Forfattaren Chinua Achebe, som var av Igbo-folket i Nigeria, tek lesaren med til ein Igbo-landsby i tida rett før koloniherrane gjorde sitt inntog i distriket. Ein får kjennskap til ein del av dagliglivet, skikkane og tenkesettet, på godt og vondt, i landsbyen. Hovudpersonen er Okonkwo, ein dyktig jordbrukar og fryktlaus krigar, som strevar etter det ein undre andre omstende kunne ha kalla «den amerikanske draumen». Faren hans var nemlig lutfattig, i alle fall på materielle goder, og Okonkwo jobbar hardt for å løfte seg og familiens sin i landsbyen sin rangsstige, og han drøymer om å bli ein av leiarane i klanen.

Boka er delt i 3 delar, den første og lengste tek føre seg landsbylivetfør koloniherrane gjorde seg gjeldande. Dette er etter mitt syn den beste delen. I del to er Okonkwo og familien i eksil frå landsbyen, og i del 3 er dei attende i landsbyen der misjonærane sine aktivitetar er i ferd med å endre stammesamfunnet. Dei to siste delane blei litt for skjematiske, og dette er hovudgrunnen til at eg ikkje trilla høgaste terningkast på denne boka.

Eg nevner skikkar og tenkesett på godt og vondt i det første avsnittet. Achebe legg fram både tiltalande og sjokkerande grusome skikkar i landsbyen. Dette gjer han på ein nøytral og likefram måte, utan å ta stilling til om det var gode eller dårlege skikkar. Brilliant gjort. Men det åpnar også for eit moralsk dilemma. Er det rett å gripe inn for å endre eit slikt stammesamfunn, eller ville det vere rettast å halde seg unna og la stammefolket vere i fred. Uansett kva ein gjer eller ikkje gjer, er det vanskeleg å unngå at det blir feil på ein eller annan måte.

Dette er så langt eg kan hugse den første boka eg har lest av ein afrikansk forfattar. Det gav meirsmak. Eg las boka saman med deltakarane i kjell k sin lesesirkel, der det var mange og interessante diskusjonar undervegs.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

En særs god , omtale du gir her, Jostein. Et særlig pluss for din disposisjon av linker, der du på en nærmest genial (for en ikke datakyndig som meg, særlig) måte får frem både lesesirkelen og alle kommentarene til denne boken underveis l hele felles-lese-tiden! Terningkast 6 går til Jostein Røyset, mine damer og herrer !

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol Skipnesgretemor