La inn ei lita bestilling på brasilianske bøker, som kom med kurér for litt sidan;

skriv bildebeskrivelse her

Jorge Amado: Tereza Batista Cansada de Guerra
(Tilgjengeleg på norsk: Tereza Batista)

Mário de Andrade: Macunaíma - o Herói Sem Nenhum Caráter
(Tilgjengeleg på norsk: Macunaima - helten uten noen karakter)

Pedro Gabriel: Segundo Eu Me Chamo Antônio

Michel Laub: Diário da Queda
(Tilgjengeleg på norsk: Fallet - dagboknotater, og kandidat til lesesirkelbok tidlegare i år)

Moacyr Scliar: Max e Os Felinos
(Boka var til ein viss grad til inspirasjon for Yann Martel sin Historien om Pi)

José Mauro de Vasconcelos: O Meu Pé de Laranja Lima
(Tilgjengeleg på norsk: Mitt søtappelsintre)

Seier meg særs nøgd med utvalet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har Faren ved å være Skrake leseklar i bokhylla. Gleder meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ser lovende ut. Eg tenker på å lese heile Bandini-kvartetten i løpet av det neste året eller så, og har Vent til våren, Bandini! ståande på vent i bokhylla. Gleder meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og den siste målsetjinga rauk, nesten som venta. Talet var 17 eit stykke ut i juni, og det var vel 23 ved månadsskiftet (fekk ein pakke med bøker frå Brasil). I løpet av sommaren stend eg i fare for å arve ein haug med bøker, så no spørs det ...

På den andre sida så ligg eg godt an med dei øvrige måla.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kan sikkert gå litt fort i svingane hjå forlaga også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å lese denne med eit ope sinn vil vere ein prestasjon. Sjølv om ein unngjeng å lese omtaler etc, vil eg tru det er vanskeleg å legge til sides forventningar til eit såpass sensasjonelt comeback.

Uansett, eg førehandsbestilte boka på bookdepository.com for nokre månadar sidan, og gleder meg til å sjå om den kjem i posten til veka, og ikkje minst til å lese den.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

I følge Aschehoug kjem den på norsk den 24. august. Det er også ein mandag, så på dette punktet stemmer i det minste opplysningane overeins.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heime igjen etter ei veke med kursing for hunden. Kven er det eg lurer, det var eg som blei kursa! Hunden kan det instinktivt. Det blei forøvrig lite tid til lesing, så det blir framleis En bønn for Owen Meany på nattbordet resten av helga.

På bilturen heim i dag høyrde eg forresten igjennom Siddhartha av Hermann Hesse. Det er sikkert ei veldig bra bok, men ikkje heilt min stil. Etter dei første to kapitla trudde eg det var skivebom, men eg likte historia noko betre etter kvart.

God helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har ikkje sjølv fått med meg nokon slike kommentarar. Men dersom du gjeng til "Diskusjoner" og "oversikt" vil du heilt nederst på sida finne eit søkefelt. Ved å skrive inn "Alf Prøysen" i søkefeltet (eller rett og slett berre trykke på denne lenka) får du opp ei lang, lang liste over kommentarar, både om einskildbøker og om Prøysen generelt.

Ein kan også søke på "Alf Prøysen" i "Finn en bok"-søkefeltet. Då får ein opp mange bøker av eller om Alf Prøysen. Eg ser at for mange av bøkene hans så er det nokon som har lagt inn omtale eller andre kommentarar. Det kan jo vere kjekt å lese desse også.

Lykke til!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det har vært travle dagar, så no blir det på ein måte godt med helg, men den blir travel den også ...

Gjetarhundkurset førre helg blei en så stor suksess at eg bestemte meg for å hive meg på eit vekeskurs med same instruktøren. Så søndag køyrer eg nedover til austlandet med familie og full pakke, camping- og badeliv for familien, og springe som ein tulling etter hund og sauer for meg.

Lesesirkelboka Sin egen herre blei eg ferdig med i natt, resten av helga blir det nok En bønn for Owen Meany, har ikkje kome vidare i denne sidan sist. Og på bilturen blir det lydbøker, tipper eg blir ferdig med My brilliant career av Miles Franklin, og kanskje også Anthem av Ayn Rand, som eg trur er ei ganske kort bok. Best eg lastar ned ei lydbok eller to til, for sikkerheits skuld.

