Eg kom til å tenke på den musikalske fløytespelaren Unoka igjen, og måtte søke litt på youtube. Kan det vere omlag slik det høyrdest ut når han musiserte saman med kompisane sine?
Så artig! Javisst vart eg sitert, ikkje mindre enn 5 stadar. Men det artigaste er jo konklusjonen (slik eg oppfatar den) om at vi på bokelskere.no er langt på veg like dyktige som profesjonelle anmeldarar.
Dette svaret er ikkje berre til deg, men til fleire i denne tråden.
Det er ikkje naudsynt å forstå kvifor BOK2 ikkje ynskjer følgarar. Det er ikkje eingang sikkert at det finnest nokon forståeleg grunn. Poenget er at han ikkje ynskjer det, og spør om det finnest muligheiter for å reservere seg. Det gjer det vel ikkje pr i dag, men eg meiner det må vere problemfritt for dei øvrige om nokon ynskjer å reservere seg mot å bli fulgt.
Å lage eigne lister i excel el.l. er sjølvsagt også kjekt, men eg gjeng ut frå at det også er andre funksjoner i bokelskere.no som BOK2 finn nyttige, og som gjer at han vel å vere medlem trass i at han misliker å bli fulgt.
Etter mitt syn freistar Achebe å vise kva det kostar å vere kar i dette samfunnet. Utad er Okonkwo beinhard og nærmast samvitslaus, noko som gjev han respekt mellom dei andre mennene. Kjenslene han har for barna sine kan han ikkje vise fram utan å bryte med dette imaget, og dette er nok noko som plagar han. Sett i lys av dette tykte eg det var beint fram rørande at han i kapittel 11/12 la ut på leit etter Ekwefi og Ezinma midt på natta.
Eg har det faktisk motsatt. Eg vegrar meg mot å følge andre bokelskarar (har ingen fornuftig forklaring på dette), men tykkjer det er berre hyggelig å bli fulgt. Så håper eg berre at dei som følger meg ikkje oppfattar det som uhøfleg å ikkje "følge tilbake".
Eg trur ikkje at det finnest ei slik reservasjons-løysing du spør etter, men det burde vere enkelt for nettstadsadministratoren å lage noko slikt. Det kan jo godt vere at det er fleire som ynskjer dette.
Kapittel 9: La de merke til kor elegant Achibe leia tanken til lesaren inn på malaria når Ezinma blir sjuk? Kapittelet åpnar med at Okwonko blir stukken av ein mygg. Det var vel neppe kjent for landsbyboarane at det var ein samanheng mellom mygg og malaria, eller iba som dei kalla tilstanden.
Det blir lesesirkelbok i helga. Er komen omlag halvvegs i Mønsteret rakner, og det er vel passeleg når vi er knapt halvvegs i leseperioda. Men neste veke er eg bortreist nokre dagar, så eg skal lese meg frampå litt. Fram til del 3, tenkjer eg.
For å ikkje kome for langt i lesesirkelboka, så er eg også i gang med Aino Kallas sin Gjennom eld og vatn. Denne blir eg nok ferdig med før helga er over. Blir det tid til meir lesing har eg ikkje heilt bestemt meg for kva som blir neste bok. Kanskje Kullunge av Monica Kristensen?
Las nettopp Jo Nesbø sin Rødstrupe, der dette temaet var aktuelt for ein av personane i boka.
Det var ein fin ein, ja. No fekk eg nesten lyst til å endre profilbilete sjølv.
Jau, men såkorn er trass alt frø i botanisk forstand. Settepoteter og såjams ikkje.
Kapittel 10, egwugwuar ...
... egna seg nok godt til å skreme ungar med.
Jau, det er sikkert gagnbart. Men eg tenkte meir på om det finnest ord som ikkje er spesifikke for jams, som gjeld delar av rotfrukter (eller delar av røter i det heile) som er meint for å såast/plantast.
Eg er ingen jordbrukar (har drivhus, dog ...), men eg er jevnleg i Nordaust-Brasil der jams er ganske vanleg. Eg stussa litt på at det under plantinga av jamsen i denne boka blir snakka om frø. I følge mine kjelder blir jamsen planta ved at ein skjer av stengel-enden av rota, og set denne i jorda (etter same prinsippet som settepoteter). Og i kapittel 4 i boka, der det blir gjort greie for korleis ein førebur jams-plantinga, så skriv Achebe at dei skjer opp jamsen for å førebu frøa. Det er derfor rimeleg å tru at metoden er ganske lik den som eg har høyrt om.
Men er det rett å omtale dette som frø? Oversetjaren av boka nyttar også uttykket såjams, dette er kanskje eit betre uttrykk. Er det nokon som har betre greie på planting og som veit av eit betre norsk ord for det dei plantar i jorda?
For øvrig er jams ganske ok, når eg er i Brasil et eg det oftast til kvelds, kokt, som tilbehør til steikt saltakjøt. Men førstevalet er macaxeira, ein Maniok-variant.
Interessant om desse skjella som betalingsmiddel. Dersom ein tenker litt over det, så er det jo ikkje så mykje meir underleg enn å nytte gull og sølv som betalingsmiddel.
Eit sidespor: for å lage klikkbare lenker er det berre å setje hakeparenteser, < og >, klin inntil internett-adressa du vil dele. Slik: http://en.wikipedia.org/wiki/Cowry
Og for informasjon om korleis ein kan lage klikkbare lenker som ein del av sjølve teksta så er det eit lynkurs her.
Dobbelt-au! Eg gjekk på ein kjempesmell på eit slikt eit i fjor. Men mange gode bøker for ein slikk og ingenting, det er uråd å stå imot når ein kjem over eit slikt eit.
I kapittel 1 byr Unoka, bohem-faren til Okonkwo, fram ei kola-nøtt til gjesten sin. Kva er ei kola-nøtt, tenkte eg, og sjekka på wikipedia. Jaudå, det er ein av ingrediensane i den opphavelege Coca-Colaen. Ein skjebnens ironi at det kanskje fremste symbolet på vestleg kulturimperialisme opphaveleg kjem frå afrikanske stammesamfunn.
Eg vart bittelitt skuffa over Nadine Gordimer sitt forord i Verdensbibliotek-utgåva av boka. Ho seier jo egentlig ganske lite, bortsett frå å gjengi hovudtrekka i handlinga, og det attpåtil på ein måte som nærmar seg "spoiler" (eg burde vel lese boka først før eg skuldar henne for dette). Eg hadde håpt at ho ville bruke meir plass på å gjere greie for Achebe sin forfattarskap, kva betydning denne boka eventuelt har hatt for afrikansk litteratur, samt å setje dei samfunnsendringane som eg forstår blir skildra i boka inn i ein større samanheng.
Den beste Nesbø-boka eg har lest så langt, og det begynner å bli ein del av dei. Eg kan godt forstå (sjølv om eg ikkje har lest nok krim til å gjere ei sjølvstendig vudering av det) at denne blei halden for å vere den beste norske krimboka gjennom tidene i ei avstemming i 2004. For her stemmer det meste.
Det er i hovudsak to historier som forteljast i boka, ei historie frå 1940-talet om eit knippe frontkjemparar som sloss for Nazi-Tyskland mot russarane under 2. verdskrigen, og ei anna i notid der Nesbø sin krimhelt Harry Hole får mistanke om at nokon planlegg eit attentat i Norge. Historiene heng sjølvsagt saman, og dei er veldig elegant fortalt. I tillegg er der ei søt kjærleikshistorie i begge tidslinjene.
Harry Hole utviklar seg i ei destruktiv retning igjennom bokserien. I denne boka er han på langt nær så mørk og dyster som i nokre av dei seinare bøkene. Det passar meg bra. Han er jo helten, og som lesar vil eg at det skal gå bra med han. Derfor hadde det vært ålreit om dei forholdsvis lyse framtidsutsiktene han får i denne boka kunne vare. Men Jo Nesbø hadde ein annan plan.
Nesbø er for øvrig ein meister i å male fram scenene som utspelar seg, dei er krydra med informasjon og detaljar som det må ha kosta ein del tid og arbeid å finne fram til. Denne detaljrikdomen gjer at historiene verkar meir truverdige, og også til at lesaren betre kan leve seg inn i dei. Eg vil spesielt famheve galskapen i ei scene der eit forelska par er i Wien medan byen blir bomba. Dette er ei scene eg svært gjerne ville ha sett på eit kinolerret, det var rett og slett storslagent.
Her stemmer det meste, skreiv eg i første avsnitt. Det meste, ikkje alt. Det finnest detaljar som øydelegg litt, anten det gjeld språk, tendensar til klisjear, eller enkelte hendingar som eg ikkje heilt greier å tru på. Men desse detaljane var ikkje meir skjemmande enn at eg likevel vil forsvare å trille høgaste terningkast på Rødstrupe. Vel blåst, Nesbø!
Honorar? Samle dykk ikkje skattar på jorda, etc ..., eg satsar heller på ein ørliten korreksjon av saldoen i det hinsidige. Men når eg tenker meg om er det jo eit honorar i seg sjølv dersom du blir med i diskusjonstråden om boka (trass i nedslåande melding frå antikvariatet).
Så gøy! Betyr det at du kjem til å oppdatere profilbiletet?
Vi fekk kvalp i fjor haust, det er litt vemodig at dei er små i så kort tid. Men på den andre sida så er han i ferd med å bli så flott som stor, trur han må ha nådd bortimot full storleik no.