Grei krimbok frå Svalbard-kjennaren Monica Kristensen. Ei lita jente forsvinn frå barnehagen Kullungen i Longyearbyen, og sysselmannsbetjent Knut Fjeld og kollegaane hans freistar å nøste opp i kva som har skjedd. Undervegs får lesaren kjennskap til ekteskaplege problem i nærmiljøet til den forsvunne jenta, til diverse kriminell verksemd i Longyearbyen, til gruvedrift, og ikkje minst til dei audslege og krevjande forholda på øya.

Knut Fjeld er hovudpersonen i Kristensen sine krimbøker frå Svalbard, det er vel 5 i talet, dette er den andre eg les (har lest Den døde i Barentsburg tidlegare). Men Fjeld tek ikkje mykje plass i denne boka, Kristensen let fleire av kollegaane hans få sleppe til.

Det beste med boka er forteljarteknikken. Det er korte kapittel, men dei kjem ikkje i kronologisk rekkefølge. Måten Kristensen flettar desse tidsspranga saman til ei historie på er noko av det beste eg har sett (eller lest) av henne. Inngåande kjennskap til forholda på øya er heller ingen ulempe, Kristiansen har sjølv bodd der i lange perioder og er godt kjend med geografien og samfunnet. Spesielt skildringane av korleis enkeltmenneske reagerer på einsemda, isolasjonen og dei barske forholda er særs gode.

Når alt det andre er såpass bra, skulle eg ønske at sjølve historia var eit par hakk betre. For historia var ikkje all verdens, plottet var av det enkle slaget. Det blei etter kvart lite spaning, og sjølv om slutten var grei nok så sat eg att med ei kjensle av at ho kunne ha gjort meir ut av den. Men trass desse svakheitene var boka underhaldande og leseverdig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei samling av tre kortromanar frå den finske forfattaren Aino Kallas. Kallas gifta seg med ein estlendar, budde mange år i Estland, og tilfanget til mange av bøkene sine fekk ho igjennom gamle estiske historier. Slik er det også med historiene i denne boka, som er basert på hendingar frå 1500- og 1600-talet.

Felles for dei tre kortromanane er at dei handlar om menneske som på ein eller annan måte bryt med normene i samfunnet, og må lide for det. Ein kan vel til ein viss grad seie at Kallas stiller opp motsetnadar mellom natur, kjærleik, overtru og mørkemakter på den eine sida, og kristendom,samfunnsnormer og øvrigheita på den andre sida. Noko eg stussa litt over er at historiene knapt nok involverer etniske estlendarar, eller «ikkje-tyskerar» som dei konsekvent blir omtala som i boka, men at persongalleriet i stor grad er av utanlandsk ætt.

Av dei tre historiene i boka, «Barbara von Tisenhusen», «Presten i Reigi» og «Vargbrura» tykte eg dei to siste var klart betre enn den fyrste, og skal eg velge ut kva for ei som var best så blir det nok «Presten i Reigi» med knapp margin. Men alle forteljingane gjorde inntrykk, dette er god forteljarkunst.

Språket er i ein divisjon for seg sjølv. Eg veit ingenting om den språklege stilen i originalverket, men oversetjaren Liv Hatle har valt ein gamalmodig nynorsk som stend særs godt til stemninga i historiene. Berre unntaksvis er det fraseringar som bryt med denne stilen. Rett og slett ein fest å lese.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når ein les samandraget til masteroppgava så kan ein få inntrykk av at konklusjonen er at både bokelskarar, bokbloggarar og profesjonelle anmelderar anmelder like bra (og der definisjonen på "bra" er korleis anmeldarane nytar eit sett kvalitetskriterier). Men i kapittel 6.3 stend det

"Alle tre gruppene bruker i stor grad alle de forhåndsdefinerte kriteriene når de skal vurdere en bok. Dette gjelder imidlertid mellom gruppene, og ikke innad i dem. Anmelderne og bloggerne bruker vanligvis mange av dem i sine vurderinger, mens bokelskerne vanligvis bruker noen få. Dette har sannsynligvis sammenheng med at de fleste vurderingene deres er langt kortere, ofte bare innlegg i en diskusjon som har et tema som bare gjør noen av kriteriene relevante i sammenhengen."

Så på bakgrunn av dette valgte eg å nytte "langt på veg like dyktige".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For Keelingøyene s. 54 så gir Schalansky eit stemningsbilete frå Darwin sitt besøk på atollet. Men det var ei opplysning på tidslinja for historia til øya som fanga merksemda mi; stridigheiter mellom dei to første busetjarane på øya 1826-31. Eg måtte slå opp i wikipedia, og denne historia var langt saftigare enn Darwin-vitjinga..

Her er greia; skotten John Clunies-Ross svinga innom den folketome øya i 1814, og bestemte seg for å kome att seinare for å busetje seg. I mellomtida hadde ein engelskmann, Alexander Hare, flytta inn på øya saman med eit harem av 40 malay-damer. Snakkar om tiltak. Clunies-Ross blir sjølvsagt sur når han seinare dukkar opp og finn at nokon andre har tatt øya, og når sjømennene på Clunies-Ross sin båt stikk av med damene til Hare så blei vel Hare også ganske misnøgd, og det endte med at sistnevnte strauk sin kos.

Ja ja, Hare, det var nok for godt til å kunne vare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har ikkje lest noko av Vonnegut enno, men etter å ha lest tipset ditt rykkar denne nokre hakk oppover på bøker eg skal vere på utkikk etter.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Steinar Olsen la seg på sofaen og sov i noen timer, men ved nitiden ringte han personalkontoret og sa at han var syk. Mageproblemer, vondt i hodet, tette bihuler, vondt i halsen. "Du kunne klart deg med halvparten av de symptomene," sa hun kaldt, hurpa som hadde tatt telefonen. "Kanskje vi like gjerne skal bestille krans?"

