Meiner å kjenne att namnet, men kan ikkje påstå å hugse den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har vært bortreist eit par dagar, og derfor stille, men er altså framleis med.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kapittel 1: Eg veit ikkje om dette er den same boka (omslaget stemmer ikkje), men det finnert i det minste ei bok som heiter Five hundred self-portraits

Og eg veit heller ikkje som eg har funne rette sjølvportretta, men her er i allefall eit av Paul Klee
skriv bildebeskrivelse her

og eit anna av Egon Schiele
skriv bildebeskrivelse her

der begge to stemmer omtrentleg med skildringa som er gitt i boka.

Begge to er forøvrig heilt ukjende kunstnarar for meg.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Tja ... Dagny Johanne, kanskje?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg likte godt anslaget i boka. Det vesle stykket som kjem som innleiing før kapittel 1 samanfattar på ein framifrå måte motsetnaden mellom foreldre som vil delta i barna sitt liv, og barna som kjenner trang til å frigjere seg frå foreldra sine. Eg seier det ein gang til: Framifrå.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Hans Hyldbakk var mest kjend som diktar, og eit av dei mest kjende dikta hans, Vårsøg, tonesett av Henning Sommerro, er allemannsseige. Sjølv såg han på bygdebøkene han skreiv som hovudverket sitt. Svein Sæter siterer Hyldbakk i etterordet til Brotne band: «… norsk åndsliv tapte ikkje noko på at eg slutta å skrive om oppdikta liv og heldt meg til det verkelege livet. Det eg fann i tingbøkene på Nordmøre var så fantastisk at like til Alexandre Dumas vart blodfattig.»

I sine unge år hadde han ambisjonar som romanforfattar. Etter å ha fått refusert eit manuskript frå Aschehoug i 1930 brende han opp både manuskriptet og romanforfattarambisjonane. Men ei anna forteljing, Brotne band , var alt publisert som avisføljetong i åra 1927-1928 og denne kom ut i bokform i 2011, ti år etter at Hyldbakk gjekk bort som 103-åring.

Brotne band handlar om husmannssonen og kunstnarsjela Sverre Vatneplassen. Storebroren Hans kjem attende frå hovudstaden som kommunist samstundes som ein svensk industrireisar set i gang eit sagbruk i bygda. Sverre får augene opp for det sosialistiske tankesettet, men han slitest likevel imellom dei tradisjonelle verdiane frå jordbrukssamfunnet og dei radikale meiningane til broren og partifellane hans.

Eg er usikker på om heimstaddikting er rett merkelapp på boka, men delar av den gav meg denne kjensla. Hyldbakk oppgir Ibsen, Bjørnson og Falkberget som litterære førebilete. Sjølv tenkte eg ein del på Olav Duun medan eg las, men i ein noko tamare og meir forutsigbar versjon. Det var noko uforløyst over boka, det vart mykje vakker natur og indre kvaler, men litt for lite av andre ting.

