Du får den til kr 129,- på bokklubben.no

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og på siste sida av kapittel 16 ser eg for første gang at nokon har mobiltelefon.

Kapittel 17 åpnar med at det er fredag 13. desember. Denne datoen hadde vi i år 2002 og 2013. 2002 er utelukka med denne kameramodellen. Dermed kan ein slutte at anten er handlinga lagt eit par-tre år fram i tid då forfattaren skreiv den, eller så har han dikta opp datoen utan å tenke så nøye på kva for år det er.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Supert, då er den saka grundig oppklara.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Harry Hole i storform, her er det mykje bra. Ved halvlest bok var eg overtydd om at dette må vere ei av dei beste i serien. Men den eine av dei to hovudhistoriene haltar etter kvart såpass mykje at eg etterkvart landa på terningkast 4, som på min skala likevel er meir enn godkjent.

Eit bankran ender med at ranaren skyt ein av dei tilsette i banken, og sidan det då er ei drapssak blir Hole invovlert i etterforskninga. Som vanleg er ikkje kjemien på topp mellom Hole og enkelte av kollegaane hans, noko som kompliserer etterforskinga. Kjærasten Rakel er bortreist, og Harry let seg freiste til ein middagsinvitasjon hjå ein tidlegare flamme. Det gjeng ikkje så bra, men kanskje ikkje på den måten ein fryktar at det ikkje skal gå bra når ein gir seg ut på ein slik avtale. Det gjeng mykje verre. Og dette er opptaktene til dei to hovudhisoriene i boka.

Nesbø er ein meister i miljøskildringar, ikkje minst frå Oslo der ein nesten får kjensla av vere til stades i handlinga. I denne boka reise Hole også til Brasil, til den vesle landsbyen Arraial d’Ajuda (eller berre d’Ajuda i boka) litt sør for Porto Seguro i delstaten Bahia. Eg var også ein tur innom denne landsbyen i 1993, og det var spesielt artig å bli med Hole dit igjen. Eg kan ikkje forstå anna enn at Nesbø må ha vært der sjølv. Sjølv om eg blei skeptisk då han skreiv om den lange uavbrutte sandstranda til Trancoso, for det er den ikkje. Men då Hole og kollegaen spaserte på stranda måtte dei faktisk forsere sandsteinsklippene på vegen til Trancoso, og tilliten blei gjenoppretta.

I tillegg til dei gode miljøskildringane så er historia også krydra med ei mengde faktaopplysningar, eller i det minste tilsynelatande faktaopplysningar. Eg har ikkje på nokon måte undersøkt alt som blei servert av dette slaget, men konstaterer likevel at det nok er ein blanding av verkelege fakta og kunstnerisk fridom. Klarer ein å ha dette i mente, gjeng det også an å unngå å irritere seg over åpenbare faktafeil dei stadane det måtte dukke opp, og heller fokusere på dei intrikate krim-gåtene.

Med dette har eg fullført 9 av 10 Hole-bøker. Satsar på å skaffe meg den (foreløpig?) siste i løpet av året.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kapittel 15; mora legg inn ISBN-nummerert 82-05-35808-7 i biblioteksdatabasen. Eg måtte berre sjekke, det er til romanen Gjøre godt av Trude Marstein. Både boka og forfattaren er ukjende for meg.

Er denne boka tilfeldig plassert her av forfattaren, eller skal valet av bok seie noko om livet til mora i forteljinga? Dersom nokon av felleslesarane har lest "Gjøre godt" hadde det vært moro med synspunkt på dette.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er nettopp ferdig med del 1. Eg sakna Linn i store delar av den første halvdelen av boka (lurer jo på koreis det gjeng med ho), før ho dukka opp att heilt på tampen. Skal eg tolke kommentaren din som at ho har ein mer framtredande rolle i del 2, eller?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka fortel om Mino, ein fattig gut frå ein landsby i jungelen i Sør-Amerika, som opplever at landsbyen hans blir utsletta av den griske pengemakta og som etter kvart gjeng til krig mot den same pengemakta. Så kva er eigentleg Mino? Han er røysta til dei fattige og undertrykte, han er ein askeladd, han er helten som kjempar mot alle odds, han er ein forkjempar for miljø og biologisk mangfald, og han er ein vakker og intelligent sjarmør. Men han er også ein kaldblodig drapsmann, ein svikefull livsnytar, utspekulert manipulator og har tendensar mot rasisme og folkemord.

Sjølve historia er noko over middels bra, det er alltid moro med ein hovudperson som opplever urettferd og fare og som greier seg trass alle odds, og som attpåtil får hevn over dei som har gjort urett mot han. Men så er det alt det andre. Nygårdshaug, som gjeng for å vere både ein bereist og belest fyr, greier berre unntaksvis å fange meg med miljøskildringane i boka. Det skal meir til enn plantenavn og portugisiske/spanske ord i kursiv for at eg skal få kjensla av å bli dratt inn i boka.

Vidare er helte- og skurketypene umåteleg karikerte, nesten til det komiske. Heltane er sjølvsagt vakre, i tillegg til å vere smarte og sympatiske. Skurkane er gjerne feite og stygge, og i USA gjeng dei attpåtil og prompar på åpen gate. Så då er det vel greit, då, å take livet at nokre hundre småprompande hamburgerglefsande hengemagar når ein ser sitt snitt til det.

Men det som virkelig er kvalmande med boka er at Nygårdshaug tilsynelatande gjer seg til talsmann for eit menneskesyn der verda sit folketal med makt må reduserast til 1-2 milliardar, der «Å rykke en peperomiaplante løs fra stammen og trampe på den, var en mer brutal handling enn å skjære hodene av et dusin gringos» (s. 269), og der ein like godt kan ta livet av narkomane sidan dei alt har eit så elendig liv(s. 253). Beklager, dette tankegodset er for drøy kost for meg, og eg håper inderlig at det ikkje er Nygårdshaug sine eigne meiningar som kjem til syne her.

Godt sagt! (16) Varsle Svar

Oi, eg blir alltid lettare nervøs når nokon legg mine kommentarar til grunn for å velge ei bok. (Tenk om ho ikkje liker den, då har eg bidratt til at ho kastar bort både tid og pengar. Den type tankar) Men på den andre sida er det jo hyggeleg å tenke på at ei bok eg sjølv liker kanskje også kan glede andre. Skal bli spennende å høyre kva du synest om boka etter kvart.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Klikk på "sitater", så gjeng det fram øverst på sitatlista kor mange sitat som er lagt inn.

Eg la inn eit par sitat frå Nesbø-boka Sorgenfri i går, og då såg eg tilfeldigvis at det siste eg la inn var nr 39996. Dermed greidde eg ikkje å halde meg frå å "passe opp" innlegg nr. 40 000.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sitat nr. 40 000 på bokelskere. Burde nesten vært ein premie for det ....

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Gin, konstabel?"
Har du Jim Beam?"
"Nei."
"Gin er bra."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ordene ble uttalt på bokmålsbergensk med en så voldsom skarring at alle r-ene hørtes ut som en middels togavsporing.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Apropos dette innlegget, eg er i ferd med å avslutte Harry Hole-boka Sorgenfri av Jo Nesbø. Hole er ein snartur til Brasil i løpet av boka, og blir også tatt for å vere tysker. Og der stoppar vel dei fleste likheitspunkta mellom Hole og meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Overskrifta seier sjølvsagt 2016 fordi nøkkelen til neste års påskekrim ligg i årets lektyre.

