Forfattaren Chinua Achebe, som var av Igbo-folket i Nigeria, tek lesaren med til ein Igbo-landsby i tida rett før koloniherrane gjorde sitt inntog i distriket. Ein får kjennskap til ein del av dagliglivet, skikkane og tenkesettet, på godt og vondt, i landsbyen. Hovudpersonen er Okonkwo, ein dyktig jordbrukar og fryktlaus krigar, som strevar etter det ein undre andre omstende kunne ha kalla «den amerikanske draumen». Faren hans var nemlig lutfattig, i alle fall på materielle goder, og Okonkwo jobbar hardt for å løfte seg og familiens sin i landsbyen sin rangsstige, og han drøymer om å bli ein av leiarane i klanen.
Boka er delt i 3 delar, den første og lengste tek føre seg landsbylivetfør koloniherrane gjorde seg gjeldande. Dette er etter mitt syn den beste delen. I del to er Okonkwo og familien i eksil frå landsbyen, og i del 3 er dei attende i landsbyen der misjonærane sine aktivitetar er i ferd med å endre stammesamfunnet. Dei to siste delane blei litt for skjematiske, og dette er hovudgrunnen til at eg ikkje trilla høgaste terningkast på denne boka.
Eg nevner skikkar og tenkesett på godt og vondt i det første avsnittet. Achebe legg fram både tiltalande og sjokkerande grusome skikkar i landsbyen. Dette gjer han på ein nøytral og likefram måte, utan å ta stilling til om det var gode eller dårlege skikkar. Brilliant gjort. Men det åpnar også for eit moralsk dilemma. Er det rett å gripe inn for å endre eit slikt stammesamfunn, eller ville det vere rettast å halde seg unna og la stammefolket vere i fred. Uansett kva ein gjer eller ikkje gjer, er det vanskeleg å unngå at det blir feil på ein eller annan måte.
Dette er så langt eg kan hugse den første boka eg har lest av ein afrikansk forfattar. Det gav meirsmak. Eg las boka saman med deltakarane i kjell k sin lesesirkel, der det var mange og interessante diskusjonar undervegs.
Eg foreslår at ved stemmelikheit i valomgang 2 så tildelast lesesirkelstyraren ei dobbeltstemme.
Det er ikkje ordentleg helg før eg har sett helge-tråden din!
Det er meldt strålande ver, så det må bli ein tur til fjells med ski & hund minst ein av dagane.
"Til fjells" høyrest voldsom ut, i praksis tyder det at eg køyrer så langt at opp at eg finn snø, og finn ei løype på nokre kilometer som eg kan gå i.
Det er jo også VM i skiskyting for tida, stafettar og fellestart no i helga. Må sjå.
Eg held også på med ei bok av Chimamanda Adichie, En halv gul sol. Den var på leseplanen min for våren uansett, men det passa ekstra godt å ta den i forlenginga av felleslesinga av Mønseret rakner. Har kome ca 1/3 ut i boka, og liker den veldig godt. Tviler på at eg blir ferdig med den i helga, målet er å lese den ut før eg skal på jobbreise onsdag neste veke.
Så har eg 3 bøker som eg har lest ut, men som eg ikkje har skrive omtale av enno. Eg kjem nok til å setje av litt tid til å fikse dette i løpet av helga.
God helg!
Det skjedde mykje dei siste 5 minutta. Artig at fleire av velgarane er på hugget med taktiske endringar.
Tidenes jevneste slik det ligg ann nett no (torsdag kl 13:18). Av dei 10 bøkene så er det tre bøker som har 3 stemmer, seks bøker har 4 stemmer, og Mengele Zoo er hårfint i tet med 5 stemmer.
Herren var litt gal, han hadde bodd for mange år i utlandet og lest for mange bøker, han snakket høyt med seg selv og svarte ikke alltid når man hilste på ham, og hadde for mye hår.
