Du er ei eik, gretemor, i skogen ein ropar i etter svar.
Spørs om eg har forlest meg på Tom Egeland ...
Nok ein god omtale. Ahsaverus, eller i det minste henvisningar til han, har dukka opp i fleire av bøkene eg har lest etter nyttår, Det var derfor litt artig at omtalen din kom nettopp no.
Så må eg føye til at eg las Vermeylen sin bok for rundt 20 år sidan. Den gangen likte eg den ikkje så godt. Men eg vil tru smaken har endra seg litt med tida, og når eg ser omtalen din så er eg tilbøyeleg til å tru at eg ville ha likt den betre dersom eg hadde lest den opp att no.
Enkel moro er ofte den beste ....
Hurra! Der var noter.
Liker den veldig godt så langt. Eg kjem litt i knipe, for på den eine sida er dette ei bok der ein godt kan ta seg tid til å gjere mange ordbok- og wikipedia-oppslag, men på den andre sida liker eg historia så godt at eg gjerne vil kome meg raskt vidare. Derfor er eg litt selektiv med kva eg slår opp på.
Så langt har eg lært ein del om Nantucket, kvekarar, spermasettkvalen og diverse kvaloljer. Merlespiker er ein reiskap som eg aldri har brukt, men eg visste alt kva det var då eg slo opp dette medan eg las Rebecca for nokre månadar sidan. Og klubben som Ismael fekk servert på vertshuset i New Bedford var "dumplings" i originalteksta.
Eg har bokklubben sin Verdensbibliotekutgåve av boka, også i Herrman sin oversetjing. Utgåva mi av boka er i følge bokelskere.no frå 2009, og Dagbladet-artikkelen du viser til er også frå 2009 (stend heilt nederst i teksta), Eg ser forøvrig av Dagbladet-artikkelen at der skal vere 21 sider med forklarande noter i boka. Dette hadde eg gått glipp av, skal sjekke om desse finest i mi utgåve så snart eg er i same rom som boka.
Lord Henry sender ei bok til Dorian som bidrar til at Dorian sitt utsvevande liv eskalerer. Om denne boka, på side 172 (kapittel 10)
"Det var den merkeligste boken han noen gang hadde lest. Det var som om verdens synder passerte i stum revy foran øynene på ham.
...
Det var en roman uten handling, og med bare én person, i virkeligheten en psykologisk studie av en viss ung parisier som i det 19. århundre brukte livet i et forsøk på å forstå alle lidenskapene og tenkemåtene som hørte hvert århundre til, bare ikke sitt eget, ..."
Er denne boka eit produkt av Wilde sin fantasi, eller viser han til ei bok som verkeleg har kome ut? I tilfelle det siste så må ein jo anta at boka har vært kontroversiell og fått ein del merksemd i samtida, og vidare at det derfor er ein god sjanse for at nokon av bokelskarane kjenner til den.
Ha ha, no såg eg føre meg karane som vimsar fortvila rundt i gangen medan dei leiter etter døra ... kanskje er det dette som er opphavet til uttrykket "å gå på veggen"?
Les du den på engelsk? Sjølv på norsk så er der jo enkelte eldre maritime utrykk som ikkje er heilt beint fram for ein landkrabbe, tipper det er hakket meir utfordrende på engelsk.
Har nyleg kasta loss frå Nantucket. Kor langt har du kome?
Eller kanskje Exit Saab og Bofors
(sidan deler av desse selskapa anten er nedlagde eller havna på utanlandske hender)
Det er mulig det er berre meg, men eg har litt vondt for å forstå kva du egentlig spør om. Er det antalet bøker som kan søkast opp i bokelskere? Dette talet er truleg minst hundretusen-tals, kanskje millionar, sidan ein også får treff frå amazon dersom ein ikkje får treff på bokelskere. Eller spør du om det er ei max-grense på kor mange bøker som kan leggast til i boksaminga? Eg veit ikkje om det finnest ei slik grense, men eg ser at den bokelskaren som har flest bøker i samlinga har nøyaktig 10000 bøker, så kanskje der dette grensa?
Kall meg Ismael
treng eg å nemne boktittel?
Jeg gjetter at SIS´ safehouse befinner seg i London-regionen et sted. Men det kan like gjerne ligge i den idylliske landsbyen Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch i Wales, for alt jeg vet.
"Kan du tro," sier Beatriz, "at jeg var hippie en gang i tiden?"
Jeg forsøker å heve et øyenbryn, men jeg får litt problemer med muskelkoordineringen, så det ser nok ut som jeg har fått en flue i øyet.
Ingen kan mase som en bergenser.
Ein slags prostitusjon av intellektet, då, eller er det å trekke det litt langt?
Denne novellesamlinga er den tredje boka eg har lest av Machado de Assis, reikna som Brasil sin mest anerkjende forfattar gjennom tidene. Dei to førre var romanar, men eg må seie eg likar Assis betre som novellist enn som romanforfattar. For dette er etter min forstand noveller av høg klasse.
Totalt er det 16 historier som har fått plass i denne samlinga. Nær alle åpnar in medias res, persongalleriet i kvar historie er avgrensa til eit fåtal personar, handlinga er komprimert, og avslutningane er underfundige og tankevekkande. Eg er på ingen måte nokon kjennar av noveller, men slik eg oppfattar sjangeren så er min påstand at Assis meistrar den til fulle.
Dei fleste novellene handlar om kjærleik, eller heller om voner og vonbrot i kjærleiken. I over halvparten av dei er det eit trekantdrama av ein eller annan sort, noko som verkar å vere eit favorittema for Assis. Skal eg halde fram nokon av historiene eg likte ekstra godt er det kanskje den første og den siste. Den første, A cartomante (spådama), der ein elskar gjeng til ei spådame for å få råd og rådet ender i tragedie og lesaren blir sitjande å undre seg over om det var kalkulert frå spådama sin side, og den siste O Cônego ou Metafísica do Estilo (Kanniken eller stilen sin metafysikk) der forfattaren fabulerer over korleis språket formast i mennesket sin hjerne.
Eg har enno ei ulest bok av Assis i bokhylla, romanen Qincas Borbas. Skulle eg finne på å kjøpe fleire bøker av denne forfattaren blir det definitivt novellesamlinger, some det finnest 6 til av. Og så kortromanen O alienista, då.
Kva skal ein stakar gjere då, når bokklubben insisterer på å gi meg ei bok utan at eg treng å betale anna enn portoen (kr 29,-)? Og når ei av bøkene eg kan velge mellom er Victoria av Knut Hamsun, ei bok eg har hatt på ynskjelista ei god stund?
Alternativ A: bestille boka
Alternativ B: bestille boka
Alternativ C: bestille boka
etc