Dersom du finn tid, kunne du ha oppretta ein diskusjonstråd på boksida for dei enkelte bøkene vi har lest med lenke til lesesirkeltrådane, slik du gjorde for Middlemarch og Himmelrike og helvete? Eg ser for meg at det kan vere interessant for nye lesarar av bøkene å finne fram til desse trådane.
Eg har også fått med meg at Krakatit skal vere ganske spesiell, brukaren "Michaela" på Goodreads seier det slik:
"The first twenty pages or so is like reading how "Scream" by Edward Munch feels like. And then it gets weirder and more confusing."
Vi får sjå, eg kjem nok til å prøve-lese litt før eg eventuelt bestemmer meg for å lese den. Og den er uansett på 3.-plass over bøkene eg har i tankane, så det er slett ikkje sikkert at eg nokon gong kjem dit.
Har lest åtte bøker i mars, det er over normalen for mitt vedkomande. Ingen seksarar for meg heller (eg legg terskelen høgt), men tre femarar: Mønsteret Rakner (Chinua Achebe), En halv gul sol (Chimamanda Adichie) og Peer Gynt (Henrik Ibsen).
Skal eg plukke ut ei enkelt ei som den beste denne månaden, må det bli Peer Gynt.
Kapittel 11: Mora ser eit bilete av to alvorlege menn hand i hand i ein åker, med ein høygaffel, og synest det var eit morosamt bilete. Eg forstod med ein gang, før sonen forklarte det, at det måtte vere ein variasjon over motivet i dette maleriet,
American Gothic (sjølv om eg ikkje hugsa namnet), og tykte også at det var ein morosam vri.
Men det blir etter kvart klart at mora ikkje kjenner til det opphavelege maleriet, og då er det litt mindre klart for meg kvifor ho tykte det var morosamt. Enno rarare tykkjer eg det er at sonen, som kjenner det opphavelege maleriet, IKKJE synest det er morosamt. Merkelege folk, desse to, eg forstår meg ikkje heilt på dei.
Forresten så har eg prøvd å google fotografiet som skildrast i boka, men har så langt ikkje klart å finne noko som passar heilt. Er det nokon som veit om biletet faktisk finnest, eller om det er eit produkt av Haugerud sin fantasi?
Det er ganske påskestille i tråden her no, ja. Sjølv les eg eit kapittel no og då, har passe progresjon i forhold til å bli ferdig med del 1 litt før påska er over.
Karel Čapek stend på lista mi over forfattarar eg skal lese noko av i løpet av dei nærmaste åra. Salamanderkrigen. R.U.R og Krakatit er bøkene eg har i tankane. Har du lest noko anna av han enn Salamanderkrigen?
Forøvrig stokkar Nygårdshaug orda her. "Avsverge" tyder å nekte for noko under eid. Han kunne ha nytta anten "sverge" eller "avlegge", men blanda saman desse to til noko som tyder det motsatte. Vittig.
De blandet set med turistene, med bleke engelskmenn som dekket til sin sarte hud med mønstrede tweed-pledd, med rødgrillede skandinaver som med stort hell etterhvert lyktes i å få en brunfarge som kunne skjule deres opprinnelige herkomst om de også hadde vett til å farge håret, med tøylesløse italienere som moret seg med å skvette vann på familiens overhode; oldefaren som stadig hadde overoppsyn med resten av familiens fireogtredve medlemmer, og med snørrhovne, tertefine franskmenn som forsøkte å opprettholde et ry av intellektualitet ved å svømme rundt i bassenget mens de leste tekster av forlorne filosofer som Auguste Comte, Sartre og Simone de Beauvoir.
Mino fulgte tryllekunsten med store øyne.
"Kom hit," sa Isidoro, "så skal jeg vise deg hvordan det går an. Men først må du avsverge den store magikereden. Det betyr at du ikke kan røpe overfor en levende sjel hemmeligheten med kunsten. Skjønner du det?"
"Nei," svarte Mino, og fortsatte: "Har du avsverget magikereden, señor Isidoro?"
"Selvfølgelig, din lømmel!"
"Hvordan kan du da røpe kunsten til meg? Er ikke jeg "en levende sjel"?" Mino så alvorlig på magikeren.
Isidoro holdt seg for magen og lo. Han lo så han trillet bakover på ryggen. "Du - du," hikstet han. "Du er litt av en skarping, gutt. Logisk, kan man vel nesten si. Jo, jo, ser du, det har seg slik: Magikerkunst kan læres bort, men bare til magiker-lærlinger. Vil du bli magiker-lærling?"
Mino nikket ivrig.
"Muy bien, da får vi ta magikereden."
Har konfirmant sjølv i år, skal ikkje sjå bort frå at eg nyttar høvet til å rappe (stele, altså, ikkje etterape den populære musikkforma) eit eller fleire av dei gode forslaga i denne tråden.
Jau, eg ser sjølvsagt at eksemplet du trekker fram blir fryktelig unyansert ved at forfattaren tilsynelatande generaliserer sine opplevingar til å gjelde heile kontinentet.