Det er vanskeleg å unngå å tenke på Sverre som Hyldbakk sjølv, og det er nok mange sjølvbiografiske element i forteljinga. Dette er kanskje det mest interessante med boka, å få eit gløtt inn i livet og kjenslene til Hyldbakk. Slik sett var det verdt tida å lese igjennom den. Men som roman når den ikkje same høgdene som dikta han skreiv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg gjeng ut frå at det er behovet for meir plass til bokhyllene som gjer at du flytter?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det ringde til likferd. Svarte troll og tussar tumla framom senga hans. Og denne likferda bar så mangt med seg til grava. Først og fremst var det diktardraumen. Han var det svarte småtroll som bar. Det var ei svartmåla kiste, og få kransar var det på den kista. Så kom sjølveigardraumen slingrande framom i grønmåla kiste. Det låg ein kopparslant på kistelokket, og einøygde tuftekallar slengde kista mellom seg og spottelo. Så kom eit stort, ljoshåra og sølvkjært troll vaggande med vennskapen. Kjærleiksdraumar og heimehygge følgde etter av seg sjølv, og sommaren stod kring vegkantane og kasta blomster på. Så følgde òg sommaren etter, og hausten stod atti vegen og flirde kaldt åt det heile.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur ikkje vi hadde jord og pengar om eg hadde tenkt berre på Vårherre heller. Ein lyt tenkje på jorda, skal det bli jord, og ein lyt tenkje på husa, skal det bli hus.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Engelskmannen Richard var særs fascinert av oldtidsfunn av flotte bronsegjenstandar frå 800-talet i Igbo-Ukwu. Sjå også denne sida. Kan dette ha vært den krukka han forelska seg spesielt i?
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så lurte eg fælt på kva desse pisangane som dei av og til dreiv og steikte til mat var for noko? I Indonesia tyder "pisang" banan, har eg funne ut, og pisang goreng er steikte bananar. Kan det vere at dette namnet på retten har vandra frå Indonesia til Nigeria? Skulle vært moro å vite om det også er "pisang" som er nytt i den engelske originalteksta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Med det same eg er inne på militært materiell frå boka, dette er ogbunigwe-mina som dei biafranske ingeniørane utvikla. Fæle greier.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

«Diálogos Impossíveis» tyder «umoglege samtalar» på norsk, og mange av stykka i denne boka inneheld samtalar som på ein eller annan måte er umoglege. Veríssimo har ein livleg fantasi og god humoristisk sans, og stiller opp «tablå» der han tenker seg så vel historiske personar som oppdikta figurar som har underfundige ordvekslingar. Boka åpnar med ein samtale på gamleheimen mellom Batman og Dracula, der Dracula peiker på at dei trass alt er ganske like sidan dei begge er menneske-flaggermus, og rundast av med ein telefonsamtale mellom Einstein og den første kona hans, fysikaren Mileva Marić, der det kjem fram at Mileva var den eigentlege forfattaren av dei mest kjende publikasjonane hans.

Ikkje alle stykka er ordvekslingar. Enkelte har meir form av kronikkar, der forfattaren reflekterer over personlegheiter eller hendingar innan kunst, litteratur og musikk. Andre igjen har meir form av noveller. I alt er der 45 små stykker i denne boka, med eit vidt spenn i persongalleri og tema. Men felles for dei alle er ein humoristisk snert, og eit visst alvor bakom. Underhaldande og grei lesnad.

Forfattaren Luis Fernando Verissimo har hatt ei omfangsrik karriere som spaltist, forfattar, oversetjar, teikneserieskapar og musikar. Han er mellom dei mest leste av samtida sine forfattarar i Brasil. Stykka i denne boka, som kom i 2012, har vært publisert enkeltvis i avisene Zero Hora og Estado de São Paulo i åra 2009 - 2011. Boka gav meirsmak, eg kjem nok til å plukke opp fleire av bøkene hans i framtida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Spørs om du må satse på bruktbok dersom du skal ha harde permar. Eg fann mi utgåve på eit bibliotekssal.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I kapittel 27 drar Richard for å sjå på flystripa i Uli, der den svenske aristokraten grev von Rosen driv flytokt for Biafra med sitt eige vesle småfly. Adichie eller oversetjaren Mona Lange bommar når dei skriv at det er jetfly, Rosen nytta bittesmå propellfly til oppdraga sine.

skriv bildebeskrivelse her

Eg fann denne sida om Rosen sin innsats i Biafra-krigen, som trass ein etter min smak litt for sleivete stil likevel fortel ei fantastisk historie. Seier meg samd i artikkelforfattaren at dette er materiale for ein kinofilm.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Boka fortel historia til 5 personar før og under Biafra-krigen i Nigeria på slutten av 1960-talet. Igbo-folket som i hovudsak har sitt kjerneområde i søraust-luten av landet freista, på bakgrunn av etniske motsetnadar i landet, å opprette ein eigen stat, Biafra, i denne regionen. Dei lukkast ikkje.

