Først litt skjenn til forfattaren av forordet, Jan Kjærstad, og til Kagge forlag: Fy skam. Kjærstad; det er dårleg gjort å røpe slutten så inngåande som du gjer. Kagge; når de ser at forordet får den forma det gjer, så burde det vere eit enkelt grep å gjere det om til eit etterord. Og til Kjærstad igjen; dette var ei middelmådig oversetjing av eit angiveleg Wilde-sitat.

Så over til sjølve boka. Eg er ikkje heilt sikker på kva eg hadde venta meg av denne boka, men uansett så var den noko annleis enn eg trudde på førehand både når det gjeld stil, tone og handling. Ingenting negativt med det, det viser berre at det var bryet verdt å lese den. Det er ei forteljing om ein ung og vakker overklassegut, Dorian Gray, som blir beundra av eldre overklassemenn. To av desse, malaren Basil Hallward og lord Henry Wotton, lokkar fram forfengelegheita og hedonismen hjå guten. Den første ved å male eit umåteleg vakkert maleri av han, og den andre gjennom samtalar samt ved å låne han ei bok som verkar fordervande på moralen.

Wilde skriv mykje om alle syndene som Gray gjer seg skuldig i, men med to-tre unntak er boka svært lite spesifikk på kva desse syndene eigentleg er. Gitt at Wilde sjølv var bifil, og at dette temaet var forholdsvis tabu på den tida boka blei skriva, er det lett å tru at ein del av desse syndene er knytta til homoseksualitet. Men den eigentlege synda er nok hedonismen i seg sjølv, det at ein innstiller seg på at det einaste som betyr noko i livet er å skaffe seg nye og nytelsesfulle sanseinntrykk.

Boka er både trist og vittig på ein gang. Trist fordi ein blir vitne til ein lagnad som styrer lukt i undergangen. Vittig fordi Wilde var eit oppkome av tankevekkande og lattervekkande vendingar, aforismer. Mange av desse aforismene er lagt i lord Henry sin munn, og dette er kanskje grunnen til at eg oppfattar lord Henry som forfattaren sin stemme i boka.

Eg hadde venta at eg skulle like boka betre enn eg faktisk gjorde, men det vil vere å gå for langt å påstå at eg er skuffa. Det var verdt tida det tok å lese den, og vel så det.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Eg blir så imponert over alt folk veit! Takk til deg og gretemor for oppklarande kommentarar. Det er frykteleg moro med desse diskusjonstrådane.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg kjem ikkje til å hive meg på dette tiltaket. Likevel kjem eg til å finne denne lista fram att når året nærmar seg slutten for for moro skuld å sjå kor mange kriterier som er oppfylt av bøkene eg har lest. Sidan eg i utgangspunktet prøver å lese ganske variert, og sidan mange av bøkene eg alt har på leseplanen passar med mange av kriteria (enkelte oppfyller opptil 10) så trur eg at eg uansett skal kunne kome langt i lista utan å gå spesifikt inn for det. Førehandstipset mitt er at eg ved neste årsskiftet har lest bøker som oppfyller minst 40 av kriteria (ei bok pr kriterium, sjølvsagt)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dersom du kan gå litt på akkord med å ta med begge fornavna dine, så kan kanskje Linn Ulmann vere eit alternativ? Samstundes kan ein kanskje trøste seg med at det kunne vært enno vanskelegare å finne forfattarar med same initialar. Tenk om ein hadde heitt Xavier Ødegård, til dømes?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

En mann kan være lykkelig sammen med en hvilken som helst kvinne såfremt han ikke elsker henne.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Unge menn ønsker å være trofaste og er det ikke; gamle menn ønsker å være troløse og kan det ikke.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

hun er en påfugl i alt annet en skjønnhet

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og her greide Kjærstad å øydelegge heile poenget med sitatet i oversetjinga si. På engelsk er det

"I have nothing to declare except my genius"
der "declare" har dobbelttydinga "fortolle" og "erklære".

