsynt og kostesamt metall.
Eller er det kanskje ein del av den magiske realismen at desse reiskapane har vandra i tid?
Dersom du kikar helt nederst på bokelskar-sida for boka, står det "andre utgaver". Der finn du den innbundne utgåva av boka. (men det er jo ikkje sikkert den var lagt ut i januar då du skreiv innlegget ...)
.. og så er det bratt nedoverbakke på andre sida ...
I mi bok stend det berre at filmen var basert på ei bok det var mykje snakk om året før (s 19). Er vi på same stad i boka?
Cayenne ligg i Fransk Guyana. Det virker som om Karibien i boka også inkluderer den kystlinja av det søramerikanske kontinentet som vender mot det Karibiske havet.
Forøvrig har eg inntrykk av at Guyana, Surinam og Fransk Guyana har meir til felles, historisk og kulturelt, med dei karibiske øyane enn med dei øvrige søramerikanske landa.
I mi utgåve er det på side 19, omlag midt i den bolken der doktor Urbino vitjar kjærasten til Jeremiah (er ho nemnd med namn nokon stad?).
Takk for oppklarande svar. Økonomiske flyktningar då, altså. Eg trudde kanskje det kunne vere krigshandlingar dei flykta frå, men eg veit så lite om historia i regionen at det var uklart for meg kva slags konflikt det eventuelt kunne vere.
Da de var vel ferdige med sin inspeksjon til vogns, vendte de tilbake til landsbyen, hvor de på gaten møtte en bonde som klødde seg et stykke nedenfor ryggen og gjespet med gapet på vid vegg, så selv bondeformannens kalkuner ble vettskremt.
Høyere behov - hva er det for noe? Hvem er det de vil kaste blår i øynene på? Bøker kjøper de nok, men lese dem gjør de ikke. Det ender gjerne med fyll og kortspill.
Politimesteren var på sett og vis byens far og velgjører. Blant borgerne oppførte han seg fullstendig som hjemme, og i butikkene og basarhallene gikk han ut og inn som i sitt eget spiskammer.
Alt det der er noe tyske og franske doktorer har funnet på, jeg skulle gjerne hengt dem, alle sammen, for det! Diett har de funnet på, helbrede folk med sult!