Weber fulgte Harry inn i gangen hvor en ung betjent stod og så seg i speilet over telefonbordet.
"Nå, Moen, ser du tegn til intelligent liv?" spurte Weber syrlig.
"Deilig å komme seg ut av Oslo-lufta, tenker jeg," sa Bertelsen.
Harry fisket frem sigarettpakken.
"Enda deiligere å komme seg ut av Skienslufta, vlle jeg tro."
Etter hoppkonkurransen, sjølvsagt.
Eg også. Det vart eit skikkeleg dilemma i dag, lese ferdig boka eller følge med på TV-sporten? Greidde begge deler, sikkert til ein viss irritasjon i den øvrige husstanden. Får gi dei litt meir merksemd resten av dagen.
Audå! Du får legge litt av skulda på meg som starta denne tråden.
Skulle det vere nokon lesarar som ikkje har fått boka enno, eller som bestemmer seg i siste liten for å henge seg på, så kan det vere greit å nemne at boka er å finne på Nasjonalbiblioteket sine sider.
(Det er forøvrig eit skanna eksemplar frå Velfjord Folkeboksamling, eg måtte slå opp på wikipedia for å finne ut kvar dette er)
Kvalp?
La meg først få tillate meg å vere så pedantisk at eg protesterer på nummereringa av bøkene, Frelseren er nr 6, Snømannen nr 7.
Eg har lest bøkene i følgende rekkefølge: Kakerlakkene (2), Gjenferd (9), Marekors (5), Frelseren (6), Snømannen (7), Panserhjerte (8), Flaggermusmannen (1) og no Rødstrupe (3). Deretter kjem eg sikkert til å lese Sorgenfri (4) og Politi (10) i den rekkefølga. Eg har hatt såpass med mellomrom mellom bøkene at eg ikkje har opplevd å hugse noko frå ei "sein" bok som øydelegg noko for ei "tidleg" bok i serien.
Så må eg få nemne at eg har nok ikkje spikra leseplan fram til juli, men eg har ein omtrentleg ide om kva for bøker eg skal lese meg igjennom dersom eg skal greie det mykje omtalte målet om å kome under 10 uleste bøker i bokhylla innan den tid. Rekkefølga av desse blir nok forholdsvis impulsiv, berre eg får tenkt meg litt om.
Nei det blir nok ikkje den siste krimboka i år. Har "Sorgenfri" (Nesbø) og "Kullunge" (Monica Kristensen) på lista over bøker eg skal vere ferdig med innan utgangen av juni. Etter sommaren tipper er "Stalker" (Kepler) kjem på leseplanen, pluss minst eit par krimbøker til.
Eg har forøvrig lest dei fleste Harry Hole-bøkene no (om enn i uryddig rekkefølge), etter Rødstrupe manglar eg berre Sorgenfri og Politi.
VM er moro, men eg skal nok finne tid til litt lesing eg også. Eg har nyleg starta på årets første krimbok, Rødstrupe, av Jo Nesbø. Liker den svært godt så langt, og forstår godt at den fekk strålande omtalar i sin tid.
Så er det jo tid for lesesirkelbok, der vi skal starte på Chinua Achebe sin Mønsteret rakner. Eg skal vere disiplinert og ikkje starte på sjølve boka før mandag, men kjem sikkert til å lese forordet av Nadine Gordimer i løpet av helga.
God Helg!
Vi
Mellom to stolpar
gjeng det
ein piggtråd
(Originaltekst)
NÓS
Entre duas estacas
um fio
de arame farpado.
Frå Outdó av Fernando Fiúza, s. 13
Eg er ingen diktkjennar, men tenkte likevel at eg skulle prøve meg på ei brasiliansk samling. Denne boka fann eg medan eg leita etter samtidslitteratur frå delstaten Alagoas. Sidan språket i samlinga såg ut til å vere overkomeleg, så gav eg den ein sjanse.
Dei fleste av dikta er korte og enkle. Mange av dei sklir nesten over i det banale. Innimellom så er der også referanser til stadar, personar eller fenomen som eg ikkje har noko forhold til, så for ein liten handfull av dikta gjekk eg nok glipp av poenget. Men stort sett var det triveleg lesing. Nokre få av dei kvalifiserer som gullkorn.
Eg likar best dikt som har rim og rytme, noko som var til stades i knapt halvparten av dikta. Mange av dei inneheldt også ein del leik med ord, enten ved å spele på dobbelttydingar av orda eller ved å ramse opp ord med fonetiske likskapar. Eit par av dikta var også dedikert til den 1 år gamle dattera til forfattaren, desse var veldig søte.
Så vidt eg kan bedømme er ikkje dette stor lyrikk, men heilt greit til moro og til ettertanke. Og glimrande øving i portugisisk for ein lesar som meg.