Jo Nesbø sin Harry Hole kan også finne på å lese bøker, og eg har fått boktips av han før. No (påska 2015) les eg Sorgenfri, og der finn Hole fram ei uspesifsiert bok av Jim Thompson. Thompson var krimforfattar, skreiv hardkokt kiosklitteratur på 1950- og 60-talet, og dei litterære kvalitetane hans fekk først merksemd etter at han var død. I følge wikipedia har Nesbø oppgitt Thompson som ei viktig inspirasjonskjelde til sin eigen skrivestil.

Då, folkens, skulle påskekrim-valet for 2016 vere grei skuring.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg trur ikkje det finnest nokon notatfunksjon for private notat på bokelskere.no. Men eg har eit forslag som kanskje kan hjelpe: Dersom du lagar lister (eg ser at du alt har laga nokre, så du er ikkje ukjend med det), så kan du skrive eit lite notat for kvar bok i lista. Desse notata kjem ikkje opp på framsida i "bokelskere", dei blir kun synlege for dei som klikker seg inn på den aktuelle lista di.

Ulempa er sjølvsagt at det etter det eg har lest kun er plass til 100 bøker i kvar liste. Dersom du skal notere noko for kvar enkelt av dei nær 4000 bøkene du fylgjer så må du altså lage minst 40 lister.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, du har rett, eg ser også at eg skulle ha formulert spørsmålet litt annleis. Det eg egentlig ville var å gi kjell k ein slags "førsterett" til oppgava i tilfelle det er noko han har lyst til å ordne sjølv.

Huff, no kjenner eg meg nesten like klønete og famlande som mora i "Det jeg betyr".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Krim må ein ha, ja. Eg har spart den siste uleste Harry Hole-boka mi, Sorgenfri, til påska. Har starta såvidt, og liker den godt.

Så skal eg lese nokre kapittel i lesesirkelboka Hva jeg betyr.

Blir det tid til meir lesing er eg litt usikker på kva eg skal starte på, men kanskje Gulldronning, perledronning av Margaret Skjelbred?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

1 april: Nikolaj Gogol fødd for 206 år sidan. Postar dette i siste liten slik at ingen skal tru at det er tøys. Har ikkje lest noko av han enno, men Døde sjeler stend på leseplanen for dette halvåret.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette er jo eit kinderegg-spørsmål, der er minst 3 måtar å lese spørsmålet på.

1 - Bokstavleg (og også trivielt). Ja, det finnest såvidt eg veit ingen lover eller reglar som forbyr nokon å seie at dei har lest ei lydbok

2 - Grammatisk. Det går i alle fall an å diskutere dette. Strengt tatt så høyrer ein på lydbøker, så det er i prinsippet feil å seie at ein les dei. Men på den andre sida så er det jo vanleg i skriftlege ordskifte å nytte vendingar a la "eg seier med dette at ..." sjølv om ein eigentleg "skriv med dette at ...". Sidan "seie" i forhold til å "skrive" er analogt med "høyre" i forhod til "lese", tenkjer eg at det må vere like greit å seie at en les ei lydbok som det er å skrive at "eg seier med dette at ..." eller liknande.

3 - Likeverd. Eg oppfattar innspelet frå diskusjonspartneren din som at spørsmålet er korvidt det er likeverdig å høyre ei lydbok som å lese den. Ja, det meiner eg absolutt. Og så må eg legge til at ut frå eigne erfaringar så opplever eg det ikkje som likt, sjølv om eg oppfattar det som likeverdig. Opplesaren betyr ein del for kva inntrykk eg får av boka, dette kan slå begge vegar i forhold til leseopplevinga versus ei papirbok. Eg må også nemne at med lydbok er det meir kronglete å "bla" tilbake for å finne tilbake til noko ein lurer på tidlegare i boka. Så; likt, nei. Men likeverdig, ja.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det var ein fin vri. Sjølv må eg vel seie at eg "køyrer" lydbøker, det er stort sett på lengre bil- eller bussturar eg nyttar dei.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeHarald KKirsten LundHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienAgnesJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaBeathe SolbergSigmund