Her er det eg tenker om den språklege digresjonen;
Leseopplevelse er korleis lesaren opplever boka han les.
Leseropplevelse er korleis boka opplever lesaren sin.
Sidan det er høgst diskutabelt korvidt ei bok kan oppleve noko i det heile, kan ein sikkert hevde at det i utgangspunktet ikkje gjev meining å snakke om leseropplevelse. Men det er jo prisverdig å ha eit åpent sinn, og dersom ein tek høgde for at bøker har kjensler så er det trass alt ein vakker tanke at ein kan prøve å gi bøkene sine gode leseropplevelser.
Tykte det var moro å sjå at det fungerte med omdisponeringar undervegs denne gangen, altså at fleire av bokelskarane endra stemmegivinga for å betre sjansane for sin favoritt. På denne måten unngjekk vi ein ekstra valomgang.
Men eg trur eg fekk napp hjå Bokbyen ved Skagerak, i alle fall har eg lagt inn ei bestilling på Verdensbibliotek-utgåva, og den visest ikkje lenger i sortimentet etter at eg la inn bestillinga. Men dei har ei utgåve til til sals, frå Dreyers. 1966.
Forøvrig var eg på nippet til å bestille ei engelsk utgåve frå thebookdepository. Det var nok forordet til Nadine Gordimer i Verdensbibliotek-utgåva som gjorde utslaget.
Prøvde å bestille på bokbua, men etter bestillinga var sendt så fekk eg melding om at dei har ferie frå 29. januar til 9. mars. Så lenge kan eg ikkje vente ...
Eg tillet meg å heve denne tråden, i tilfelle nokon skulle synest den er vanskeleg å finne (ein må bla seg ganske langt nedover i nominasjons-tråden no før ein finn lenke til avstemmings-tråden ....)
Uffda, det høyrest ikkje godt ut. Håper på ei rask betring.
Det hardnar til i teten, no (kl 16:03) er det brått 8-8-8.
Kjem 14. juli. Kr 164,92 (med dagens kurs) på thebookdepository.com. Nokon betre?
Til de som jobber i forlagsbransjen, er det nokon som veit kva tid den kjem på norsk?
Eg er tilhengar av ein viss variasjon i bøkene som blir valt ut. Eit skodespel passar ypperleg i så måte, det har vi ikkje hatt i lesesirkelen enno.
Eg kjenner meg veldig igjen i det siste poenget ditt.
Jaudå eg kjøpte boka for nokre månadar sidan. (På sal, sjølvsagt, så egentlig sparte eg jo pengar ...) Men det var utsiktene til å ikkje kjøpe enno ei bok eg sikta til.
Resten av spørsmåla er det kanskje kjell k som burde svare på, men sidan du vil lufte dine tankar så kan jo eg lufte mine. Så får vi håpe dei ikkje er til sjenanse for nokon.
Det er jo BØKER vi nominerer, ikkje forfattarar. Derfor meiner eg det må vere heilt greit at det kjem fleire bøker frå same forfattar på nominasjonslista.
"Medlemskapet" i lesesirkelen oppfattar eg som uforpliktande. Dersom eg skal gjette (og saman med synsing er det ein av mine yndlingshobbyar) så vil eg tru at dette med å melde seg som medlem først og fremst tener som eit verktøy for kjell k til å ha ein viss kontroll på at dei som tek del i avstemminga er personar som vil vere med å lese. Ein veit jo aldri om det finnest vittigperar som vil blande seg inn i ei slik avstemming utan å ha til hensikt å vere med på felleslesing.
For min eigen del las eg dei fem første bøkene som blei valt, men så kom det 3 på rad som eg hadde lest tidlegare, og som eg derfor hoppa over. Har ikkje fått noko negative tilbakemeldingar på dette. Og no kryssar eg fingrer og tær for at neste bok blir ei eg ikkje har lest, eg er kjempeklar for å bli med igjen.
Det er ikkje meininga å vere festbrems, men det kan vere greit å nemne at det var ei felleslesing av Idioten for eit par år sidan, og der mange av lesesirkeldeltakarane var med. Derfor mistenker eg at forslaget vil sanke ein del færre stemmer enn venta.
Dersom det viktigaste målet er å få ei bok av Dostojevski på leseplanen tippar eg at sjansane blir betre dersom du endrar forslaget til ei anna av bøkene hans.
For ordens skuld, eg har ikkje lest Idioten, og eg les den gjerne dersom den blir valt.
Juhuu, denne har eg ulest i bokhylla. Heier litt ekstra på dette forslaget (i tillegg til mitt eige, sjølvsagt). Det er nok sunnmørsgenene som våknar ved utsiktene til å sleppe å bruke pengar på å kjøpe bok.
Favoritt er nok å ta litt hardt i for min del, men eg har lest Juvikfolke-bøkene og Medmenneske og likte dei godt. Dei andre du nemner har eg også tenkt å lese med tid og stunder. Den eg likte best så langt er nok "I eventyre".
Eg har fått med meg at mange synest språket til Duun er litt vanskeleg. Sjølv tykte eg det var ovekomeleg og med god margin. Det tek nokre sider å venje seg til stilen, men så gjeng resten lett.
For meg betyr det ganske lite, trur eg. Kanskje har eg vært heldig, men eg har enno ikkje opplevd at språket i bøker eg har lest har vært så mangelfullt at det har øydelagt leseopplevinga. (Men klart, sjølv eg finn av og til rom for forbetringar.) Max 1 auge i trekk i terningkastet har vel vært området eg har operert innanfor.
Så må det jo nemnast at ukorrekt språk er eit virkemiddel i enkelte bøker. Det tydelegaste eksempelet eg kan kome på i farta er En beretning om blindhet av José Saramago. For denne boka lyt ein sjølvsagt ta med i betraktninga at den hårreisande mangelen på punktum er tilsikta frå forfattaren sin side.
Som ved førre verdslitteraturavstemming er eg opptatt av å utvide horisonten utover den vestlege kultursfæra. Derfor har eg blinka ut ei bok av den egyptiske nobelprisvinnaren Naguib Mahfouz. I Norge er han vel særleg kjend for Kairo-trilogien, sidan desse (dersom eg hugsar rett) kom ut som hovudbøker i bokklubben for nokre få tiår sidan.
Men det er ei anna bok av han eg har i tankane: Gebelawis barn kom ut i 1959, og er slik eg forstår det ein allegori over forteljingar frå koranen og bibelen. Boka var kontroversiell, blei forboden i Egypt grunna skuldingar om blasfemi, og den skal vere grunnen til at Mahfouz blei knivstukken og varig skada av islamistar i 1994.
Det blir kanskje ei litt søkt samanlikning, men tankane gjeng uvilkårleg til terroraksjonen mot Charlie Hebdo-redaksjonen i januar. Derfor kan det vere interessant å lese denne boka for å få eit inntrykk av kor lite (eller mykje?) som skal til før ein forfattar havnar i livsfare.
Boka er å få kjøpt i mjuke permar hjå fleire bokhandlarkjeder. For den som ynskjer stive permar ser det ut for at ein må lite på bruktbutikkar, eller satse på å lese på eit anna språk.
For dei av felleslesarane som skuler til denne leseutfordringa så vil Gebelawis barn oppfylle "A banned book" samt eit knippe andre kriterier.
I kapittel 55 raljerer Ismael, eller kanskje heller Melville sjølv, over feilaktige framstillingar av kvalar i kunsten. Eg hadde tenkt å more meg over å finne fram til dei omtalte bileta og legge dei ut her. Men det viser seg at ein annan har gjort det meste av jobben før meg. Artig å sjå.
Det hadde vært moro med ei illustrert utgåve av boka, med bilete og teikningar som har relevans for teksta. Det blir t.d. ofte nevnt reiskapar og diverse skipsutrustning som eg i beste fall har vage formeiningar om korleis ser ut, og ei skisse ville ha vært alle tiders.
God helg, ja.
For min del kjem helga først og fremst til å handle om fotball. Skal på turnering med 22 kjekke jenter og eit knippe hyggelege lagleiarar. Gleder meg veldig.
I den grad det blir tid til å lese så held eg fram med Moby Dick, der eg har kome omlag halvvegs. Ei bok som imponerer på mange måter. Den har jo også vært ein gjenganger i nominasjonsprosessen til kjell k sin lesesirkel. Skulle den dukke opp i forslagstråden som startar på søndag, så legg eg den på vent til avstemminga er unnagjort (Og nei, eg kjem ikkje til å nominere den sidan eg alt er i gang med den. Eg har tenkt ut eit anna forslag.)
Det er også snart på tide med ei brasiliansk bok igjen. Kanskje eg skal prøve meg på ei diktsamling denne gangen?
Eg kan kanskje nytte høvet til å tipse om ein annan nettstad eg har nytta: Loyalbooks (tidlegare booksshouldbefree.com). Her finnest det eit stort antal klassikarar av ymse slag som gratis lydbøker, dei fleste på engelsk men også på ein del andre språk (ingen på norsk enno, men eit lite knippe på svensk og dansk).
Kvaliteten på innspelinga varierer visst noko, eg anbefaler å kike etter kommentarar om dette på omtalene til dei enkelte bøkene før ein bestemmer seg for å laste ned ei bok. Men eg har for min del vært nøgd med alle bøkene eg har henta herifrå.
Skal ein flire av folk som døyr? I utgangspunktet skal ein ikkje det. Likevel, når det blir fjernt nok i tid eller rom finnest det av og til dødsfall som er så bisarre, ironiske eller på annan måte merksnodige at det blir vanskeleg å la vere å lee litt på smilebandet.
Tittelen på boka seier det meste. Dette er eit knippe på 30 anekdoter om vitskapsmenn, ingeniørar, oppfinnarar og andre som på ein eller annan måte blir offer for sitt eige verk. Enkelte av historiene er beint fram tragiske, andre har eit god posjon av lagnaden sin ironi, og atter andre tener som strålande eksempel på menneska sin galskap.
Boka er lettlest, og med mange fotografi og illustrasjonar. Likevel kjenner eg på at forfattaren kunne ha gjort meir ut av historiene. Dei fleste av dei kunne med fordel ha vært fortalt grundigare. Boka er dessutan kjemisk fri for referanser, noko som åpnar for spekulasjonar om faktainnhaldet i anekdotene. Meir pirk; ein del av historiene er strengt tatt ikkje om oppfinningar. Til dømes, om ein har bygd ein rask bil og krasjer med den så har ein ikkje dermed funne opp bilen. Skal eg også nemne at boka kunne ha hatt godt av ein grundigare språkvask? Ja, eg nemner det.
Likevel er det underhaldande lesing, og ein kan ikkje unngå å la seg imponere over enkelte av desse menneska som har hatt så stor tru på oppfinninga si eller konstruksjonen sin at dei set livet på spel for å sjekke om den virkar. Eg legg også merke til at der ikkje er nokon damer som har hovudrolla i nokon av anekdotene. Dette stemmer veldig bra med oppfatninga mi om at damer i gjennomsnitt er flinkare enn menn til å vurderer risiko.