Måsar
Papirkrullane på golvet
ved bordet der eg skriv
er kvilande måsar
som flaug feil
(Originaltekst)
GAIVOTAS
As bolinhas de papel no chão
ao pé da mesa onde escrevo
são gaivotas pousadas
que erraram o voo.
Dylan! Han blei jo ein truande kristen etter kvart, kanskje skuldast det ei slags voodoo-påvirkning frå salmesangen under sandalane til statua hans?
Eg trudde også at eg var ferdig no. Men så ser eg at det er mange som har bestilt ei bok som eg ikkje har festa meg ved tidlegare, Atlas over fjerne øyer, og etter å ha bladd litt i den på forlaget sine sider så er det stor fare for at eg kjem til å bestille denne også.
Ja, då er du jålete og dum. Men skal ein først vere jålete og dum så finnest det mykje værre ting ein kan gjere enn å kjøpe eit sterkt rabattert prakteksemplar av ei bok som mange held fram som verdens beste (sjølv har eg t.d. kjøpt ein mykje større og finare bil enn vi har bruk for, og den varer nok mykje kortare tid enn denne boka).
Så eg held med husbonden, køyr på. Skulle du vere i tvil, og du ikkje bor alt for langt unna ein bokhandel med mammutsal-utvalet, så kan du jo stikke innom og kjenne på boka. Eg vart i alle fall imponert då eg pakka den ut og fekk halde i den.
Du verden, eg bodde jo i byen i nesten eit tiår, men dette la eg adri merke til.
Hugsar du omlag kvar dei er?
Ljos
Ordet ljos
lyser ikkje opp ein kveld
lyser ikkje opp eit rom
ikkje ei bokside heller.
Det er berre ein mørk
og ordna flekk.
(Originaltekst)
LUZ
A palavra luz
não ilumina uma tarde
não ilumina uma sala
nem uma página.
É só uma mancha
escura e ordenada.
Denne boka er like mektig som skapningen den skildrar. Og ganske ulik det eg hadde venta på førehand. Eg var slett ikkje førebudd på at så store delar av boka ikkje dreide seg om sjølve kvaltoktet, men heller om faktaopplysningar og filosofiske betraktningar omkring alle tenkelege aspekt av kvalar, kvalfangst, kvalskuter og reiskapar. Men du verden så lærerikt.
Sjølve historia kunne sikkert vært komprimert til 100 sider. I korte trekk, ein mann som vil bli kalla Ismael, og som i løpet av den første fjerdedelen av boka gjeng over frå å vere hovudperson til å bli ein usynleg statist i forteljinga, tek hyre på kvalfangsstskuta Pequod. Kapteinen på Pequod, Akab, har nyleg mista eit bein i forsøket på å fange ein spesielt stor og farleg kval, Moby Dick, og er no sjukeleg oppsatt på å ta livet av nettopp denne kvalen. Det heile ender på svært dramatisk vis.
Ein kan sikkert legge mange tolkingar i historia, til dømes om kva kvalen eller dei ulike hendingane kan symbolisere, og det finnest mange utførlege analyser av boka. Sjølv las eg boka utan ambisjonar om å tolke den, og hadde likevel stor glede av den.
Det er uråd å ikkje bli imponert over Melville. Han har sjølv vært med på kvalfangsttokt, og har såleis førstehands kjennskap til temaet. Han må også ha vært ein skarp observatør, for han legg for dagen mange presise opplysningar om kvalen, og særleg om spermasettkvalen, sin anatomi og levesett som virkar å vere ukjende for akademikarar i samtida. I tillegg framstend han som ein svært lærd person (eg har inntrykk av at mange 1800-talsforfattarar la vinn på å vise seg som lærde), og virkar å vere godt orientert om kunst, filosofi og historie så vel som om vitskaplege nyoppdagingar i samtida. Til dømes diskuterer han evolusjonen av kvalen 8 år før Darwin sin «Om artenes opprinnelse» (1859) kom ut.
Får ein servert store nok porsjonar med mat så blir ein mett før tallerkenen er tom, uansett kor god maten måtte vere. Slik vart det med denne boka også, sjølv om den var kjempegod og lærerik og imponerande på alle måtar så var det akkurat litt for mykje av alt til at eg vil trille høgaste terningkast. Men ein sterk 5’er. Og nøgd med meg sjølv for å greie det Akab prøvde på, å gjere ende på Moby Dick.
En ussel vind som før dette uten tvil har blåst gjennom fengselsganger og celler og sykehussaler, og luftet ut der, og nå kommer blåsende hit like uskyldig som lammeskyer. Pokker ta den! - den er bedervet.