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg var i Trondheim ein snartur i veka, og fekk tid til å springe bakom domen på Mummi-jakt. Ein del av den aktuelle veggen er kledd inn for restaurasjonsarbeide, som de kan sjå:

skriv bildebeskrivelse her

Men rett til venstre for det innkledde partiet, rett under taket på tverrskipet av tverrskipet, er det ei rad med det eg oppfattar som dyrefigurar (ikkje alle er med på biletet):

skriv bildebeskrivelse her

Kan det ha vært desse du hadde i tankane? Eg såg ingen som eg oppfatta som 100% Mummi-like, men kanskje er det denne krabaten, heilt til venstre i biletet over, som er likast?

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sidan du nemner "seriøse fotobøker" så kom eg på ei eg har i bokhylla mi som nok kvalifiserer til den motsatte merkelappen, "useriøs".

Sex & Drugs & Rock & Roll er ei samling foto, til ein viss grad tematisk gruppert, av rockestjerner i meir eller mindre kompromitterande situasjonar. Fyll, rølp og galskap over ein lav sko. Vekselvis morosam og vemmeleg. Til inspirasjon for den som vil leve opp til myten om Rock&Roll-livet, og til ettertanke for resten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det skal bli godt med helg, ja.
Det stend att ca 20 sider av lesesirkelboka Mønsteret rakner, eg tipper eg blir ferdig med denne i kveld. Eg er også over halvvegs i Atlas over fjerne øyer og i Peer Gynt (eg meiner sjølv at eg er brukbart dyktig til å lese variert), og kjem truleg til å bli ferdig med desse også i løpet av helga, med mindre forkjølinga eg slit litt med nett no set meg såpass ut at eg ikkje orkar å lese noko særleg.

Neste bok ut blir En halv gul sol av Chimamanda Adicihe, eg har hatt den ulest i bokhylla ei stund og det passar veldig bra å ta den i forlengelsen av Mønsteret rakner sidan begge bøkene handlar om den same folkegruppa i Nigeria. Gleder meg litt ekstra til denne.

Søndag er det vel klart for ny tråd i lesesirkelen med nominasjon av ei bok i kategorien nyare nordisk. Eg er 80% sikker på kva mitt forslag kjem til å bli, og det skal bli moro å sjå kva dei øvrige foreslår.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Harald var født og oppvokst i Harstad, men kunne snakke minst like bredt som han Jon fra Gryllefjord om bord i "Polarjenta". Det hørte med til yrket.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det ballar fort på seg, ja. Men eg set nok mellombels på bremsene for Nigeria etter En halv gul sol. Får heller pense inn på det sporet igjen ved eit seinare høve.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På ingen måte for aktiv. Du er nok berre mellombels offer for ein merkeleg feil på sidene.

Forøvrig lo eg godt av det andre svaret ditt lenger nede. Heime hjå oss er det også alltid eg som får det siste ordet i ei ordveksling. Og det gjeng slik: "Javel, kjære".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er to kokospalmer i hagen til huset vi bor i medan vi er i Brasil .... No må eg nesten forhøyre meg om det er tradisjonar for å tappe sevje av palmene i denne delen av landet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kjem til å ta fram En halv gul sol så snart vi er ferdige med Mønsteret rakner. Tør ikkje å lese dei samstundes, i tilfelle nokon av personane i dei to bøkene har liknande namn, og eg byrjar å blande saman persongalleria i dei to bøkene.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har lagt merke til det same. Mariann Rygh Kvinlaug, for eksempel, kjem for tida ikkje opp på Sist sagt på mi vising av bokelskere.no.

Ein annan ting eg har lagt merke til tidlegare, er at enkelte gamle innlegg brått poppar opp på nytt på Sist sagt. Men det er nokre månadar sidan sist eg la merke til noko slikt.

Ja ja, det skal ikkje vere enkelt. Men stort sett så fungerer jo sidene eksemplarisk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Schalansky leverer flotte historier og anekdoter til kvar av dei 50 øyane i denne boka. Stort sett overbevisande fortalt. Men for Bjørnøya glepp det med ein av detaljane:

" ... dampskipet Strauss ankommer Sørhamna på Bjørnøya klokken to om morgenen 30. juni 1908. Ombord er syv fuglekikkere [...] Hans Freiherr von Berlepsch, grunnleggeren av Fuglebeskyttelsen, står på dekk. [.... ]Taust står han og lytter i mørket, ..."

Høyrt om midnattsol, Schalansky?

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Så flott profilbilete! Er det Maykita?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For ikkje å snakke om 3 svigermødre ... men desse høyrer vi jo lite om.

Det slo meg forøvrig at når ein først skal halde seg med 3 koner, så virker det jo fornuftig å ha ei hytte til kvar av dei. Det ligg nok ein del prøving og feiling bak før ein fann fram til dette konseptet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Men kvar skal du gjera av kjærleiken, du menneske født av ei kvinne, når han kjem med all si tyngd? Vil du stengje honom inne i eit muslingskal og kasta det på havsens djup?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men når himmellekamane, som alt frå skapinggsstunda er tenkte til å fylgja faste krinslaup, gløymer lovene sine og endrar skapnad, kva skal ein då tru om manneætta som støtt har hatt ein vaklande hug?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ChristofferHeidiBjørg Marit TinholtsomniferumStig TKirsten LundBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Jan-Olav SelforsLinda RastenNorahLeseaaseBjørg L.Tine SundalAgnesVannflaskeHarald KHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienJoakimVibekeLene Andresen