Kulturen rundt fotobøker er liten i Norge, og det er sjeldan eg ser kritikk av fotobøker, Men fotoboka er ei svært særeiga uttrykksform, og som kjend har Tomas Espedal nyleg gitt ut ei, og forsøkt å fronta sjangeren litt. Elles har ein Knausgård sitt samarbeid med Thomas Wågström som har resultert i fotoboka Nakker, samt Alt som er i himmelen, som eg har omtalt her. Dette er vel dei mest populært kjende døma på det som litt flåsete kan kallast den seriøse fotoboka (eller fotoboka som kunstverk, kanskje). Elles har kanskje somme hørt om Andrea Gjestvang si sterke bok om Utøya-ofra.

Fotobok er også ein type bok som i større grad enn den gjengse roman tar inn over seg at ho er eit taktilt objekt, altså ei bok på papir, og ikkje noko digitalt. Blainga i ei fotobok, det umiddelbare og det langsame, samanstillinga og alt dette her som ein får ved å bla fram og attende i ei bok er ofte svært gjennomtenkt. Kort sagt meinar eg fotoboka ofte tar inn over seg bokformatets eigenart i større grad enn andre typar bøker. Det vert jobba med papirtype og trykkvalitet i større grad, og så vidare.

Då eg flytta til Oslo frå Bergen hadde eg håpar Deichmanske bibliotek var betre på foto enn Bergen offentlige, men førebels verkar det motsette å vera tilfelle. Eg som trudde det stod ille til i Bergen, vel … .

Uansett er det underleg for meg kor lite interesse det er å spore for denne sjangeren. Kanskje det går på biletkompetanse, eg veit ikkje, men vi er jo alle omgitt av fotografi på alle moglege måtar, så det er pussig at så få er interesserte i å få eit meir medvite forhold til det. Det er låg terskel for å opna ei fotobok, og fort gjort å kikke gjennom fleire for å få overblikk, så eg tenker meg det er ein kombinasjon av interesse og manglande formidling som gjer det så smalt som det er. Eg tviler ikkje på at det vert produsert fleire bøker om korleis ein fotograferer enn det vert produsert gode fotobøker. Og dermed vert samtalen om fotobøker ofte halde til akademia, og eit snev entusiastar innanfor amatørfotograf-miljøet, noko som ikkje er heilt heldig.

Men om nokon har lese heilt ned hit, så sit dei kanskje inne med eit tips om ei god fotobok?

PS: Eg må forresten også nemna Frode Grytten som ein formidlar av fotoboka i Norge, han har også samarbeidd med fotograf Jens Hauge.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 8 svar.

Hva med denne fra Svalbard?
Hvis det er slike bøker du tenker på finner du mange tilsvarende ved å klikke på forfatter navnet!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tips, men eg trur ikkje linken virkar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Beklager!! Denne da??

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Aha, ja dette er nok det mange forbinder med fotobøker, ja. No tar eg dette basert på coverbiletet åleine, men denne typen bøker er nok meir i sjangeren turistbrosjyre i bokform enn fotobok.

Det er nok vanskeleg å definera fotoboka og eg trur det er flytande grenser, men eg tenker at det må vera ein kunstnarleg nerve eller vilje og lite eller ingen tekst. Eit døme er Fast City av Morten Andersen, som faktisk kan sjåast gratis her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skjønner hva du mener! Ja, det er nok turist bøker, men mange flinke fotografer!!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg skal ikkje tvila på at fotografane er flinke. Malarane som malar veggane i kunstgalleria kvite er også flinke. ;-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sidan du nemner "seriøse fotobøker" så kom eg på ei eg har i bokhylla mi som nok kvalifiserer til den motsatte merkelappen, "useriøs".

Sex & Drugs & Rock & Roll er ei samling foto, til ein viss grad tematisk gruppert, av rockestjerner i meir eller mindre kompromitterande situasjonar. Fyll, rølp og galskap over ein lav sko. Vekselvis morosam og vemmeleg. Til inspirasjon for den som vil leve opp til myten om Rock&Roll-livet, og til ettertanke for resten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for tips. Kjenner ikkje til boka. Det let som om det er fotografiets ekvivalent til den tematisk orienterte diktantologien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Lisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild S