Faktum er at ihvertfall blant jegerne ville hvalen av alle blitt betraktet som en edel rett om det ikke hadde vært så mye av den, men når en setter seg til bords foran en kjøttpudding på bortimot hundre fot, mister en apetitten.
Jeg etterlater meg et hvitt og opprørt kjølvann; blekt vann, blekere kinn, hvor enn jeg seiler.
(Akab)
Eg vil på det sterkaste insistere på at når det gjeld digresjonar så må ein ikkje snakke om å ta på seg skuld for dei, men tvert om å ta på seg æra for dei. Dei mest underhaldande diskusjonstrådane her inne er nemleg etter mitt syn dei som stikk av i uventa retningar.
Her må eg melde pass. Men det er jo mange av bokelskarane som jobbar i bransjen og som sikkert kan føye til noko i denne blomstrande tråden av digresjonar.
Eg har merka meg bøkene, og litt av omtalane, og er såpass nyfiken at eg kan finne på å lese ei av dei i framtida (men neppe i år ...). Avventer uansett til det kjem litt fleire omtaler her på bokelskere.
Og nei, spansk er eg ikkje god nok i til å prøve meg på. Enn så lenge får eg halde meg til Brasil-portugisisk.
Vi er fleire. Ingenting galt sagt om Mummi-universet, men av ein eller annan grunn har det ikkje fenga meg i særleg grad.
Eg har lagt merke til at Bolaño har fått litt merksemd i avisene i det siste, grunna at boka 2666 no kjem på norsk.
Har du lest noko av han frå før? Skreiv han godt, eller blir han hypa nett no på grunn av lanseringa av ny bok?
Statistikk er moro, ja. Ut i frå dette oversynet kan det sjå ut for at du blei tildelt "kvartlott", for å låne eit uttrykk frå fiskeriet, ved den første sommarjobben.
Det virker forøvrig som om løna har stige ein god del meir enn konsumprisindeksen, slik at 20 kroner den gangen heilt sikkert fortonte seg mykje dyrare enn det 262 kroner gjer i dag.
I den grad å korrigere for konsumprisindeksen gjev eit greit bilete på kor mykje dyrare eller billigare ting har blitt med tida, så kan det jo vere greit å køyre ei indeksregulering på statistisk sentralbyrå sine sider. Her finn eg at 20 kroner for ei av dei rimelegaste bøkene du kjøpte i 1961 tilsvarer omlag 232 kroner i dag.
Det spørs om du kan ha sikta til månadsskiftet juni/juli og det uttalte målet om å ha færre enn 10 uleste bøker i bokhylla (telefonkatalogen tel ikkje!) innan den tid. I såfall er svaret pr i dag 134.
Så får eg krysse fingrer for at datoen ikkje fell saman med datoen for universet sin undergang.
Same her, fem bøker for min del. Eit lite skår i gleda, Haugenbok eller posten har vært litt uforsiktige, papiromslaget på den etymologiske var småskrukkete. Men det er jo innhaldet som tel.
Men tilbake til eksteriøret; eg var verkeleg ikkje førebudd på at praktutgåva av Don Quijote var så, kva skal ein seie, praktfull? Svær og mektig, flott innbinding, rett og slett imponerande. Så skulle det vere så ille at eg ender opp med å ikkje like innhaldet, så kan eg i det minste unne meg den overfladiske gleda over kor flott den tek seg ut i bokhylla.
Det finnest mange teoriar omkring dette, og estimata basert på dei ulike teoriane varierer frå omlag 7 billionar dagar og til over 10^1002 dagar. Men sidan dei fleste av oss opplever at tida gjeng raskare dess eldre ein blir, så vil det kanskje ikkje kjennast så lenge ut?
Eg oppfatta faren i Lars Saabye Christensen sin Herman som ein rimeleg sympatisk type.
Men den farsskildringa som har gjort størst inntrykk på meg dei siste åra må vere den av Jan i Skrolycka i Keiseren av Portugallien. Makan ...
Nåja, skikk og bruk (og straffelova) krever vel at ein til ein viss grad er tildekt når ein viser seg offentleg.
Eg har forøvrig testa foran spegelen dette med å sjå tiltrekkande ut med bok. Problemet er berre at det er uråd å sjå både på boka og på spegelen samstundes. Men dersom eit flakkande og fårete blikk er "hot" for tida, så har eg teknikken inne no.
Har du sett! No måtte eg springe ut til postkassa for å sjekke, og jammen hadde ikkje mi bok også kome fram. Glitrande service. Og dei tok ikkje for hardt i då dei skreiv at det var eit pent eksemplar, det ser nesten heilt nytt ut. Tviler på at førre eigar har lest boka.
Skulle likt å visst korleis fotballaget frå ein viss stasjonsby i Gudbrandsdalen handterer denne fobien.
Au! Eg har gjort mykje rart, men akkurat dette har eg greidd å unngå.
Og i kapittel 99 handlar det mest om gulldublonen som kaptein Akab har spikra fast i stormasta. Bilete av dublonen:
Det som forundrar meg, er reiknestykket som Flask legg for dagen når han tenker på alle sigarane han kan kjøpe for den:
Den er verd seksten dollar, det er så, og med to cent sigaren blir det ni hundre og seksti sigarer.
Nei det blir det ikkje, det blir 800 sigarar. Med mindre det gjekk 120 cent på dollaren på denne tida (noko eg ikkje har funne informasjon om på wikipedia) eller at det var vanleg å gi bort 20% ekstra sigarar ved sigarkjøp på denne tida.
Moby Dick
Mody Bick
Coby Dimk
Doky Bimc
Komy Dibc
Cody Mibk
Domy Kibc
Moky Bidc
Boky Dicm
Omby Kidc
Doby Cimk
Body Mick
(inspirert av “kulturuke” av Jan Erik Vold)
Dersom boka er stor nok, så vil den jo dekke til dei mindre flatterende sidene av den fysiske framtoninga mi. Så, ja, eg trur nok at dette har noko for seg. Men det beste ville nok vere pre-tabloid-versjonen av Aftenposten.