Boka er delt i 4 bolkar, der bolk 1 og 3 handlar om hendingar før krigen medan bolk 2 og 4 er frå krigsåra. Olanna og Kainene er tvillingar, døtre av ein velståande igbo-høvding og forretningsmann, og har universitetsutdanning frå England. Snille, pene og idealistiske Olanna blir sambuar med akademikaren og nasjonalisten Odenigbo. Ungguten Ugwu er tenaren til Odenigbo, han kjem frå ei fattig landsbyfamilie og ynskjer seg opp og fram i livet. Den tilsynelatande kyniske Kainene har ambisjonar innanfor faren sitt forretningsimperium, og blir kjærast med den sympatiske engelske skribenten og forfattarspiren Richard.

Adichie let romanfigurane sine bli med i alle fasene av borgarkrigen, frå massakrene på igbo-folk i nord, via proklameringa av rebubliken Biafra og påfølgande kamphandlingar til blokaden som leia til svoltkatastrofe. Ein skal vere varsam med å lese boka dokumetarisk, Adichie forklarer sjølv i eit etterord at ho har nytta seg av fridomen til å dikte omkring historia. Likevel må det så langt eg kan forstå vere ei bok som bidrar til innsikt omkring dei etniske konfliktene i Nigeria, konflikter vi ser den dag i dag ikkje minst ved Boko Haram sine herjingar i den nordlege delen av landet.

Sjølve historiene til dei fem hovudpersonane var engasjerande og grei, både med omsyn til forholda seg imellom, og med omsyn til vanskane og tragediane som ramma dei på grunn av krigen. Men det som gjorde mest inntrykk under lesinga var den ukuelege trua biafranarane hadde, i det minste i boka, på at dei skulle greie å vinne over overmakta. Flott bok om ei vond tid.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

-- Eg meiner eg dreg kjensel på deg
-- Kan det vere frå sjølvportretta mine?
-- Francisco Goya!
-- I eigen person. Eller restane av han. Og du er ...
-- Pablo Picasso
-- Eg tenkte meg nesten det. Men du er ikkje alltid så god å kjenne att frå sjølvportreta dine ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Romualdo var tannlege og hadde, i motsetnad til han sjølv, eit visst intellektuelt preg. Han nytta skjerf om vinteren og om sumaren også. Røykte pipe.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

God helg, ja.

Her i garden er det to bøker på gang for tida, eg satsar på å gjere unna desse før eg startar på den neste lesesirkelboka.

Brotne band av Hans Hyldbakk er om brytningstida mellom bonde- og industrisamfunnet. Hyldbakk er mest kjend som diktar, "alle" kjenner vel til Vårsøg som blei tonesett av Henning Sommero i si tid. Brotne band kom som avisføljetong i 1920-åra, og blei utgitt som bok i 2011. Har kome omlag 1/3 i veg med boka, og den er heilt grei så langt. Men dikta hans er betre.

Så har eg fiska fram ei brasiliansk bok også, Diálogos Impossíveis (Umoglege samtalar) av Luis Fernando Verissimo. Dette er ei samling av korte og som oftast vittige stykker. Eg nøler litt med å kalle det ei novellesamling, forma i stykka er oftast litt annleis. Lettlest og artig bok, eg er ca 1/3 ferdig også med denne.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Grått og tungt skydekke på våre kantar i dag, sludd og regn i lufta. Men akkurat då formørkelsen var på det mørkaste, sklei det tyngste skylaget til side, og vi fekk 10-15 minutt med akkurat passe tjukt skydekke til å kunne sjå sola igjennom. Perfekt utan solbriller, sveiseglas el. l. Såg solsigden kjempegodt. Artig.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalAgnesVannflaskeHarald KKirsten LundHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaBeathe Solberg