Likevel, når eg er i Brasil så ventar eg ikkje at brasilianarar eg ikkje kjenner skal sjå meg som nordmann, dei fleste ser meg som "gringo" eller som europear. I dei tilfella nokon dristar seg til å gjette på land så er det Tyskland som oftast kjem opp. Heilt uproblematisk, eg ventar på ingen måte at "mannen i gata" skal vite kva som eventuelt skil Norge ifrå andre eurpeiske land.
Vidare er eg usamd med deg i at det er meiningslaust å snakke om "min norske oppvekst". Det vil sjølvsagt avhenge av kontekst. Kvar person har sin unike oppveksthistorie, og min historie har sjølvsagt meir til felles med dei som vaks opp i same region enn med dei som vaks opp i andre delar av landet. Men det vil likevel vere fellestrekk ved oppveksten som fleirtalet som veks opp i Norge i eit gitt tidsrom vil kjenne seg igjen i. For min eigen tidsepoke er nokre av fellestrekka skulepensumet, TV-underhaldninga, populærkultur, skulemusikkorps og campingtur.
Det er vel ikkje verre enn at vi i andre verdsdelar blir omtalt som europearar? Sjølv har eg ingen problemer med dette.
På den andre sida så åpnar han jo ved denne samanlikninga, om enn kanskje utlisikta, for at det ikkje er så stor grunn til å bli paff.
No veit eg lite om kva som stend av tekst i desse bøkene, heller ikkje om det finnest spesielle under-målgrupper innanfor kategorien "voksne". Men det finnest faktisk voksne som ikkje les engelsk, og som heller ikkje evner å bestille bøker via nettbutikk. Derfor er eg litt nølende til å bifalle påstanden om at det er unødvendig.
Beklager dersom eg tek opp att noko som eventuelt har vært foreslått i ein annan tråd, men kva med skriving? Du er jo ganske velformulert her på bokelsker-sidene, kunne du ha muligheiter til å skrive deg ut av keisemda? Eg forstår jo at med svimmelheitsanfall og for alt eg veit andre plager så er det meir krevende å skrive på eit større prosjekt enn det å poste innlegg på eit diskusjonsforum. Men med ein plan, og dersom ein tek det i små etapper, så kanskje?
Eg heldt på å leite meg ihjel etter pisangar i teksta, meiner det var nevnt 4-5 plassar i boka men det var grisevanskeleg å finne det igjen. Men endelig, på slutten av kapittel 16 (ca 1/2 side før slutten):
"... annenhver dag står en flokk kvinner fra avsidesliggende landsbyer utenfor kasernene med jams og pisanger og frukt til soldatene."
Kokebananar kjenner eg godt frå Brasil. Ein favoritt til morgon- eller kveldsmåltidet. Lokalt kallast den "banana-comprida" som blir "lang-banan" på norsk.
"Olanna danser akkurat som hvite folk!" sa Mama Oji og lo. "Rumpa hennes rører ikke på seg i det hele tatt!"
God helg!
Eg kjem til å lese litt i lesesirkelboka Hva jeg betyr, kan hende finn eg på å skravle litt om den her på sidene også. Men for ikkje å kome for langt i forhold til leseplanen så kjem eg nok ikkje til å lese meir enn eit par-tre kapittel i løpet av helga.
Derfor har eg i tillegg funne fram Gert Nygårdshaug sin Mengele Zoo, boka som lenge leia avstemminga for Nn3 i lesesirkelen. Eg har ikkje kome så langt enno, så eg har ikkje fått danna meg eit ordentleg inntrykk enno av kor godt eller dårleg eg liker den. Men eg gjeng ut frå at eg kjem ganske langt i den før helga er over.
Så er det vel på tide å bruke litt tid på å stelle litt rundt huset, det ser ganske ille ut etter vinteren. Blir nok ei økt eller to med rydding og hagearbeid. Kanskje får eg også tid til å setje opp ein hundegard, vi har hatt ei provisorisk løysing hittil som ikkje held mål når hunden begynner å bli stor. Vi får sjå.
Kapittel 2 opplevede eg som ein liten nedtur, og var redd det skulle setje standarden for resten av boka. Eg tenker spesielt på den dårlege stemninga mellom mor og son, som eg tykte blei oppkonstruert og lite truverdig. Heldigvis tok boka seg veldig opp i det neste kapittelet, og ved halvlest første del så er eg nøgd med valet.
Apropos kapittel 2, så er der jo ei skildring av ein diskusjon i ein lesesirkel. Det fekk meg til å lure på: Når vi er ein lesesirkel som les ei bok om ein lesesirkel, er vi då ein meta-lesesirkel?
Og hovudrolleinnehavaren er eit Panasonic NV-GS280.
I følge denne sida blei det lansert i 2006. Boka kom ut i 2011, og det stend at kameraet hadde vært ubrukt i 3-4 år. Dette tek eg som ein indkasjon på at forfattaren la historia til notida, dvs rundt 2010.
Det som forvirrar meg litt er at folk ikkje har mobiltelefonar (i alle fall ikkje i dei 3 første kaptila). Fram til eg sjekka ut kameramodellen, trudde eg at historia var lagt til seint 1980 eller tidleg 1990-tal.
Kanskje ... men "mange herrens år siden" er i klasse med "manns minne", og etter mine erfaringar vil eg anslå "manns minne" til å vere omlag 2-3 år.