En halv gul sol av Chimamanda Adichie
Eg prøvde å halde augene åpne etter tidsmarkørar medan eg las, altså gjenstandar eller hendingar som gjer at ein kan plassere boka sin historie i tid. Den einaste gjenstanden eg fann var sykkelen, eller jarnhesten, til den første misjonæren som vitja denne delen av Igbo-land.
Den moderne sykkelen med kjededrift blei utvikla på slutten av 1880-åra (får håpe misjonæren ikkje vagla seg rundt på ein velte-petter), ein må tru det gjekk litt tid før vidundera vart alminneleg tilgjengelege. Derfor tenker eg at denne hendinga med misjonæren må ligge etter 1890.
Ein annan tidsmarkør kjem når misjonæren Brown diskuterer religion og styresett med Akunna i kapittel 21. Her får vi vite at Brown sitt verdslege overhode er ei dronning. Det må vere dronning Victoria, som døydde i 1901. Dermed skulle tidfestinga av hendingane vere nokonlunde grei.
Knakande god oppsummering, Rolf. Og eg tykte som deg at skiftet i perspektiv på dei siste linjene i boka var beint fram genialt.
Eg kan vere samd i at den norske tittelen stend meir presist til innhaldet i boka, og eg presiserer også i innlegget mitt at eg ikkje synest det er nokon dårleg tittel, tvert imot.
Det eg egentlig lurte på, og som "drukna" litt i innlegget mitt, er om Yeats sitt dikt finnest i norsk oversetjing, og om det er frå den norske oversetjinga at tittelen er henta. Det var slik eg kom inn på tanken om at oversetjinga er upresis, for eg tykte ikkje "mønsteret raknar" passar særleg godt inn i diktet.
Og det var jo litt kjekt at En halv gul sol åpnar med eit sitat frå eit dikt av Chinua Achebe;
Today I see it still -
Dry, wire-thin in sun and dust of the dry months -
Headstone on tiny debris of passionate courage.
Nytt profilbilete du også? Populært med dyremotiv for tida!
Eg tipper det er tilfeldigheiter som gjer at forslaga hittil er bøker av norske forfattarar. Så eg synest ikkje du skal avgrense tankeverksemda til den nasjonale litteraturen.
Resirkulering er jo i mange samanhengar eit prisverdig tiltak, så eg resirkulerer forslaget mitt frå førre runde i Nn-kategorien;
Eg nominerer herved Gulldronning, perledronning av Margaret Skjelbred, som har fått mykje god omtale her inne. Ut frå det eg har lest om boka så trur eg det kan bli gode diskusjonar omkring den. Så håper eg at ikkje "alle" har lest den frå før ...
Du er ingen keiser; du er en løk.
Nu vil jeg skalle deg, kjære min Peer!
Det hjelper ikke enten du tuter eller ber.
(tar en løk og plukker svøp for svøp av.)
Der ligger det ytre, forrevne lag;
det er havsnødsmannen på jollens vrak.
Her er passasjer-svøpet, skralt og tynt; -
har dog i smaken et snev av Peer Gynt.
Innenfor her har vi gullgraver-jeget;
saften er vekk, - om det noen har eiet.
Dette grovskinn her med den hårde flik,
det er pelsverksjeg'ren ved Hudson vik.
Det innenfor ligner en krone; - ja takk!
Det kaster vi vekk uten videre snakk.
Her er oldtidsgranskeren, kort men kraftig.
Og her er profeten, fersk og saftig.
Han stinker, som skrevet står, av løgne,
så en ærlig mann kan få vann i øyne.
Dette svøpet, som rulles bløtaktig sammen,
det er herren der levet i fryd og gammen.
Det neste tykkest sykt. Det har svarte streker; -
svart kan ligne både prest og neger.
(plukker flere på en gang.)
Det var en ustyrtelig mengde lag!
Kommer ikke kjernen snart for en dag?
(plukker hele løken opp.)
