Litt på den kuriøse sida: Jeg leste nylig at Gabriel Garcia Marquez alltid la mye omtanke i valgene av navn på personene sine. Fermina betyr sterk. "Vår" Fermina var dessuten ei vakker og omsvermet jente. Kan det tenkes at forfatteren har lest dette og blitt inspirert?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Eg vart også merksam på namna medan eg las.
Fermina - som betyr sterk, eller eg oppfatta henne som uthaldande, nesten litt sta
og
Florentino - (Flores = blomar)- han kom jo stadig med ein blome til Fermina....
Det kunne ikkje vere tilfeldig.
Og Juvenal, han heldt seg jo godt trass i høg alder......heilt til papegøya slo han ut...

PS (lagt til) Var det ikkje kvit kamelia Florentino brukte? Det er i så fall også eit symbol...

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har også tenkt ein del på namnevala undervegs, og kva forfattaren kan ha hatt i tankane medan han "døypte" dei.

Juvenal - eg fekk assosiasjonar til adjektivet "juvenil" som tyder ungdom, og skal ein tru denne sida så er eg inne på noko. Men kvifor?

Florentino - frå Firenze. Er det den kunstnareske åren til mannen som gav opphav til namnet?

Mora til Florentino heiter Tránsito, som tyder trafikk eller gjennomreise. Kva i all verda ....?

Det var fleire av bipersonane eg også undra meg over namnevalet til, men no kjem eg ikkje på i farta kven det var.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergTurid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHarald KHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiA