Det burde vere ein viss sjanse for å finne noko på denne lista.
Og dersom ein ikkje er så nøye på om absolutt alle initialane stemmer så er kanskje ei av Carl Frode Tiller sine bøker eit alternativ? Dei er i alle fall ganske tilgjengelege i norske bibliotek og bokhandlar.
Lydbok høyrer eg mest på når eg er på bil- eller bussturar. Veldig greit for å slå i hjel reisetida. Og så finnest det så mange flotte lydbøker ein kan laste ned gratis frå internett. Eg legg dei inn på telefonen, så då har eg alltid med med ei bok uansett kvar eg fer.
Gösta Berlings saga høyrde eg på norsk med Kari Hepsø som opplesar. Boka lasta eg ned gratis frå ei internetteneste som heitte Ordflyt, den er dessverre nedlagd eller rettare sagt omgjort til ein betalingsteneste som heiter Storytel.
Takk for hemningslaust skryt, men eg skuldar vel å gjere merksam på at eg ikkje les Gösta Berling frå perm til perm, sidan eg las den, eller rettare sagt høyrde den som lydbok, for få månadar sidan. Faktisk har eg denne gangen berre bladd litt i ei utgåve på nasjonalbiblioteket, eg har vel i høgda lest opp att 20 sider. Men eg nyttar denne diskusjonstråden til å ta opp enkelte ting som eg lurte på medane eg høyrde på boka, og så har eg hatt stor glede av å følge med på øvrige tema som har vært diskutert.
Tran er godt, men no er det lenge sidan eg har hatt det i hus. Kanskje eg skulle kjøpe meg ei flaske?
For å bevise at ethyl var harmløst, innkalte Midgley til en pressekonferanse, hvor han vasket hendene i ethyl og innåndet ethyl fra en åpen beholder i et samfullt minutt. Myndighetene i New Jersey ble ikke nevneverdig overbeviste og stengte fabrikken kort tid etter.
Ubåtens keitete brukergrensesnitt skulle snart komme til syne på tragisk vis. Under et testtokt i august 1863 kom en marineløytnant i skade for å tråkke på en spak som fikk ubåten til å dykke, til tross for at lukene ikke var skalket.
Eg las Den ulende mølleren av Arto Paasilinna for nokre veker sidan. Ganske tidleg i den boka er det ei scene der mylnaren Huttunen freister å berge mylna si under ein flaum. "Noko slikt har eg lest før", tenkte eg då. Og jauvisst, i kapittel 15 i Gösta Berlings saga, Livets stier, er det ei scene som liknar til ein viss grad.
Eg prøver på ingen måte å insinuere at Paasilinna har stjelt denne scena frå Lagerlöf, til det er nok scenene for ulike. Og eg vil tru at det å berge ei vassmylne under ein flaum slett ikkje var så uvanleg før i tida, så det er ikkje så rart at to ulike forfattarar kan finne på å skrive om dette. Likevel var det moro å finne att to slike hendingar i to så ulike bøker i løpet av same leseåret.
Eg ser forøvrig at bokklubben annonserer sal i dag, der dei reklamerer med at dei er billegare enn Mammut. Lettare nervøs sjekka eg same bøkene som eg har bestilt, men "heldigvis" var ingen av dei med på bokklubben sit sal. Trur eg. (kanskje den siste, men den var i såfall med lik pris som på Mammut)
Denne tenkte eg også litt på då eg såg lista. Det er mange små bygder i Norge, og for fleirtalet av desse skal det nok godt gjerast å finne skjønnlitteratur der handlinga er lagt til staden. Men eg har inntrykk av at dei fleste krikar og krokar av landet har historielag eller andre eldsjeler som gir ut bygdebøker, historieskrift, mimrebøker etc. for bygda. Så dersom ein ikkje avgrensar seg til skjønnlitteratur så trur eg det er håp for dei fleste.
Har du sett ... dette var fantastisk nytt. (Måtte sjekke på kalenderen at det ikkje er 1. april alt) Denne sklir langt opp på leselista når den kjem ut.
Og det gjorde eg. Har bestilt frå Haugenbok:
Norsk etymologisk ordbok (Yann de Caprona) kr 299,- ,denne figurerer no på lister over mest bestilte bøker frå Mammut-salget så det er best å slå til før det er for seint.
Don Quijote (Cervantes) kr 199,- ,flott praktutgåve stend det i omtalen av boka, og jålete som eg er så må eg berre ha ei slik ei i bokhylla.
Placebodefekten (Gunnar R. Tjomlid) kr 149,- ,har hatt lyst til å lese denne lenge
Mann for sin katt (Lars Saabye Christensen) kr 99,- ,kanskje kan denne diktsamlinga få meg til å forstå kva katten vår tenker?
Kunsten å prokrastinere (John Perry) kr 79,- ,eg kan ikkje vente med å lese denne (var det nokon som tok poenget?)
Så det blei eit lite tilbakesteg i kampanjen med å redusere antal uleste bøker i bokhylla. Likevel meiner eg å ha gode sjansar til å oppnå målsetjinga om å ha færre enn 10 innan månadsskiftet juni/juli.
Oi, kanskje eg skal skunde meg å bestille den fine ordboka?
Gösta og co har jo fleire eventyr, der dei mellom anna løyser tilsynelatande umogelege oppgåver og hjelper damer i naud. I tillegg er kavalerane 12 i talet, i alle fall på julenatta heilt i starten, der dei skal drikke for den trettende.
Er det eit ekko av legendene om Arthur og riddarane av det runde bordet vi høyrer her? (Eg tok også opp dette i omtalen eg skreiv om boka for nokre månadar sidan.) I følge wikipedia seier ei av legendene frå middelalderen at bordet hadde 12 seter for å minnast nattverden, og ein tom plass for å minnast svikaren Judas.
Eg kjenner svært lite til Arthur-legendene, men det er kanskje andre av bokelskarane som veit litt om dei. Er det ein gagnbar teori at Lagerlöf har latt seg inspirere av desse legendene?
Ein annan forfattar som har forklart at han nytta Arthur-legendene som utgangspunkt er John Steinbeck med boka Dagdrivergjengen. Og etter å ha tenkt litt på det er det jo visse likheitstrekk mellom bohemlivet til kavalerane på Ekeby og gjengen i Danny sitt hus.
Då har katalogen for Mammutsalget 2015 kome på nett.
Det blir ei øving i sjølvbehersking denne gangen, sidan eg er fast bestemt på å redusere antalet uleste bøker i bokhylla. Men oppslagsverk tel ikkje i den samanhengen, så Norsk etymologisk ordbok til 299,- kan fort havne i handlekorga. Vi får sjå.
Meisterleg av Hoem. Det er sjeldan ein boktittel er meir dekkande for innhaldet enn dette. Med utgangspunkt i hendingar som foreldra fortalte om medan dei levde har Hoem ved hjelp av notatbøker, brev, intervju, avisarkiv, sjukehusjournalar og anna rekonstruert livshistoria til foreldra sine, med fokus på dei hendingane og vala rundt den 2. verdskrigen som førte dei saman. Og der han manglar informasjon (og dette gjeld nok det meste av kva som har vært tenkt og sagt) har han dikta.
Faren var lekpredikant i indremisjonen, og det var i virket sitt i Gudbrandsdalen at han møtte mora. Begge hadde brent seg i eit tidlegare kjærleiksforhold, styggast var det nok for mora som vart gravid med ein tysk soldat. Det å vekke brende hjarte til live att kan ta noko tid, men det verkar som om Hoem sine foreldre greidde det ganske bra etter kvart.
Ved sidan av den sterkt personlege skildringa av sine eigne foreldre og øvrige familie, er det først og fremst innsynet i den nære forhistoria vår som gjer denne boka verdt å lese. Miljøskildringane er levande og overtydande, og ein får kjensla av å få vite korleis folk hadde det før i tida. Korleis det er å vere omreisande predikant er nok også ganske fjern kunnskap for dei fleste, det var imponerande å lese om faren sin innsats på dette området.
Eg høyrde denne som lydbok med forfattaren sjølv som opplesar, og gjekk inn i det med ein viss skepsis. Eg har nemlig høyrt Kjærleikens Ferjereiser som lydbok tidlegare, også den med Hoem som opplesar, og der tykte eg ikkje han gjorde det spesielt godt. Men i denne innspelinga var han framifrå.
Da han åt kveldsmat med vertsfolket, spurde han kvifor den unge kvinna som budde hos dei, var så ulykkeleg, og dei såg på kvarandre og sa det var meir enn ulykke. Ho skulle ha barn med ein tysk soldat som var forsvunnen same hausten.
Jaså?
Ja, slik hang det altså saman.
Da sa han: Men eg kan ta henne, eg!
Det var som om han ikkje forstod at verda kan gå eit menneske imot, og at ikkje alle menneske har godt i sinne. Også når einkvan gav han ein nasestyvar, tok han det i beste meining.
Då Dan Brown sin Da Vinci-koden kom ut, blei det spekulert i at han hadde plagiert Tom Egeland sin Sirkelens ende. Etter min meining er bøkene så ulike at slike spekulasjonar er grunnlause. Derimot meiner deg det kan vere grunn til å spørje seg om Egeland har latt seg inspirere av Da Vinci-koden i oppfølgar-boka si, Paktens voktere. Her er drivast nemlig handlinga framover av kodeknekking og historiske rebus-løp etter same same malen som kjenneteikner Brown sine bøker.
Når det er sagt, så har Egeland laga ei framifrå røvarhistorie der historiske fakta er sausa saman med rimeleg luftige spekulasjonar. Midt i dette finn vi Bjørn Beltø, den sympatiske anti-helten som ved hjelp av ein god porsjon staheit og eit godt nettverk av kontakter greier å nøste opp i eit eldgamalt komplott. Vatikanet har sidan vikingtida freista å finne og legge beslag på eit manuskript som ville rokke ved bibelhistoria, og når Beltø tilfeldigvis kjem på sporet av dette manuskriptet blir det raskt utrygt å vere arkeolog.
Historia er godt skrive, Beltø er tidvis ein vittig kar med mange underhaldande kommentarar og betraktningar, og drivet i forteljinga er såpass bra at lesaren ikkje finn tid til å stoppe opp og tenke over korvidt historia er sannsynleg eller ikkje, eller til å dvele ved logiske manglar i plottet. For slike manglar er der nok, men å hefte seg opp i dette blir om lag som å kage over at der er rådyrkjøt i hjortegryta sjølv om gryta smakar framifrå.
Dette er ei bok som er skrive for å underhalde, og eg let meg underhalde frå første til siste side. Knallbra, og eg gleder meg til dei to øvrige Beltø-bøkene som stend ulest i bokhylla.
Det er kanskje å dra det litt langt å seie at Ahasverus dukkar opp i bøkene, men namnet er i det minste nevnt.
I Moby Dick, som eg les no, kapittel 27, er namnet Ahasverus nevnt, men oversetjaren foklarer i ein note at det ikkje er den vandrande jøden det visast til, men ein perserkonge.
I novellesamlinga Várias Histórias av Machado de Assis nemnast den vandrande jøden så vidt i ei av forteljingane. Hugsar ikkje nett no i kva for ei av forteljingane. Er usikker på om denne novellesamlinga er å finne i engelsk oversetjing, så dersom du ikkje les portugisisk kan det kanskje bli vanskeleg å få lest den.
Så veit eg at namnet har poppa opp i ei av dei andre bøkene er har lest nyleg, kanskje Paktens voktere av Tom Egeland eller Bildet av Dorian Gray av Oscar Wilde.
Har vært meir enn gjennomsnittleg nøgd med bøkene eg har lest (og høyrt) i januar. Men Beatles av Lars Saabye Christensen skil seg nok ut som den eg likte best.