Nei-Gud om den gjør! Til det innerste indre
er alt sammen lag, - bare mindre og mindre.
Være seg selv på grunnlag av gull,
det er som å bygge sitt hus på sandet.
For ur og for ring og for alt det annet
logrer de godtfolk og kryper i muld;
de løfter på hatten for brystnål-kronen;
men ring eller nål er jo ikke personen. -
Profet; se det er en klarere stilling.
Da vet man dog på hva fot man står.
Slår man an, så er det en selv som får
ovasjon, og ei ens pundsterling og shilling.
Man er hva man er, foruten snakk;
man skylder ei slump eller tilfelle takk,
og støtter seg ei til patent og bevilling. -
Profet; ja, det er noe for meg.
Dovregubben: ...
Koen giver kaker og oksen mjød;
spør ei om den smaker sur eller søt;
hovedsaken er, det får du ei glemme,
den er brygget her hjemme.
Når ein skriv om fjerne stadar utelukkende basert på kartoppteikningar og fragmentarisk informasjon må ein nok dikte litt. Så eg les ikkje denne boka som ei rein faktabok. Eit anna døme, om Påskeøya skriv ho: "Det vokser ikke et eneste tre på denne øde ø".
Neivisst:
(bilete frå Google maps)
Jaudå, eg er klar over at øya kan ha vært heilt utan tre på eit tidspunkt og at desse som vi ser på biletet kan vere planta seinare, men likevel.
Men boka er på ingen måte nokon nedtur, og eg håper ikkje at merknadane mine er utslagsgjevande i forhold til korvidt du kjem til å lese boka. Skulle du vere i tvil, så er det mulig å bla igjennom dei første sidene på Forlaget Press sin internettstad.
Den hvite mannen er svært dyktig. Han kom stillferdig og fredelig med religionen sin. Vi moret oss over hvor tåpelig han var og lot ham bli. Nå har han vunnet brødrene våre, og klanen vår kan ikke lenger handle som en enhet. Han har satt kniven på det som holdt oss sammen, og nå rakner hele veven vår.
"Verden er stor," sa Okonkwo. "Jeg har til og med hørt at i noen stammer tilhører en manns barn hans kone og hennes familie."
"Det kan vel ikke være sant," sa Machi. "Da kunne du like gjerne si at kvinnen ligger oppå mannen når de lager barn."
Den engelske tittelen, Things fall apart, er henta frå diktet The second coming av W.B. Yeats (som eg ikkje kjenner til anna enn at eg kan hugse å ha høyrt namnet før ..), og peikar såleis mot apokalypse. Eg oppfattar samanbrotet av stammesamfunnet som apokalypsen i denne samanhengen.
Byrjinga av diktet gjeng slik:
Turning and turning in the widening gyre
The falcon cannot hear the falconer;
Things fall apart; the centre cannot hold;
Mere anarchy is loosed upon the world,
Grunnen til at eg tek opp dette, er at eg oppfattar Mønsteret rakner som ei ganske upresis oversetjing av originaltittelen. Men eg har begynt å lure på om Yeats sitt dikt er oversatt til norsk, og om "Mønsteret rakner" er frå ei oversetjing av den aktuelle verselinja.
Forøvrig er det jo ganske eksplisitt forklart i kapittel 20 og 21 kva slags mønster som raknar, og eg seier ikkje at det er nokon dårleg tittel på boka, for det er det ikkje. Men eg held fast ved at det er ei upresis oversetjing av originaltittelen (men med skam å melde har eg ikkje noko betre forslag).
Det var visst ikkje berre i Vest-Afrika at dei fann ut av dette med gjærande palmesevje. Frå Atlas over fjerne øyer av Judith Schalansky, side 98, om Påskeøya:
"En gang vokste kjempepalmer tett i tett på øya; ingen vet lenger hvor høye de var. Fra stammen fløt en saft som gjæret til honningsøt vin, ..."