Forøvrig er det godt mulig at Wilde aldri sa dette i tollen den gangen. Meir om dette på denne sida.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kva slags arrangement er egentlig denne kavalerfløya på Ekeby? Eg oppfattar det som ei blanding av gamleheim og sanatorium i privat regi. Var dette ei vanlig ordning i Sverige (eller i Norden forøvrig) i den første halvdelen av 1800-talet? Eller er det ein institusjon som Lagerlöf har snekra saman for å ha eit fundament til å bygge historiene sine på?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den om bjørnen var også ein av mine favorittar. Nest etter Jernet frå Ekeby.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skal aldri meir måke snø. Har kjøpt stor 4-hjulstrekker så no køyrer vi bare tvers igjennom dei få dagane det tek før alt regnar bort igjen. Kjempe-investering. Neidå, det blir nok til at eg måker og rydder likevel.

Eg er godt i gang med Paktens voktere av Tom Egeland. Flott og fantasifull røvarhistorie, passe blanding av historiske fakta og fri dikting, og passe spennende. Blir truleg ferdig med den før helga er over.

Så har eg vært litt i tvil om kva for ei bok eg skal lese etter eg er ferdig med Paktens voktere, har hatt 3-4 bøker i tankane. Men eg blei inspirert av innlegget frå Monica Carlsen nedanfor, og satsar på Moby Dick.

God helg!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Moby Dick har eg også hatt på leselista ei stund, og den er ei av 3-4 som eg har vurdert å starte på i helga. No gjer eg som deg, og startar på denne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jaudå, min herre, adjektiva fødest på ei side [av hjerna] og substantiva på den andre, og slik er alle typer ord separert etter kjønn.
- Kjønn?
Javisst, frue, kjønn. Orda har kjønn. Eg er snart ferdig med den store psyko-lekso-logiske avhandlinga mi der eg gjer greie for denne oppdaginga. Orda har kjønn.
- Men dersom det er slik, elskar dei einannan også?
Enkelte av dei elskar einannan. Og giftar seg. Giftemålet deira er det vi kallar stil.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg liker å tru at eg kan lese alle sjangerar, om enn ikkje like mykje av kvar sjanger. Men når eg tenker meg godt om er det nok eit par stykker som sit litt langt inne. 1 - sjølvhjelpsbøker, 2 - bøker med new-age bodskap. Skal eg føye til klissete romantikk som ein god nummer 3? Kanskje er eg ikkje så fordomsfri som eg prøver å vere likevel?

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det rettaste hadde kanskje vært "som mekaniske dukker"?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kagge-utgåva har forholdsvis små sider, og kanskje bittelitt over middels stor font. Tipper dette er forklaringa på foskjelen i sidetalet. Vidare meiner Kagge at boka er oversatt av Kari og Kjell Risvik, medan sitata frå Romeo og Julie i kapittel 7 er frå André Bjerke sin gjendikting, igjen i følge Kagge. Dette får meg til å tenke på denne diskusjonen for nokre veker sidan.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fantastisk innslag om kunstferdig finmekanikk. Eg blei sitjande og gape. Og no MÅ eg berre setje denne boka på leselista.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Håper der er masse støv slik at du slepp å bøye deg så djupt,

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det undra meg då eg las følgende setning på side 254 (kapittel 16) i boka:

"De går undergangen i møte, akkurat som roboter"

Boka kom ut i 1890, medan ordet "robot" såvidt eg kjenner til blei lansert i Karel Čapec sitt skodespel R.U.R. som blei publisert i 1920. Derfor måtte eg leite fram Project Gutenberg sin online fulltekstversjon av boka, og der stend det

"They move to their terrible end as automatons move"

Så her har nok oversetjaren gjort eit gjennomtenkt val av ord, det vi i dag tenker på som robotar stemmer nok meir med kva Wilde hadde i tankane enn det vi i dag tenker på som automatar. Så får det heller stå sin prøve at ordet robot ikkje var funne opp på Wilde sin tid.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det måtte skje før eller sidan; eg bomma på ein avbestilingsfrist i desember og fekk ei bokklubb-bok i posten i dag. Kjell Westö sin Faren ved å være Skrake. Heldigvis er det ei bok eg kan tenke meg å lese, så det var ikkje så farleg. Men det passar likevel dårleg med kampanjen eg har gåande med å redusere antal uleste bøker i bokhylla.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

somniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESKirsten LundsvarteperLilleviHarald KTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiJarmo LarsennefertitiVibekeMarenHanneGodemineYvonne JohannesenKjerstiAgnesVariosaChristofferJan-Olav SelforsTanteMamieIngvild SHeidiBjørg Marit TinholtStig TBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Linda Rasten