God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

I prinsippet er det vel all slags boktekstar som kan lesast på eit elektronisk medium (PC, lesebrett, nettbrett, mobiltelefon ...). Det finnest også mange ulike filformat for E-bøker. Slik eg har forstått det er mange av datafilene til E-bøkene utstyrt med kopisperrer, for å sikre at folk kjøper bøkene i staden for å be om kopiar frå andre. Eg har ikkje nytta E-bok sjølv, så det beste eg kan gjere er å vise til wikipedia-sida om E-bøker (klikk for å gå vidare).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Set ekstra pris på at du startar denne tråden trass i bomullhovud etc. Måtte tilstanden vere kortvarig.

Eg gjeng ut frå at eg kjem i mål med lesesirkelboka Sin egen herre i helga. I tillegg har eg såvidt starta på En bønn for Owen Meany av John Irving. Det er den første Irving-boka eg les, så det er jammen på tide.

Så skal eg på gjetarhundkurs i helga, det er eit stykke unna og på bilturen så kjem eg til å høyre på My Brilliant Career av Miles Franklin, ei drygt 100 år gamal oppvekstskildring frå den australske landsbygda.

God Helg!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ha ha, det gjer eg også. Les bok medan eg stend i fergekø eller reiser med ferge, alstå.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg veit ikkje om vi snakkar om same problemet no, men eg får heller ikkje til å skrive enkelte "fnuttar" inn i tekstboksane her inne. Eg har inntrykk av at dette er eit problem som har oppstått nyleg. Måten eg løyser det på er å skrive i Word, og deretter lime inn i tekstboksa. Fungerer greit, men det kjekkaste er jo om ein får til å skrive det inn direkte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har att omlag 100 sider. Hundre norske sider, det blir vel omlag 1000 islandske

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kanskje. Kuriøst nok så har eg ved eit par høve støytt på liknande haldningar i Brasil, og der er det korkje vulkanar eller brear.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det virkar for meg som at det er ei oppfatning om at ferskvassfisk ikkje er bra for helsa. I kapittel 49, der bestemora fortel om jarnhelsa si til den nye huslæraren, seier ho:

Aldri i min tid har jeg sett noen omn, men så har jeg da aldri heller aldri vært sykelig så lenge det heter seg at jeg har levd, bortsett fra at jeg fikk kraftig kløe en natt da jeg gikk i mitt femtende år, men likevel ikke så ille at jeg ikke kunne stå opp om morgenen og ta meg av pliktene mine, og det hele skyldtes noe frisk mat som guttene den gangen hadde som vane å trekke opp av vannet der i traktene

Eg meiner eg såg eit tilfelle tidlegare i boka også, der Bjartur var skeptisk til ferskvassfisk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Klarinett og trombone her hjå oss. Fantastiske opplevingar i går med speling foran Eifeltårnet og Notre Dame.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølv likar eg det godt når der er innslag av dialekt i bøkene, men eg forstår godt at det kan øydelegge dersom ein ikkje får med seg innhaldet. Når det gjeld bokseriar, er det då ei forventning om at desse skal vere nokonlunde lettleste? Er dette bakgrunnen for at denne debatten tek utgangspunkt i bokseriar?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er med som forelder på korpstur i Paris. Nett no er det Eurodisney på programmet, eg har funne meg ein benk, ein kaffe og bok medan dei andre køyrer karusell. Alle får gjere det dei likar best, ypperleg det.

Nett no er det lesesirkelboka som er framme, eg sakka litt etter i veka som gjekk men no er eg snart på skjema igjen. Så tenkte eg at når ein først reiser til Paris så kan det passe å ha med nokre franske forfattarar i sekken. Derfor kjøpte eg med meg Så du ikke går deg bort av Patrick Modiano og Den fremmede av Albert Camus til turen.

God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Morten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaSigrid Blytt TøsdalIngeborg GBeathe SolbergSigmundRagnar TømmerstøTove Obrestad WøienGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F TislevollHeidi LJulie StensethKirsten LundGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenReidun Anette Augustinanniken sandvikEllen E. MartolHilde Vrangsagen